LYRIKKSTAFETTEN

LYRIKKSTAFETTEN I den lyriske stafetten vil vi at kolleger skal dele stemninger, tanker og assosiasjoner rundt et dikt som har betydd noe for dem, enten i arbeidet eller i livet ellers. Den som skriver får i oppdrag å utfordre en etterfølger Slik kan mange kolleger få anledning til å ytre seg i lyrikkspalten. Lyrikk er den skjønnlitterære sjangeren som eg kjenner meg mest heime i. Ordknapp og meiningstett. Kan vera lang. Kan vera kort, og såleis passa godt til det rastlause i livet. Lyrikken gir også stort rom for tolkingar. Det gjer teksten slitesterk. Forståinga av inn.haldet blir fort ein spe gel av mitt eige liv. Utfordringa frå Petter Øgar og Utposten kom for to månader sidan. Eg har vakla mellom ulike dikt og diktarar. Det er så mykje lyrikk som har betydd og framleis betyr mykje for meg. Ein diktar kjem eg li.kevel ikkje forbi. Det er Kolbein Falkeid. Han er fødd i 193 3, og kom ut med den ny.aste boka si seinast i haust. Han kan det med å skriva korte tekstar. Mange av dei gir slitesterke bilete på levd liv. Dei vekslar også ofte mellom det nære og det fjerne, det kjende og det ukjende, det trygge og det uvisse. Eg har vald ut to korte dikt. Begge hand.lar om døden. Dette er dikt om eg har i dag.boka mi. Som leiar og som lærar har det hendt at eg på særs kort varsel har måtta seia nokre ord i samband med meir eller mindre venta dødsfall. Då har det vare godt å ha dei der. Døden Snakket alltid hebraisk før Den var utenlandsk, uforståelig og skremmende for en heimføding Nå gnåler den som en valgtaler Jeg.finner nok frem Døden er ikke så skremmende som før. Folk jeg var glad i har gått foran og kvistet løype. De var skogskarer og fjellvante. Jeg finner nok frem. Begge dikta er trykte i Samlede dikt. Falkeid, Kolbein. Oslo: Cappelen, 2003 Eg utfordra Eivind Meland, men han var så tidsaktuell at han tok etappen før meg. Så utfordret han Esperanza Diaz. Med venn/eg helsing GEIR SVERRE BRAUT .il UTPOSTEN 2 • 20151

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf