Ekstremveret Nina 10. januar 2015 – helsetenesteberedskap i ein øykommune

Sverre Rørtveit

Ekstremveret Nina 10. januar 2015 -helsetenesteberedskap i ein øykommune . SVERRE RØ RTVEIT • Kommunelege i Austevoll kommune Ekstremveret var varsla tre dagar på førehand, og me følgde her i Austevoll utviklinga av vindvarsela med betydeleg bekymring. Me er ein øykommune med knapt 5000 innbuarar, utan fastlands.samband, og fem store bruer bind dei største øyane saman internt. Det er eitt legekontor på kvar av dei to stør.ste øyane, og me har ambulansestasjon med ambulansebil og -båt. Me har eiga le.gevaktordning internt i kommunen, men den telefonmottakande legevaktsentralen er lokalisert til Os og er felles for fleire kommunar. Med orkanen «Dagmar» i minne, som la sentrale samfunnsfunksjonar daude i flei.re døger i delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i desember 2orr, så var det all grunn til å tenka seg om i forkant om kva som kunne skje. Vonleg scenario 9. januar Vermeldinga som vart sendt ut fredag 9. ja.nuar gjekk ut på at det «berre» kom til å bli vestleg full storm. Stormsenteret ville ram.ma lenger nord på Vestlandet med full tyngde, her av sterk storm eller orkan styr.ke. Kommunikasjonen mellom dei ansvar.lege i kommunen si redningsteneste og meg som medisinsk beredskapsansvarleg gjekk då på fredagen ut på at det hos oss ikkje var behov for ekstraordinære tiltak fordi • bruene ville vera køyrbare for vanlege bilar. • eventuelle straumstansar kunne ventast å ikkje bli veldig langvarige. • ferjene til fastlandet kunne forventast å gå. • ambulansebåten ville kunna gå over fjorden med pasientar, eit alternativ kunne vera å legga inn pasientar med ferje og ambulansebil. Reelt venteleg scenario 10. januar Men morgonen laurdag ro. januar vakna me til eit eit endra varsel frå Meteorologisk institutt: Ekstremveret ville ta ein litt sør.legare bane, og treffa sentrale delar av Hor.daland med størst tyngde. Vindstyrken vil.le bli sterk storm eller orkan frå vest. Det kunne ventast at alle dei fire kulepunkta ovanfor ville svikta, og det var naudsynt med betydelege beredskapstiltak. Kriseførebuingar Nokre av oss ringde rundt, og det vart av.talt krisemøte på den lokale brannstasjo.nen tidleg på føremiddagen. Lensmann, brann/redning, vakthavande lege og eg som medisinsk beredskapsansvarleg lege, og ambulansetenesta var der. Frå helsesida iverksette me dette: • Ved manglande kjørbarhet over bruene: -Ein lege skulle stasjonerast på kvart av dei to legekontora, og ein ekstrainn.kalt ambulansemann med reserve-bi.lambulanse skulle stasjonera i lag med legen på det minste legekontoret. -Vakthavande lege stasjonerast på ho.vudlegekontoret • Dette vart kommunisert til befolkninga ved masse-sms frå Austevoll kraftlag, ved lensmannen sine facebooksider, og ved opplysning på dei to lokale nettavi.sene • Ved kommunikasjonssvikt (umogeleg for publikum å komma fram via telefon til legevaktsentral eller medisinsk naud.nummer) • Den beskrivne utplasseringa av ressurs.ar skulle også gjelda for denne situasjo.nen Delvis samanbrot i samfunns.funksjonar utover dagen 10. januar Frå kl 12 stoppa ferjesambandet til fast.landet, som venta, og kom ikkje i gong att før påfølgande morgon. Frå kl r6r 5 om lag forsvann straumen, også som venta, og var vekke deretter i om lag eit døger på dei to største øyane, til dels lenger på delar av an.dre øyar. Me iverksette då den beskrivne utplasseringa. Vinden var på det sterkaste ca kl r6-r9, eg trur den var då dels av sterk storm styrke og dels av orkan styrke, og minka utover kvelden til full storm styrke. Kommunikasjonsmessig så var det kommunale radionettet fungerande med radio-til radio-samband og delvis til nau.detat-sentralane i Bergen. Mobiltelefon fungerte også delvis. Då vindstyrken min.ka litt utover kvelden, var bruene kjørbare og det virka som at mobiltelefon virka så.pass at det gjekk an å ringa legevaktsen.tral, sjølv om straumen framleis var vekke. Me gjekk då utpå kvelden ro. januar tilba.ke til vanleg alarmering av vakthavande lege, basert på at LV-sentralen ringde vakt.havande lege opp når publikum kontakta legevakt. Eit spesielt kritisk problem var den man.glande stramforsyninga til sjukeheimen i kommunen. Naudstraum ved straumag.gregat var ikkje etablert til sjukeheimen, slik at sjukeheimen vart mørklagt, med angst til følge for pasientane og rådville for personalet. Elektriske dører fungerte ikkje, og ein dement pasient som flykta ut gjen-. nom vinduet frå rommet sitt vart så vidt berga inn att. I UTPOSTEN Z • 2015 .fl EKSTREMVÆRBEREOSKAP 11.januar: Mindre vind, men manglande straum og kommunikasjonar Om morgonen søndag r r. januar viste det seg at både mobiltelefoni og kommunalt radiosamband var heilt vekke, antakeleg pga at naudstraumkapasiteten til basesta.sjonane var oppbrukt. Ved kurer-beskjedar vart informasjon gjeve om nytt krisemøte, no på på det lokale Kraftlagsbygget (der naudstrøm var etablert), på føremiddagen. Der var same etatar som ved møtet ro. ja.nuar, i tillegg til Kraftlaget og representant for rådmannen i Austevoll. Det vart orientert om utsiktene til at straumen skulle bli reetablert i Austevoll (sannsynleg ila ettermiddagen rr. januar for dei to største øyane), og det vart lagt plan for skaffing av naudstraum til dei vik.tigaste basestasjonane for radionett og mo.bilnett på ein av fjelltoppane i kommunen, i løpet av den følgande timen. Dette vart gjort av kraftlaget og den kommunale red.ningstenesta, mobilleverandørane Telenor og Netcom såg me ingen ting til. Det vart orientert om etablering av aggregat til pleie-og omsorg (PO)-senteret (ro. januar: etablert straum med mindre aggregat til minimumsbelysning, rr. januar skaffa større aggregat frå Bergen som vart tilkjørt med første ferje, som etablerte straum både til oppvarming og belysning til storparten av FO-senteret). Helsesida sine disposisjonar: Bruene var godt kjørbare frå ro. januar om kvelden, men frå r r. januar var det ikkje fungerande telefo.nisamband. Derimot var det ein viss grad av fungerande sms-teneste, og via Kraftlaget si sms-massevarsling vart det informert til pu.blikum at lege no ville vera å finna på sjuke.heimen. På dei to legekontora vart det skrive oppslag om dette. Både vakthavande lege og medisinsk beredskapsansvarleg lege etabler.te seg på FO-senteret, og to ekstra-innkalte ambulansemannskap fungerte som ordon.nansteneste, men desse to vart snart aktivi.sert i innkjøring av eldre personar som trang innlosjering på sjukeheimen. Naudstraumen som vart re-etablert til ba.sestasj onane sørga fora t radio-til-radio-kon.takt fungerte, men det var ikkje radiokon.takt med AMK-eller LV-sentral. Derimot vart det formidla kontakt til den interkom.munale legevaktsentralen, som er lokali.sert til Os kommune, via ein lokalitet i Aust.evoll der Os sitt radionett kunne nåast, slik at legevaktsentralen fekk informasjon om legetenesta sin mellombels lokalisering. Gradvis re-etablering av straum og kommunikasjonar utover dagen 11.januar Det var nytt krisemøte på Kraftlaget kl 15. Der var ovannemnde instansar, i tillegg til ordførar og rådmann. Kraftlagsstyraren in.formerte om at straum i løpet av den kom.mande timen villle bli re-etablert til meste.parten av dei to største øyane. Dette skjedde også. Mobiltelefoni vart deretter litt bedre fungerande, men det var ikkje full framkommelighet på mobiltelefon li.kevel. Radionettet fungerte framleis berre i radio-til-radiomodus. Vakthavande lege hadde då fått straum til legekontoret, og etablerte seg på Storebø legekontor. Då det kl r8 hadde vore stabil straum i to timar, og mobiltelefoni kontakt med LV.sentralen såg ut til å fungera på geografiske punkt med sikt til fjelltoppar, gjekk me på nytt over til å ha ordinær alarmering av lege via telefon til og frå LV-sentralen. Det.te fekk me Kraftlaget til å informera om ved SMS-masseutsending. Helsetenesta sine disposisjonar, kva fungerte bra og kva fungerte dårleg: • Bra: -Samarbeid og samordning med kom. munal redningsteneste, kraftlaget og politiet var viktig -Det å forutsjå ferjestopp, straumstans og kommunikasjonsbortfall var viktig -Det å etablera seg på to geografiske sta. der med ekstra lege og ekstra ambu. lanseressurs, var viktig -Det at me kunna nytta masse-kommu.nikasjon, spesielt Kraftlaget si masse.sms-utsending, for å informera, var svært viktig • Usikkert: -Gråsoner med usikkerhet om kva tid me skulle gjenoppta den ordinære alarmeringsmodus for legevaktkon.takt, via LV-sentralen, då mobiltelefo.nien fungerte delvis • Læringspunkt: -Det bør på førehand vera lagt planar for dei punkt me har vore gjennom i dette ekstremveret. Det var ikkje lagt slike planar no. -Dei ansvarlege for naudetatane har før bede kommuneleiinga om at det skulle iverksettast ein prosess for utarbeiding av planar for spesifikke samfunnskata.strofer, der ekstremver er eit av fl eire vik.tigde område. -Det må skaffast eige aggregat til sjuke heimen, med god nok kapasitet. Dei fles.te vil seia at dette er sjølvsagt, og stilla store spørsmålsteikn ved kvifor det ikkje var gjort frå før. Også andre viktige insti.tusjonar i kommunen (brannstasjon og legekontor mellom anna) må sikrast med naudlogistikk, både straumaggre.gat og anna. Ekstremveret var ei nyttig erfaring. Kommunen sine naudetatar gjorde, saman med kraftlaget, politiet, ambulansetenesta og PO-tenestene, ein enorm innsats under ekstremveret. Antakeleg var omlag 60 per.sonar i full aktivitet med krisearbeidet desse to døger. Det var ei spesiell erfaring å arbeida saman med alle desse ansvarsfulle og uthaldande medarbeidarane. Det kjen.dest godt å erfara den gjensidige solidarite.ten i lokalsamfunnet i ein slik situasjon. Me er også glade for at det kraftlaget vårt har solid lokal forankring i kommunen, me føler oss ikkje sikre på at krisemann.skap ville ha blitt mønstra i ein så storstila skala med framande eigarar. « Nina» var i grunnen eit relativt «snilt» ekstremver. Me kan komma til å oppleva atskilleg verre hendingar enn dette. Erfa.ringane som denne dama gav oss, var ei.gentleg ei kommunal beredskapsøving i stor skala. Også den kommunale legetene.sta må vera med og ta ansvar i slike situa.sjonar. . SVERRE.RDRTVEIT@AKNETT.NET 111 UTPOSTEN 2 • 2015:

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf