Ei historie om ein roman eg aldri har lest

Lisbeth Homlong

. JOYCE Ei historie om ein roman eg aldri har lest . LISS ETH HOM LONG } } } Kurbadet Legesenter og Statens helsetilsyn å eg var yngre var eg opptatt av at eg Dburde ha lest alle sentrale klassiske litterære verk og ikkje sjeldan hend.te det at eg gav inntrykk av at eg hadde lest ferdig bøker som eg eigentleg ikkje hadde orka å fullføre. Eg har stort sett lagt av meg denne hangen til litterær forfengelegheit. Eg kan itil dømes ikkje skryte på meg å ha lest James Joyce sin vidgjetne roman Ulysses frå perm til perm -sjølv om roma.nen er eit av dei mest sentrale litterære verka i det førre hundreåret. Rett nok var eg ein av mange som fekk romanen i vel.komstgåve frå Bokklubben Nye Bøker tid.leg på 90-talet. Sidan har den stort sett stått urørt i bokhylla. Berre tatt ned i samband med flytting, tatt opp att og sett i nye hyller i nye heimar. I haust var eg ute for ei surrealistisk, men ganske fin oppleving. I samband med eit seminar i Dublin gjekk eg innom Sweny's apotek som er detaljert skildra i romanen. Leopold Bloom, hovudpersonen i Ulysses, besøker dette apoteket og hen.dinga går føre seg i kapittel fem i romanen. «He waited by the counter, inhaling the keen reek of drugs, the dusty dry smell of sponges and loofahs. Lot of time taken up telling your aches and pains.» (1) Medan han ventar på apotekaren kjenner Bloom den søte lukta av sitronsåpe ved dis.ken og han endar opp med å kjøpe med seg eit såpestykke. Sitronsåpa vert framleis seld på apoteket. Sweny's har eksistert sidan 1847 og lite skal vere endra sidan den gong. I dag vert apoteket halde ved like av ein liten gjeng lokale Joyce-entusiastar som arrangerer daglege opplesingar frå J oyce sine litterære verk, inkludert Ulysses, Dubliners og Finne.gans wake. Det var ei slik opplesing av Ulys.ses eg tilfeldigvis vart ein del av. Opplegget er som følgjer: ei lita gruppe som inklude.rer dei faste entusiastane, turistar og andre tilfeldig forbipasserande les eit kapittel i romanen høgt saman, alle deltakarane må lese på omgang og opplesinga varer i to ti.mar. Det vert servert kjeks og varm te med mjølk og sukker. Romanen vert lest krono.logisk og til saman tek omkring fem måna.dar å lese den ut frå perm til perm. Når dei er ferdig startar dei på nytt. Slik har dei halde på i årevis. «I always discover somet.hing new!», sa ein av dei lokale entusiasta.ne, ein raudmussa ire med kulemage, sann.synlegvis i 60-åra. Inne på ei antikvarisk apotek, skjerma frå alle andre inntrykk; med avslått mobil.telefon, fann eg meg sjølv sitte og lytte til dei andre som las, før det var min tur og eg måtte lese, konsentrert for å få med meg det som stod på boksidene og for å sikre best mogleg engelsk-uttale. Der og då var eg i villreie om dette berre var rart eller ei slags sublim «life changing experience». Etter ein og ein halv time opplesing var eg dessutan ekstremt tissetrengt etter all te.drikkinga og forsøkte på diskre vis å finne ut om det fanst eit toalett på huset. Det fanst heldigvis. Tilbake til bokhylla i heimen: Eg saknar kjensla av å la meg rive med, å vere full.stendig oppslukt, slik at eg ikkje klarer å leggje ei bok frå meg. Derfor er eg tilbøye.leg til å hente fram ei krimbok når eg vil slappe av. Den krev så lite av meg. Eg kan berre lene meg tilbake, snu side etter side, og vips så er eg ferdig, mysteriet er løyst, gjerningsmannen avslørt, spenninga for.løyst. Det er greitt det. Men det kjennest gjerne ut som når eg har ete ei heil plate mjølkesjokolade med kvikklunsj og ein «dæsj» havsalt. Det er godt så lenge det står på, men etterpå vert eg litt kvalm. Derfor har eg ikkje slutta å lese lødig lit.teratur. Sjølv om Ulysses enno er upløgd mark, så har eg lest ei rekkje bøker som eg har hatt stor glede av og som har gjort djupt inntrykk dei seinare åra. Eg har sam.la ei knippe favorittforfattarar som eg føl.gjer; Ian McEwan, Joyce Carol Oates, J.M. Coetzee, Jonathan Frantzen, Siri Hustvedt, Alice Munro. Munro skriv noveller som rommar heile liv og som eg ser på som ei.neståande kunstverk. Av norske forfattarar er eg spesielt begeistra for Vigdis Hjort, Agnes Ravatn og Carl Frode Tiller. Eg har reflektert over kva det som gjer at bøker av desse forfattarane gjer inntrykk på meg. Eg har reflektert over balansen mellom leseglede og litterær kvalitet. Professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Erik Bjerck Hagen, presenterer i boka Litteraturkritikk (2) ein diskusjon rundt litterær kvalitet. Han stil.ler spørsmål om kva det som gjer at ei bok er god eller dårleg og han presenterer ei rekkje estetiske krite rar for kva som skal til for at noko skal vere godt: «originalitet, kompleksitet, oppriktighet, følsomhet, in.tensitet, virkelighetsskapende evne, mo.ralsk alvor, kognitiv dybde og fremmed.het». Når litteraturen kjennest brutalt gjen.kjenneleg og verkeleg, er den god for meg. Som når du kjenner den søte og friske luk.ta av sitronsåpe på Sweny's apotek. «Mr. Bloom raised a cake to his nos. trils. Sweet lemony wax. -I'll take this one, he said.» Etter turen til Dublin tok eg dei to binda av Ulyssesned frå hylla og bladde litt formåls.laust rundt. No ligg dei på nattbordet og eg har lest to kapittel. Eg veit ikkje om eg klarer å fullføre. REFERANSER 1. Joyce, James: Ulysses, Penguin Modem Classics (2000). Paperback. With an introduction by Declan Kiberd. 2. Bjerck Hagen, Erik: Litteraturkritikk. En intro.duksjon. Universitetsforlaget, 2004. . LISBETH.HOMLONG@)HOTMAIL.COM UTPOSTEN 8 • 2015 li

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf