LEDER: Noko som er større enn deg sjølv

Lisbeth Homlong

LEDER Nokosom er større enn deg sjølv Noreg er blitt til eit land der vi skulle ta litt frå dei rike og gi til dei fattige, til å bli eit land der alle skal bli rike, skreiv forfattar Jan Kjærstad i ein kronikk i Aftenposten like før stortingsvalet den 9. september. Vi har gått frå DNA til DNB. Frå å vere eit samfunn, er vi no eit firma, vi er ikkje lenger borgarar, vi er kundar. Spissformu.lert, ja, men uavhengig av politisk ståstad meiner eg at vi må kunne diskutere denne banktankegangen som etterkvart har sett sitt preg på staten Noreg -helsevesenet inkludert. Kva gjer det med oss7 I skrivande stund er sommaren definitivt forbi, septembersola varmar framleis, men lufta er skarp og blada på trea utanfor vindauget har byrja å bli gyldne. Heldigvis kan eg sjå tilbake på ein nydeleg sommar. I løpet av fire korte, varme ferieveker rakk eg å lese tre romanar som i utgangspunk.tet såg ganske så forskjellige ut. «Leve posthornet 1 » av Vigdis Hjort utkom i fjor og er ein roman som tek utgangspunkt i -av alle ting -innføringa av EUs tredje post.direktiv. Det er ein politisk roman -men også ei kjærleikshistorie. Boka handlar om Ellinor, ein kommunikasjonsrådgjevar i 30-åra, som kjenner på at tilveret er tomt og inautentisk. Pga omstende på jobben må ho overta jobben ein kollega hadde for Postkom, dei postilsette si fagforeining, der ho skal bistå dei postilsette i kampen mot innføringa av postdirektivet. I det Ellinor skal sette seg inn problematikken rundt dette, skjer det noko med henne og med innstillinga til livet. Det heile kulminerer under Arbeiderpartiet sitt landsmøte i 2011 då postdirektivet vart stemt ned. Den andre boka eg leste, var «Laksefiske i Jemen» av den britiske forfattaren Paul Torday frå 2007. Romanen handlar om den trauste, middelaldrande Alfred Jones som er forskar ved Nasjonal forskningssenter for forvaltning av fiskeressursar i London. Han lever i eit fornuftsbasert, ganske så traurig og barnlaust ekteskap med ein streng økonom. Ein dag får han på vegne av ein jemenittisk sjeik i oppgåve å utgreie muligheiter for å tilrettelegge for lakse.fiske i Jemen. Eit tilsynelatande umogleg prosjekt. Men Jones vert etter kvart fenga av ideen og kastar seg inn i prosjektet med entusiasme og glede. Det er fleire skjer i sjøen undervegs -Taliban blandar seg inn, politikarar på toppnivå engasjerer seg, det britiske byråkratiet får kjørt seg. Korleis det endar til slutt, skal eg ikkje avsløre her. Men boka er vittig, lesverdig og tanke.vekkande. Romanen «Shantaram» er ein murstein på over 900 sider. Eit uoverkomeleg prosjekt, tenkte eg først om denne internasjonale bestseljaren. Romanen er basert på forfattaren Gregory David Roberts sitt eige liv. Protagonisten Lin er på rømmen frå eit høgsikkerheitsfengsel i Australia, der han sat inne for fleire væpna ran. Han endar opp i Bombay, India. Etterkvart søkjer han tilflukt i slummen der han startar opp ein klinikk for 25 ooo sluminnbyg.gjarar, som sjølvlært «doktor». Historia tek mange vendingar, via Bombays tøffe mafiamiljø til geriljakrig i Afghanistan. «Shantaram» er ein forrykande røvarroman som umiddelbart fengjar. Den handlar om å gripe dagen, ta dei mulig.heitene som byr seg, fordi du må -og om prisen for å leve i fridom. Trass i enorme be-lastningar både fysisk og mentalt, gjennom tortur, fattigdom, krig, lever Lin vidare, aldri tenker han at han skal gi opp, gi seg over. Han berre lever. Eg undrar meg ofte under.vegs over kva som driver han. «Leve posthornet» og «Laksefiske i Jemen» handlar om å finne noko utanfor seg sjølv å engasjere seg i, å kjenne seg som ein del av noko -som har betydning i ein større saman.heng. Eg trur at ein del moderne helse.plager og auken av mentale lidingar i vårt vestlege overflodssamfunn kan ha samanheng med meningstap og mangel på ei slik overordna kjensle av å høyre til, å vere ein del av noko større. Og i det store og heile så trur eg ikkje at løysinga på desse problema ligg innanfor helse.vesenet. På den andre sida av velstands.Noreg, /inst ei anna røynd. Sjølv om avstanden til slummen i Bombay er lang, så finst det fattigdom og liding i Noreg også. Og sosial ulikskap fører i aukande grad til uhelse. For mange som fell utanfor handlar det mest av alt om å klare seg frå ein dag til den neste -og som legar har vi eit sosialt og etisk ansvar for å prioritere ressursane våre mot dei som treng oss mest. Lisbeth Hom/ang

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf