AF 75 år - fagforening og fagleg forening

Steinar Hunskår

RED. ANM. Allmennlegeforeningens 75-årsjubileum ble offisielt markert under Våruka i Bodø 22.-26. april AF 75 år -fagforening og fagleg forening . STEINAR HUNSKÅR • professor Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Helse, og Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB Eit tidsperspektiv på 75 år, åra sidan 1938, er eigentleg inga lang historisk tid for ei forei.ning, men likevel for lenge til at ein kan ha personlege erfaringar om alt. Mi markering er nokre refleksjonar over foreininga, historia og allmennmedisinen, slik eg har opplevd det. Lyrikaren Olav H Hauge (1-10) har i eit dikt omtala danninga av Aplf (Alment prak.tiserende Jægers forening), no Allmennlege.foreningen, slik: Ei svart prestekone er korni uventa til gards. Og ein gul ulv. Det er eit gamalt munnhell at legeforeininga ikkje er ein eigentleg organisasjon, men ein samansvergelse. Og som dermed berre har til oppgåve å beskytte medlemmene sine interes.ser, og elles skape uhygge og angripe verda utanfor. Sterk profesjonsidentitet med vekt på kollegialitet og intern justis vert trekt fram som noko negativt. Men nettopp dette er lau.get sitt sentrale kjennemerke. Arven frå bartskjærarane si tid kan vi trygt vedkjenne oss og vere stolte av, dersom den vert utøvd med klokskap og respekt for spelereglane. Bakgrunnen for mi frimodige tolking av Olav H Hauge sitt dikt har opphav i mitt ei.naste personlege møte med han, i 1973, då eg intervjua han for skuleavisa. Dette var like et.ter folkeavstemminga om norsk EF-medlem.skap, og i ei tid der Hauge var eit ikon for radikale grupper i kulturlivet. Unge Hunskår stilte med T-skjorte frå Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC. Da eg spurte Hau.ge om kven den svarte prestekona og den gule ulven var, såg han på meg og sa: Det må sjølv.sagt vere opp til lesaren. Men i ditt tilfelle må det vel vere EEC! Så i dag er det difor All.mennlegeforeningen! I mi jakt etter å gje refleksjonane mine ån.deleg innhald, har eg leita etter fleire passan.de utsegn i Hauges skrifter. Og for dei som ikkje er heilt oppdatert på norsk litteraturhis.torie: Olav H Hauge er ein særmerkt lyrikar, og kanskje den fremste norske modernisten. Han var fødd i 1908 og levde som gartnar og fruktbonde i Ulvik i Hardanger heile sitt liv til han døydde 85 år gammal i 1994. Hauge gav ut seks diktsamlingar, og laga også ein ABC saman med kona Bodil Cappelen. Han UTPOSTEN 5 • 2013 kunne engelsk, tysk og fransk, og gav ut fleire bøker med gjendiktingar av utanlandske po.etar. Etter hans død kom det fram at han skreiv dagbøker i 70 år, frå 1924 til 1994, i alt 4000 sider, utgitt i fem bind i år 2000. God le.snad! I ei fagforeining er det medlemmene som er grunnlaget for all framgang og aktivitet. I eit historisk perspektiv er det likevel ikkje alle enkeltmedlemmene, men den samla kraf.ta som er det sentrale, det å løfte i flokk over tid. Som Hauge seier det: Det rnunar ikkje rnykje Urn fuglen pikkar f1ell Og musa mig i havet. Men meininga var der lell. Og ein annan stad: Skogen stend, men han skifter sine tre. Det er dei tillitsvalte og alle som engasjerer seg, som gir grunnlag for innverknad og suk.sess. Og der har allmennlegeforeininga vare heldig. Gjennom alle år har den hatt flotte, markerte og viktige leiarar som gjennom langsiktig arbeid, harde forhandlingar og gode strategiar har ført faget og yrket fram.over. Det har ikk je alltid vare like enkelt, mange har vel oppfatta leiaroppgåva som å gjete kongens harar. Men kanskje er ikkje all.mennlegane dei verste like vel. Høyr berre kva Hauge seier om primærprodusenten og spesialisten: Kan du gjera eit vers som ein bonde tykkjer rnun i, skal du vera fornøgd. Ein smed vert du aldri klok på. Verst å gjera til lags er ein snikkar. Skal ein nå fram med synspunkta sine, må ein søke makt. Det er der politikken og vedtaka vert endeleg utforma. Først internt i legefo.reininga, dernest i forhandlingar med partar og styresmakter. I moderne tid har allmennle.gane hatt to slike viktige personar, Hans Kris.tian Bakke som var president i legeforeininga og heilt sentral i innføring av fastlegeordnin.ga, og no Trond Egil Hansen som visepresi.dent med betydeleg ansvar for kompromissa i balansen mellom styring og autonomi. Desse er det Hauge omtalar som modige maur, un.der bokstaven Mi ABC-boka si: med utgivelse av eget festskrift og jubileumsmiddag. Steinar Hunskår, forskningsleder ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedi. sin og professor i allmennmedisin i Bergen, holdt festtalen 24. april. Utposten har fått hans tillatelse til å trykke talen slik at enda flere kan få muligheten til å lese og glede seg over den. Ein modig maur kraup oppover ein staur og ville sjå seg om i verda. Kvar staur har ein topp. Der vart det stopp, og då han ikkje hadde venger korn han ikkje lenger. Men han var ein modig maur, han kraup ned at og f"ann seg ein annan staur. Begge desse leiarane og mange andre før dei, har kjempa for fag og rettar, berre få gonger har det blitt konflikt, sjølv om grasrota har vare i opprør eller til og med berre måteleg einig med leiinga, jamfør fastlegeordninga og no sist fastlegeaksjonen og ny fastlegefor.skrift. Hugs då at tunge våpen har sin største misjon ved sin eksistens, ikkje ved øydeleg.gande bruk: Eg er berre ei sleggje. Eg stend der no. Eg lyt berre til når det røyner på. Gjennom etablering av omfattande vidare-og etterutdanning har Allmennlegeforeningen tatt eit ansvar få andre fagforeiningar kan vise til. På same måte som lauget måtte godkjenne den nye meisteren, var legeforeininga fagleg garantist for at spesialistane hadde den naud.synte kompetansen. Kampen for spesialiteten i allmennmedisin var ein tung kamp som Aplf først måtte vinne internt, og som så mo.derforeininga førte eksternt, til slutt med hell. Overraskande og paradoksalt nok har Hauge tilsynelatande lite til overs for formalkunn.skap og kompetanse: År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene, du har samla deg meir kunnskap enn du treng til ni liv. Når det kjem til stykket, er det so lite som skal til, og det vesle har hjarta alltid visst. I Egypt hadde guden for lærdom hovud som ei ape. Vegen til å vite går i Norge, og kanskje typisk i allmennmedisinen, tradisjonelt gjennom det praktiske handlaget og erfart klokskap, det hjarta alltid har visst, som Hauge uttrykte det. På godt og vondt er den allmennmedisinske forskinga i samliv med ein slik kultur, og skal akademiske institusjonar bli tatt alvorleg, kan dei ikkje gløyme det. Det har vore, og er fram.leis, mange antiakademiske krefter blant all.mennlegane. Og dei får støtte av Hauge: All vitskap er vøv. Berre å flytta på drit. Og så rekna på kor langt det er rnillorn dungane. Likevel er historias dom over allmennlege.foreininga at den har vore heilt avgjerande for framveksten av eit allmennmedisinsk akademi, av undervisning, forsking og utgje.ving av faglitteratur. Det gjeld gjennom eta.blering og finansiering av dei allmennmedi.sinske institutta, ved faglitteratur, gjennom Allmennpraktikarstipend, allmennmedisin.ske forskingseiningar og no sist Allmennme.disinsk forskingsfond. Produkta av slik verksemd er oftast skrift.leg materiale. Vi treng allmennlegar som skriv forskingspublikasjonar, rapportar, fag.bøker, vurderingar, høyringsuttalar, strategi.dokument og grunngjevingar. Mykje av det akademiske er eigentleg heilt naudsynt tre.ning i å formulere og framføre dei gode sa.kene på allmennmedisinens vegne. Vi skal takke alle dei som tek seg tid til slikt arbeid i alle deler av foreininga, og eg har sjølv hatt gleda av å skrive eit kapittel om dette i jubile.umsboka som kom i dag. Sjølve skrivinga hadde jo Hauge stor sans for, han verdset ein god tekst, og understreka at det ikkje berre er enkelt å formulere seg godt, jamfør kunsten å skrive spontane for.slag for votering under landsrådsmøter: Desse små versi kan då ikk je ha kosta deg stort' Berre nokre papirlappar, og litt blekk, -dei små ord i kjern då av seg sjølv? At du ikkje prøver sjølv då-med vers? Olav H Hauge levde einsleg i 68 år før det kom ei kvinne og bokstaveleg talt tvinga seg innpå han; biletvevaren Bodil Cappelen, som er 83 år. Først sambuarar og deretter som gif.te, til saman i 19 år. Eg veit at samanlikninga haltar, men verken eit samliv på 19 eller ein samlevnad på 23 år kan kailast eller utelatast som eit intermesso. Eg må difor omtale tilhø.vet mellom Aplf og NSAM (Norsk selskap for allmennmedisin), som vart starta i 1983 utan Aplf si støtte, med utspring i dei akade.miske allmennmedisinmiljøa. Det handla om børs og katedral, fagforeining og fagleg forei.ning, avhengighet og uavhengighet. Etter om lag 20 år med splid, mistru og konkurrerande aktivitetar, starta prosessen med å sameine kreftene, godt understøtta av den allmenne organisasjonsprosessen i legefo.reininga med oppdeling i yrkesforeining og fagleg foreining frå 2006. Allereie no kan vi konkludere med at grepet vart ein historisk suksess, med sterkare organisasjonar, med godt gjennomslag for sakene på begge fron.tar. For i moderne tid handlar det nok ikkje om å bestemme sjølv eller å ha forvaltnings.ansvar, men å på verke. Ja, høyr berre kor godt det kan refererast frå årsmøta i 2006: El vane rnøtest, kvar frå sitt fjell. Grip kvarandre i hendene. Blandar sin song og sitt blod. Held fram einige, sterkare, snåvar ikkje so lett i steina ne: turrskodd skal ingen vassa oss no! Men dette slitet med organisasjon og fag: Kvifor gjer vi det' Eigentleg' Eg håpar framleis svaret er: For pasienten! Tillit -Trygghet -Tilgjengelighet. Desse orda må ha reelt innhald, også på pasientane sine premissar, sjølv om det betyr fleire hei.mebesøk, lengre opningstider og krav til ven.te-og svartider. Vi må gå framfor, ikkje verte innhenta av overmodne samfunnskrav og framstå som bakstrevarar: Katten sit i tunet når du kjern. Snakk litt med katten. Det er han som er varast i garden. Som allmennlegar skal vi legge avgjerande vekt på pasienten si forståing av situasjonen, og gje mest til dei som treng mest. Dette skal allmenn.legen kunne. Ofte kan det vere så lite som kan vere avgjerande, men det må prioriterast: Det var lite for deg, men rnykje for meg: Eit smil då det galdt og eit handtrykk var alt Olav H Hauge hadde psykiske problem frå ungdommen av og var tvangsinnlagt fieire gon.gar på Valen psykiatriske sjukehus. Det kan vere nyttig å høyre pasienterfaringane hans: ....75..ÅRS.-j U.B.1.LE.UM................... . Eg tek vanvit som den store nåden den er, og takka for det eg fekk sjå og høyra . ... Dei fyr.ste åri eg var sjuk var ei herleg tid, full av syner og rus, gledesferder til framande klotar, gjes.tingar av gud ar og gudinner... l)ei seinare gongane eg har gjenge yver dørstokken og korne i slik tilstand, var mindre forvitneleg, eg skriv det til all medisinen og all sjokkinga som doktarane no driv med; det tener til å dra dei attende til gråe kvardagen att, det vil segja til «normale», gråe, kjedelege menneske. Og eg vil påstå at Hauge går Kierkegaard ein høg gang når han minner oss om at informa.sjonen skal tilpassast person, tid, stad og situa.sion: Korn ikkje med heile sanningi, kom ikkje med havet for min torste, korn ikkje med himmelen når eg bed om ljos, men korn med ein glimt, ei dogg, eit fjom, slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget og vinden eit korn av salt. Kva har dei første 75 år lært oss? Det må vere at det nyttar å løfte i flokk. Og at ein må stå på vidare. Som Hauge seier i dagboka: Det me eig er fortida og framtida. Notida er rne aldri herre over. 75 år er ingen alder for foreiningsarbeid. Som oppfordring til fortsatt godt arbeid, avsluttar eg med eit utdrag frå dagboka i 1975: Teit blad har Bodil nett lese um ei dansk etter.røkjing; Det viser seg, seier vitskapsmennene, at mannfolk kan vere seksuelt aktive til dei er 90, urn dei elles er friske. Så ho er optimistisk! Ho trur eg kan halda på å pula henne til eg er 90, skynar eg. Ja, ja, det er ikkje meg i mot, men det skal vel godt gjerast. Me er no ein gong byrja på hjonskapen, og so fær me sjå etter kvart kor lenge rne held ut! Gratulerer med dei første 75 år og lukke til med arbeidet dei neste! REFERANSAR I. Cappelen B, Hauge OH. ABC. Oslo: Samlaget, 1986. 2. Cappelen B, Spaans R. Tid å hausta inn: 31 for.fattarar om Olav H. Hauge. Oslo: Samlaget, 2008. 3. Hauge OH. Dikt i samling. 9. utg. Oslo: Samlaget, 2010. 4. Hauge OH. Tusvik S (red). Dagbok 1924-1994: utval. Oslo: Samlaget, 2011. 5. Hauge OH, Cappelen B. Brev 1970 -1975. Oslo: Samlaget, 2011. 6. Hauge OH. Dagbok 1924-1994. Bel. 1-5. Oslo: Samlaget, 2000. 7. Hauge OH. Dikt i umsetjing. 4. utg. Oslo: Samla.get, 2009. 8. Skjerven A, Bergo Sl. Olav H. Hauge og bygda. Oslo: Samlaget, 2008. 9. Vold JE. Under Hauges ord. Essays, samtalar, brev, dikt, fotos. Oslo: Samlaget, 1994. Hl. Åmås KO. Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H Hauge. Oslo: Samlaget, 2004. Ste i nar.hunskar@igs.uib.no UTPOSTEN 5 • 2013

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf