Omstilling ved lokalsjukehus – Nordfjord sjukehus som modell for ‘Framtidas lokalsjukehus’

Odd Søreide

Omstilling ved lokalsjukehus -Nordfjord sjukehus som modell for 'Framtidas lokalsjukehus' . 000 SØREIDE• Leior avstyringsgruppa, professor dr med. og prosJektleder Bakgrunn Helse-og omsorgsdepartementet vedtok i føretaksmøte for Helse Vest RHF i april 2orr å gjennomføre eit nasjonalt prosjekt ved Nordfjord sjukehus (NSH) for å utvikle sjukehuset til eit tidsmessig lokalsjukehus for Nordfjord (sju kommunar; folketal ca 3 2 ooo; opptaksområdet for NSH er noko mindre). NSH er organisatorisk ein del av Helse Førde HF saman med Lærdal sjuke.hus (lokalsjukehus) og Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Førde (SSF; hovudsjuke.huset). Dei tre sjukehusa dekker behovet for spesialisthelsetenester innan somatikk i Sogn og Fjordane fylke (folketal 107 000), Ved NSH er det og eit distriktspsykiatrisk sjukehus (Nordfjord psykiatrisenter), Bakteppet for prosjektet var vedtak i Hel.se Førde HF i 2010 om å omforme NSH, frå eit «tradisjonelt» tredelt lokalsjukehus, til eit distriktsmedisinsk senter, Vedtaket før.te til eit oppheta offentleg ordskifte med eit sterkt politisk engasjement, ein lokal.sjukehusaksjon med ei aktiv rådgjevande helsefaggruppe, og ei tydeleg lokalpresse. Synspunkta var sterke mot Helse Førde HF og sentralsjukehuset og mot leiing og styre som og deltok i ordskiftet. Mandatet stadfesta at det framleis skulle vere eit sjukehus på Nordfjordeid. Prosjek.tet skulle gje tilråding om kva pasientretta aktivitet som kunne bli organisert ved NSH for pasientgrupper som i framtida vil ha størst behov for helsetenester lokalt, de.sentralisering av spesialisthelsetenester og rolla til lokalsjukehusa. Prosjektet skulle og vurdere og gje tilråding om endra opp.gåvefordeling mellom nivå i helsetenesta med vekt på samhandlingsreforma og end.ringane i oppgåver og ansvar for aktørane som følgjer av denne. Forslaga skulle vere berekraftige over tid. Det skulle vere eit tilbod om døgnbe.handling innan indremedisin, og støttete.nester innan radiologi og laboratorietenes.ter tilgjengelege heile døgnet. Arbeidet skulle bygge på omtalen av lokalsjukehus og deira rolle i Nasjonal helse-og omsorgs.plan 2orr-2or5. Stortinget si presisering om at anestesi skal vere ein del av teneste.tilbodet låg og som ein føresetnad. Vedtak om nedlegging av fødeavdelinga og ortope.disk døgnbehandling vart stadfesta, Vurde.ringane skulle og omfatte tverrfagleg, spesialisert rusbehandling og psykiatri. Prosjektet vart tilført 7 5 millioner kroner som skulle støtte omstillinga, Utviklingsprosjektet vart leia av Helse Vest RHF og vart organisert med styrings.gruppe, prosjektgruppa (med underliggan.de arbeidsgrupper), og ei brei samansett referansegruppe, Helse Førde HF og kom.munane var med i styrings-og prosjekt.gruppa og i arbeidsgrupper på like fot, og tillitsvalde og brukarrepresentantar var representerte. Ei nyskaping var og ei følgje.forskingsgruppe som ga faktakunnskap til prosjektet. Om grunnlaget for forslaga I planlegging må vi vite om og forstå be.folkninga sitt historiske «forbruk» av so.matiske spesialisthelsetenester i opptaks.området til NSH. Analysane viste mellom anna at • NSH dekka om lag 42 prosent av døgn.og dagbehandling og 39 prosent av poli.klinikkaktiviteten. Dette viste at folket i Nordfjord ikkje berre er avhengig av te.nestene frå NSH, men og av Fylkessjuke.huset i Sogn og Fjordane (FSS) og region.sjukehuset (Haukeland universitets.sjukehus; HUS). Polariseringa retta mot FSS, tente ikkje folket/pasientane i Nord.fjord sine interesser. • Pasientane frå dei 7 kommunane brukte sjukehusa ulikt, sannsynlegvis grunna i innarbeid praksis og forventningar frå befolkninga utvikla over lang tid. • Kirurgisk ØH-aktivitet, definert som akuttinnlegging der det vart utført eit ki.rurgisk inngrep, utgjorde 8 prosent av døgnbehandlingsaktiviteten. Også pasi.entane i Nordfjord skal sjølvsagt ha eit godt kirurgisk akuttilbod, men å basere vidare aktivitet ved NSH med dette som hovudargument, vert for snevert. • I Nordfjord, som i landet elles, brukte 10 prosent av pasientane om lag 50 prosent av heildøgnaktiviteten. Desse «storfor.brukarane» var dei multisjuke eldre med behov for tenester frå fleire spesialitetar. • Den polikliniske aktiviteten var om lag 1200 besøk pr, 1000 innbyggarar; ca 34,000 årlege polikliniske besøk for Nordfjordregionen samla, Ein stor del, varierande frå spesialitet til spesialitet, kunne skjøttast desentralt, dvs ved NSH. • Analyser av «Raud respons» (AMK) grunna utrykking for traume/multitrau.me, viste at dei alvorleg skadde pasien.tane gjekk direkte til traumesjukehuset (FSS) eller til det regionale traumesente.ret ved HUS. Det var dei minst alvorleg skadde pasientane som vart lagt inn ved NSH, mange av dei vart behandla poli.klinisk I ein 3-års periode var det ikkje utført hemostatisk naudkirurgi ved NSH. • Aktiviteten ved skadepoliklinikken var konsentrert til dagtid, svært sjeldan til natt. Dette var grunnlaget for samarbeid med den interkommunale legevakta. Det inngjekk i mandatet å etablere og utvi.kle det tidlegare planlagde rusbehand.lingstilbodet ved Nordfjord psykiatrisen.ter, Det vart utvikla ein modell for rus.omsorga som er omtala i Stortingsmeldin.ga om rus (2012; Nordfjord-modellen). Ein identifiserte områder der spesialisthelsete.nesta kunne støtte opp under kommune.helsetenesta slik føringane i Samhand.lingsreforma la opp til; til dømes innan . smittevern og på legemiddelfeltet (farma- I UTPOSTEN Z • 2015 .fl NORDFJORD SJUKEHUS-MODELL si-fagleg rådgjeving; samstemming av lege.middellister, legemiddelbruk i sjukehei.mane og i heimetenesta). Grunnlaget og modell for tenester for eldre med saman.sette medisinske problemstillingar og for pasientar med behov for koordinerte, lang.varige tenester vart og utgreia. Det vart avsett midlar til ombygging for å legge til rette for auka dagbehandling (dialyse, kreft-og infusjonspoliklinikk) og for å få på plass betre tilhøve for den interkommu.nale legevakta (fem kommunar). Problem.stillingar knytt til spørsmålet om lokal lei.ing, og til regionalt samarbeid vart og ut.greia. Korleis står det «nye» Nordfjord sjukehus nå fram? Fundamentet for «nye» NSH er bygd på at tenestene som kan og bør leverast lokalt skal desentraliserast. Rolla til eit lite lokal.sjukehus kan neppe byggast på dei «få», akutte pasientane som så langt hadde fått størst merksemd. Sjølvsagt skal også desse ha eit tilbod som er trygt og likeverdig med det alle andre får. Lokalsjukehuset må og skal vere ei viktig brikke i eit større system, men er neppe levedyktig aleine. Framtidas lokalsjukehus ved NSH kviler på • Døgnbehandling konsentrert om akutt indremedisin og som er basert på ldåre faglege tilrådingar og felles prinsipp og retningslinjer for heile føretaket. • Dagbehandling er styrka, inkludert dag.kirurgisk aktivitet. Etablering av nye til.bod (til dømes hjarterehabilitering) og utviding av dialyse (frå tre/fire til sju be.handlingsplassar), styrking av kreftpoli.klinikken og etablering av infusjonspo.liklinikk (cytostatika, biologiske lege.middel). • Poliklinikk-aktiviteten er styrka og ut.vida med fleire spesialitetar med grunn.lag i analysane nemnd tidlegare. Det er etablert nye, tverrfaglege polikliniske tilbod for pasientar med behov for lang.varige og koordinerte tenester, og for pa.sientar med samansette psykiske og fy.siske behov (til dømes ved kognitiv svikt). Ein avtalespesialist i augesjukdo.mar er tilsett med arbeidsplass på NSH. • Skadepoliklinikk (24/7). Det vart utvi.lda ein driftsmodell med samarbeid med den interkommunal legevakta som var lokalisert ved NSH. Ca 2 200 pasientar år.leg unngår ekstra reisetid til FSS. • «God start»-eining. Etter nedlegging av fødeavdelinga ved NSH skjer lågrisiko.fødslar ved Volda sykehus (Helse Møre og Romsdal) i eit avtalebasert samarbeid, medan risikofødslar skal til fødeavdelin. ga ved FSS. «God start»-eininga ved NSH er resultatet av ein driftsmodell utvikla ved Helse Førde HF, med vekt på god og heilskap leg svangerskapsomsorg, og med døgn-tilbod til dei fødande som ønskjer eit opphald etter fødselen i trygge om.gjevnader. • Nytt tilbod om tverrfagleg, spesialisert rusbehandling basert på «Nordfjord.modellen» (døgn-, dag-og poliklinisk behandling). • Styrking av akuttpsykiatrisk tilbod ved det distriktsmedisinske senteret ved NSH. • Røntgen-og laboratorietenester -vida.reføring med døgntilbod (NSH har ein vel utstyrt og moderne røntgenavdeling med ultralyd, CT og MR). • Styrking av kompetanse. Det er utar.beidd ein kompetanseplan og tilført midlar for å realisere denne. Utvida og målretta bruk av telemedisin går inn i dette og der tilbod til kommunane inn.går. Prosjektet har og drøfta prinsipp for samar.beid på tvers av regiongrensene der forstå.ing av regionaliseringsprinsippet (frå 1974; den viktigaste helsepolitiske reforma dei siste 50 åra) og at føringane i den organi.serte traumeomsorga (basert på planarbeid i alle RHF frå 2007) står fast. Endringane som vart føreslegne er i ho.vudsak implementerte slik eg har oppfatta det, både innan somatikk, psykiatri og TSE. Det er nå tilsett lokal leiar ved NSH. Styra i Helse Vest RHF og Helse Førde HF skal handsame status for gjennomføring av lo.kalsjukehusmodellen våren 2015. Refleksjonar i ettertid «Alle» vil ha utvikling av spesialisthelsete.nesta, men svært få vil ha endring. Endring har, slik eg ser det, vore og er og blir norma i helsetenesta. Og drivarane for endring er i hovudsak ikkje å finne i ressursmangel og såkalla «kutt» eller reduksjon i budsjetta. Mykje av den faglege utviklinga i mo.derne medisin er sentraliserande av natur; meir avansert og teknisk krevjande utstyr som krev stort nok volum, tilpassa kompe.tanse og investeringar, auka spesialisering som fragmenterer medisinen og medfører behov for eigne vaktteam, større merk.semd i det offentlege rom på kvalitet og pasientsikkerheit, er nokre døme på det som «driv» sentraliseringa. Men den faglege utviklinga har og som motstykke at medisinsk praksis kan desen.traliserast, stor-volum aktivitetar som poli.klinikk og auka dagkirurgi er døme på dette. Og spesialisthelsetenester som kan leverast lokalt må jo vere eit gode for pasi.entane når reise-og transporttid kan redu.serast monaleg og tenestene kan gjevast med god kvalitet. Stemmene i ordskiftet i Nordfjord var høge, og dei faglege argumenta både mot endring (fastlegane/kommunelegane) og forendring (sentralisering; legane ved FSS) var sterke. Stikkorda var kvalitet og hand.tering av akutte tilfelle, spesielt akuttki.rurgiske/ortopediske pasientar og risiko ved auka transporttider. Min observasjon var, i Nordfjord som ved andre mindre sjukehus, at likelydande faglege argument fører til diametralt for.skjellege konklusjonar. Og kva empirisk grunnlag bygger ein på når endringar i ein liten del av akuttilbodet vil medføre dra.matiske og negative konsekvensar for be.folkninga? Og kvifor er det slik at endrin.gar-ikkje nedlegging-i eit sjukehustilbod alltid berre har negative konsekvensar for befolkninga samla sett? Det har vore eit tankekors at alle disku.sjonane om eit lokalt spesialisthelsetenes- 11•• UTPOSTEN 2 • 20151 NORDFJORD SJUKEHUS-MODELL tetilbod omhandlar somatikk. Psykiatri og rus utgjer bort i mot en femtedel av total.aktiviteten, uttrykt i ressursar, i spesialist.helsetenesta. Ei styrking av desse to sekto.rane som ved NSH representerer ikkje ei nedbygging av tenestetilboda. Det vart hevda at endringane ved NSH fører til at ein ikkje lenger har noko sjuke.hus. Mange etterlyser «standardar for lo.kalsjukehus» og ein definisjon av sjuke.husomgrepet. Eg vil tru at ein slik defi.nisjon, om den nokon gong kjem, ikkje kan knytast til talet på senger, eller til kor mange døgnbehandlingsaktivitetar og spe.sialitetar som skal vere i sjukehuset. Tvert om, det er type spesialisthelsetenester og at kontakten med sjukehuset utløyser ein veldefinert og sikker kjede av tilbod, lokalt eller på høgare nivå, tilpassa tilstanden pa.sienten har, som må karakterisere dei min.ste sjukehusa. Tilpassa aktivitet for dei mange er viktigare enn tilbod til det sjeld.ne og uventa. Dei akutte tilfella må og sik.rast gode tilbod, men løysinga er ikkje sta.tus quo. Lokalsjukehusstrukturen i Norge er his.torisk grunngjeve, skulle vi bygd ein ny struktur basert på stoda i dag, ville vi ha hatt eit anna bilde. Vi må forstå at det ligg forplikting ar i dette; mellom anna er sjuke.hus viktige arbeidsplassar og representerer ein tryggleiksbase for folk. Men fortida sin måte å forme og drive lokalsjukehusa på løyser ikkje dei utfordringane vi har i dag. Eg vil argumentere for at ei god, empirisk grunngjeve omstilling er det som sikrar be.folkninga eit lokalt spesialisthelseteneste.tilbod for mange og som kan sikre drifta ved fleire lokalsjukehus. Føresetnaden er ein tettare integrasjon med hovudsjukehu.set i føretaket, ikkje minst for å sikre og oppretthalde kompetanse. Det kjem ein ny nasjonal helse-og sjuke.husplan høsten 2015. Den vil nok ikkje se.mentere gamle ideologiar, myter og inter.esser dersom vi skal legge helseministeren si «sjukehustale» i januar 201 s til grunn. «Framtidas lokalsjukehus» er ei nyskaping for organisering og drift av lokalsjukehus og som og viser veg for eit utvida og betre integrert samarbeid mellom spesialisthel.setenesta (sjukehus, føretak), kommunane og fastlegane. Det ansvarlege politiske nivået, dvs ord.førarene, i Nordfjord-kommunane var ak.tive pådrivarar og støtta prosjektet og tilrå.ingane. Haldninga i befolkninga veit ein mindre om. Min spådom er at den varierer og er mellom anna forma av eigen sjuk.dom, familien sin og/eller omgjevnaden sine erfaringar med spesialisthelsetenesta samla sett. Den lokale sjukehusaksjonen var og er framleis sterkt kritiske til premis.sane for og endringane ved NSH, men en.gasjerte seg ikkje inn mot prosjektet. Fast.legane var og tydelege på at dei ønskte å bevare NSH som det var, men deltok i ar.beidsgrupper med konstruktive innspel. Sluttrapporten (mars 2013) og grunnlagsmateriale er tilgjengelege på http://www.helse-vest.no/no/ FagOgSamarbeid/Framtidaslokalsjukehus/Sider/ default.aspx. . 00-SOE@)ONLINE.NO I UTPOSTEN Z • 2015 ill

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf