Reisebrev: «Promoting partnerships with our patient

Lisbeth Homlong

'Promoting partnership Eit aldri så lite reisebrev frå Tampere . LISBETH HOMLONG Redaktør og PhD stipendiat, Avdeling for allmennmedisin, HELSAM, UiO Frå 21. til 24. august vart Nordisk kongress i allmennmedisin arrangert i Tampere, Finland. I nydeleg seinsommarver valfarta meir enn 1100 allmennlegar frå 20 ulike land til Finland for å delta på den 18. nordiske kon.gressen i allmennmedisin. Her blei det nyaste innan primærmedisinsk forskning presentert og viktige røynsler frå klinisk praksis delt. Nordisk kongress i all.mennmedisin er ein viktig fagleg og sosial møteplass for forskarar innanfor primærhel.setenesta, så vel som for vanlege allmennlegar. I år inkluderte det faglege programmet 55 workshops og symposier, og 26 vitskaplege sesjonar og poster-presentasjonar, innan svært mange forskjellige primærmedisinske områ.der. I tillegg hadde kongressen eit rikhaldig sosialt program, inkludert lunsj-cruise på ein av innsjøane, kyrkjekonsert, pub-kveld, sight.seeing i byen og ein avsluttande bankett. Tema for årets kongress var følgjande: «Pro.moting partnership with our patients-a chal.lenge and a chance for primary care» . Årets kongress hadde deltakarar frå 20 ulike land, inkludert tilreisande heilt frå Australia. Sjølve kongressen heldt til i flotte Tampere Hall, eit framifrå lokale for eit slikt arrangement. Og det meste gjekk knirkefritt undervegs, så vidt eg kunne sjå. Deltakinga var naturleg nok størst frå dei nordiske landa. Frå Noreg deltok ca 70 stykker, inkludert ein stor delegasjon frå min arbeidsplass, Avdeling for allmennmedisin på Universitetet i Oslo. Mange av oss presenterte resultat frå forsk.ninga vår, frå ulike felt, under kongressen, mellom anna om antibiotikabruk i primær.helsetenesta, forskrivning av vanedannande medikament til eldre, ungdomshelse og bruk av akupunktur mot ryggsmerter. Nordisk kongress vert arrangert anna kvart år og arrangementet går på omgang mellom dei nordiske landa. Og i år var det altså Fin.land sin tur. Tampere er Finland sin nest stør.ste by og Nordens største innlandsby, der den ligg mellom dei to innsjøane, Nasijarvi og Py.hajarvi. Tampere vart grunnlagt av Gustav Ill av Sverige 1. oktober 1779. Den lokale vass.krafta gjorde at det var godt grunnlag for ut.vikling av industri i byen, og i løpet av 1800.talet vaks folketalet eksplosivt. Tampere blir gjerne kalla «the Manchester of Finland» på grunn av sin industrielle historie. Byen har i dag i overkant av 200000 innbyggjarar. I sitt val av tema for arrangementet peikar kongressleiinga på at allmennlegen og pasien.ten utgjer eit team som skal jobbe saman for å fremje pasienten sin situasjon og helse. Ofte kan også familie og nettverk vere invol.vert i teamet, på ulike måtar, saman med spesi.alisthelsetenesta og andre helsearbeidarar. All.mennlegen har ei viktig rolle som nettverks.byggjar: «Those networks, when acting pro.perly, are base don m utual respect and under.standing among the team members, including the patient. They are based on partnership.» Professor ved Ghent University i Belgia, Jan De Maeseneer, heldt den første felles føreles.inga på kongressen, «Person-and people.centredness: challenges for general practice» . Hovudbodskapet hans var at vi hos den multi.morbide pasienten, treng ein målorientert medisin, heller enn ei problemorientert vin.kling; «Treat the patient, not the target» . Å oppnå retningslinjedefinerte mål for blod.sukkerkontroll og blodtrykksseinking hos ein del av desse pasientane er ofte vanskeleg -og ikkje alltid til det beste for pasienten. Maeseneer trakk fram eit sitat frå lsaac Newton som kan vere verd å leggje seg bak øyret i denne saman.hengen: «Not everything that is countable co.unts. Not everything that counts is count.able» . Den belgiske professoren er vidare opp.tatt av aukande sosial ulikskap i helse, der vi har opplevd ei negativ utvikling i seinare år. For å snu dette, må vi også våge å tenke ann.leis. Maeseneer trekk fram såkalla «Commu.nity Oriented Primary Care» (COPC) som ein viktig strategi for å snu denne trenden. Vår eigen Kirsti Malterud, professor ved Universitetet i Bergen, heldt felles førelesing nummer to: « Voices from the margins .knowledge about strength and vulnerability in general practice» . Vi har mykje å lære av pasientar som ikkje er like oss sjølve, var hen.nar bodskap. Vi er gjerne best på dei proble.ma som gjeld majoritetsbefolkninga og veit ikkje alltid kvar vi skal leite når vi møter dei som befinn seg i randsonene. Professor i filosofi Martyn Evans frå Dur.ham University i England avslutta kongres.sen laurdag 24. august med eit lite dykk ned i den humanistiske sida av medisinen; «Medi.cine, the body and an invitation to wonder» -for kva plass har eigentleg humanvitskapen i medisinen? Kva plass har det subjektive per.spektivet i medisinen? Kva gjer vi når pasien.ten møter oss med eit problem som grensar opp mot meir eksistensielle forhold, når vi som legar har ein ekspertise som hovudsakleg dreiar seg om det konkrete og materielle. Evans argumenter for at døden og det at livet er forgjengeleg, er ei underkommunisert kjelde til forståing i lege-pasientforholdet, men at allmennlegen gjennom sin kontinuitet i lege-pasientforholdet, har ein unik posisjon til å kunne utnytte denne kjelda til kunnskap. Sjølv om det faglege er i fokus når ein er på TAMMERKOSKI-KANALEN TAMPERE KUNSTMUSEUM MED MUMMI-DALEN KUNSTMUSEM with our patients' kongress, er det også kjekt å sjå seg litt om. Særleg når dei seine augustdagane kunne by på eit snev av «Indian summer». Tampere by er vel ikkje førsteva! for nordmenn når vi skal velge reisemål for ein storbyweekend, men om du tilfeldigvis skulle hamne der likevel, så kan det vere verdt å merke seg at Tampere kan skilte med verdas aller siste Lenin-muse.um. Dette kan kanskje verke noko underleg, men historisk interesserte veit kanskje at Lenin budde i Tampere frå 1905 og to år fram- TAMPER-KATEDRALEN over. Det var mellom anna her han traff Stalin for første gong, under ein Bolshevik-konferan.se i byen. Lenin måtte så flykte frå Tampere i november 1907, då han vart jakta av det russis.ke sikringpolitiet, Ohkrana. Lenin returnerte ikkje til Russland før i 1917 då revolusjonen starta. Dessverre rakk eg ikkje å besøke denne attraksjonen. Det får bli ved neste høve. Andre interessante sjåverdigheiter for tu.ristar er Tampereen tuomiokirkko, eller Tampere-katedralen -ei arkitektonisk perle PYYNIKKI OBSERVASJONSTÅRN i Oslo. FOTO HASSE MELGYE med nydelege fresker av symbolisten Hugo Simber, Mummi-dalen kunstmuseum er po.pulær mellom barnefamilier, mykje av Tove Janssons kunst er utstilt der, og «Ishockey hall of farne» som ligg i museumskomplekset Vapriikki, for dei som måtte ha interesse i den retning. I tillegg byr Tampere på eit stort skogs-og rekreasjonsområde like nord for sentrum. Området er ideelt for løping og tur.gåing. Observasjonstårnet i Pyynikki-parken er også verdt eit besøk.

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf