Utpostens dobbeltime: Traust totning med tæl - Kari Sollien intervjuet av Lisbeth Homlong

Lisbeth Homlong

UTPOSTENS DOBBELTIME I raust totnin Kari Solli en . 1NTERvJuET Av ussETH H .ML. NG Handlekraftig, uthaldande og med stålkontroll på tal og rekne.stykke er ord som vert brukt om vår fremste tillitskvinne. Dessutan bærer ho gjerne stein, hogger ved og har fagkunnskap om alt frå fingerhekling til avanserte broderiteknikkar. Den 43 år gamle totningen Kari Sollien vart i vår samrøystes valt som ny leiar i All.mennlegeforeningen. Ho har allereie lang fartstid som tillitsvalt, etter ti år i organisa.sjonen, dei to siste åra som nestleiar og skulle dermed vere godt rusta for oppgåva. Den sindige opplendigen tek imot meg på Legenes hus på Christiania torv der ho loser meg trygt oppover korridorane opp til kontoret sitt i tredje etasje. Eg synast eg kan ane ein viss nervøsitet, men ho vert raskt varm i trøya, når dei politiske sakene kjem på dagsorden. Vil gjerne bestemme Kva likar du best med foreiningsarbeid? -Du meiner å spørre kva gevinsten er? Ho ser tenksamt ut vindauget. -Det har eg tenkt mykje på i samband med at eg stilte meg til disposisjon for å bli leiar. Eg opp.lever at det er gevinstar på mange plan. Eg har eit ønskje om å mobilisere dei til.litsvalte på grasrota, det er viktig for meg. Det er også ein gevinst i å vere med og på.verke og bestemme viktige rammevilkår for yrket vårt. Eg har nok ein driv etter å få vere med på å bestemme. Eg vinn også på det personlege planet. Eg møter mange kjekke folk, det er utruleg lærerikt, og eg får oppleve mykje. Kva saker brenn du for? -Før eg fekk dei sentrale verva, så enga.sjerte eg meg i arbeidet med legevakttene.sta lokalt. Den interkommunale legevakta på Gjøvik er min baby. Den opna i februar 2005 etter ein lang prosess der saka hadde gått gjennom ei omfattande utgreiing og til slutt vedtak i sju forskjellige kommune.styrer. Dette var ein svær lokal prosess som trengte forankring både i fagmiljø og på det politiske planet. Og vi fekk det til! Eg lærte mykje av dette, spesielt om korleis kommuner fungerer. Legevakt er ei sak som står høgt oppe på dagsorden, og i den nye regjeringserklæ.ringa er det ei klar målsetning at legevakta skal satsast på. Kva tenkjer du om det? -Ja, det har dei sagt! -Vi får sjå, legg ho til med eit talande smil. -Eg tenkjer at det trengst! Og eg håper at satsinga får eit inn.hald. At det ikkje berre vert ord og fagre løfter. Når det er sagt; legevakta er den de.len av den kommunale legetenesta som strevar mest, så her trengst det eit om.fattande arbeid. Kva gjer foreininga i høve til den saka no? -Vi jobbar på fleire frontar. Det viktigas.te er avtalen vi har med Kommunenes sen.tralforbund (KS). Der er det no brot i for.handlingane om rammeavtalen rundt legevakt i kommunene. Avtalen regulerer mellom anna arbeidsvilkår på legevakt, ar.beidstid og vernebestemmingar. Vi ventar no på nemndbehandling. Elles er det også eit satsingsområde for Legeforeningens sentralstyre. Her handlar det meir om på.verknad på politisk plan, å påverke politi.karane til å bruke pengar på feltet. Er det mogleg å få til forsvarlege arbeids.kår i alle avkrokar rundt omkring i lan.det? -Vi bør i alle fall få til at det skal vere støttepersonell til stades på alle legevakter. Framleis er det sånn mange stadar at legen står åleine og gjer alt sjølv, inkludert å ta telefonen. Her må ein satse på ei struktu.rell opptrapping, for å betre støtten rundt legevaktslegen. Det spørs om kommunene finn pengar i sine budsjett til å få dette til. Trur du ikkje det må politisk vilje på eit overordna plan for å få det til? -No når det vert etablert kommunale akutte døgnsenger rundt omkring, som skal vere eit alternativ til sjukehusinnlegging, så er det eit håp om at kommunene vert meir merksame på det som skjer på legevakta. Hovuddelen av akuttinnleggingar til sjuke.hus frå primærhelsetenesta skjer på lege.vakt. Derfor bør det vere naturleg for kom.munene å satse på legevaktstenesta. Sollien medgir at det er ei fare at lege.vaktslegen mange stader vil få større ansvar og ei meirbelastning i samband med akutt.sengene, dersom det er dei same le gane som skal gjere dette arbeidet. Ho er klar på at det pr. i dag ikkje er kapasitet i legevaktstenesta til åta på seg dette arbeidet. li UTPOSTEN 7 • 2013 UTPOSTENS DOBBELTIME tæ -Ikkje den legevaktstenesta eg kjenner, i alle fall, legg ho lakonisk til. -Eigentleg har legevaktstenesta for dårleg kapasitet slik det er i dag. Eg håper at vi framover kan få synergieffekter. At kommunene får eit incitament til å utvikle både eit godt døgntilbod og ei god legevakt. Kvantitet og kvalitet Er det andre saker som du -eller dykk-er spesielt opptatt av? -Det er litt uvant dette med «vi meiner dette», og ikkje «eg meiner», men det må eg vel venne meg til, ler ho. -Men, uansett; opptrappingsplanen for fastlegeordninga er den andre store hovudsaka vi fokuserer på. Kapasiteten i fastlegeordninga må bli betre. Og kvaliteten. Men eit problem er at vi veit for lite om kvaliteten på tenesta vi tilbyr, utover at folk oppgir at dei er fornøgde. Er ikkje det eit for grovt mål på kvalitet? -I vårt samfunn er det eit viktig mål, men elles manglar vi instrument for å måle kvaliteten, medgir Sollien. Har du tankar om korleis vi kan gjere dette betre? -Vi har no fått igjennom at eit senter for allmennmedisinsk kvalitet, SAK, skal opp.rettast. Ei arbeidsoppgåve for SAK kan vere å utarbeide kvalitetsmål, og verkty for å måle og følgje opp lesse. Slike typer verkty finst allereie og vi må bruke dei meir syste.matisk enn i dag. Både for lokal kvalitets.forbetring ute på ulike legesentra, som det har vore mest fokus på, men også aggre.gerte data på eit overordna plan. Men då treng vi også ressursar for å få dei implementert, innvender Utpostens ut.sendte. Og ressurstilgangen er allereie eit problem. Når eg snakkar med allmennle.gar rundt omkring, så er folk generelt misnøgde med rammevilkåra, inkludert den dårleg lønsutviklinga og dei aukande kostnadene til drift. Kva gjer foreininga med dette? -Vi er opptatt av det heile tida, under.streker foreiningsleiaren, -og avtalane våre vert reforhandla regelmessig. Det vik.tigaste verktyet vi har i den samanheng, er inntekts-og kostnadsundersøkinga. Der strever vi med dårleg svarsprosent. Vi har ikkje fått den endelege rapporten for i år, men det ser ut til at vi får rundt 20 prosent oppslutnad. Sett i lys av at dette er det vik.tigaste forhandlingskortet vårt, skulle eg ønskja meg betre oppslutnad. Det er ikkje samsvar mellom dette og at folk klager over rammevilkåra. Vi må sjå på om vi kan endre undersøkjinga på ein måte som gjer det enklare å svare. Bekymring for framtida Sjølv synast eg at det har blitt tyngre å vere allmennlege i løpet av dei åra eg har jobba som fastlege. Og eg er bekymra for korleis det skal bli i framtida. Både eg og mange andre opplever det slik. Korleis skal det gå med entusiasmen for faget? -Eg har også opplevd det sånn. Vi får det travlare og travlare. Dette er ei utvikling som ikkje kan halde fram. Då vil det i ver.ste fall bli slutt på heile fastlegeordninga. Opptrappingsplanen for fastlegeordninga er eit viktig tiltak i så måte. Det må endrin.gar til både på kapasitets-og kvalitetssida. Kva konkrete tiltak er det som ligg i opp.tra ppingsp I anen? -Dokumentet er utarbeida av AF og NFA i samarbeid. Den er konkret både på mål og verkemiddel, med tanke på rekrut.tering, vekst og for å halde på folk. Det er ikkje nok å rekruttere dei unge inn, vi må også halde på dei gode folka. Derfor ser vi på verkemiddel både i starten og slutten av ei fast.legekarriere. Opprusting av legevakta og opptrappings.planen for fast.legeordninga er saker som står på dagsorden for den nye AF-leia ren. Det er mange som gir seg, også i den eldre delen av fastlegekorpset. Kvifor er det slik? -Det er vel eit uttrykk for at du ikkje orkar å ha det så intenst travelt, kanskje. Og at det er dårleg med retrettmuligheiter. Ingen seniorordningar. Kva med delelisteordninga? -I den delen av karrieren då ein har my.kje kunnskap som ein kunne ha utnytta, så er det ikkje ei ålreit løysing at det einaste UTPOSTENS DOBBELTIME I valet du har er å trappe ned, og samtidig gå ned i inntekt. Dårlege pensjonsordningar er også ei utfordring. At ein må sørge for seg sjølv når det gjeld sjukdom og pensjon, er baksida av medaljen med å vere sjølv.stendig næringsdrivande. For min del må eg seie at fordelane med å vere sjølvstendig fortsatt tel positivt på vektskåla. Meiner du at framtida ligg i at alle skal vere fastløna? -Nei, det meiner eg ikkje, seier ho be.stemt. -Det er veldig mange fordelar med å vere næringsdrivande. Det å ha eigeskap til eigen praksis gjer at du investerer meir i praksisen -på fleire plan. Stykkpris har også ein positiv verknad på effektivitet og ventetid, sjølv om ein kan diskutere om det kan ha gått for langt. Men eg trur ikkje vi skal slå heilt om til den andre sida. Likar å treffe folk Kva likar du minst med å vere tillitsvald? -Det har eg ikkje tenkt på! Likar du alt? -Eg likar ikkje alt like godt. Situasjonar der eg må fronte saker eg ikkje er heilt samd i, kan vere ei utfordring. Dersom vi som foreining har fatta eit vedtak eg ikkje er heilt komfortabel med, så kan det kjen.nest litt ubehageleg å vere i front. Og der.som foreininga har ei meining, ein etablert politikk, då er det den som gjeld. Det hen.der eg må gå på akkord med meg sjølv, noko som ikkje alltid er like greit. Kva trivst du best med? -Ut og treffe folk! Medlemsmøter der mange møtest for å diskutere utvikling av politikk saman. Trivst du godt med å vere i front? Ho drar på det. -Eg veit ikkje heilt. I utgangspunktet har eg ikkje eit stort behov for å eksponere meg sjølv. Men det er ein del av jobben som eg må tåle. Inntil no har eg sluppe eit stort fokus på meg sjølv, sjølv om eg har delteke på alle arenaer der eg ha hatt påverknads.kraft. Så dette er nytt med leiarrolla. Er det spesielle eigenskapar du har som gjer at du eignar deg for å vere leiar? -Eg veit ikkje om eg er så ekstraordinær på nokon måte. Eg meiner at eg er lyttande og raus som type. Og at eg slepp til andre og gir dei lov til å vere gode på det dei er gode på. Beslutningsdyktig er eit ord som går igjen. Kari Sollien trivst med fagforeningsarbeid og vil gjeme vere med å bestemme. -Ta, og handlekraftig, supplerer ho. -Det er nok ingen som synast at eg er vinglete. Men samtidig er eg ikkje redd for å skifte meining dersom eg skjønar at eg har tatt feil. Det er ikkje sånn at når eg har bestemt meg for noko så held eg på det. Eg kan klare åta beslutningar og leve med at eg tok feil i etterkant, så lenge risikoen ikkje er for stor. Ein allmennlege må vere beslutningsdyk.tig, men samtidig leve med at han av og til tar feil. Er dette noko du har lært av yrket ditt? -Eg trur eg alltid har vore slik. Samtidig er eg slik at eg tenker positivt, at ting helst vil gå godt. Eg er optimistisk av natur. «stuck» Den nye AF-leiaren har jobba i allmenn.praksis sidan 1999, og fram til september i år jobba ho som fastlege på Kapp legesen.ter på Østre Toten, med ansvar for omkring 900 listepasientar. Vervet i foreininga betyr at ho er heilt ute av klinisk allmennpraksis etter å ha vore fast fastlege i r 3 år. Ho vil bli sakna av pasientane sine, men fortel at mange også er stolte og har ønskja ho luk.ke til. -Akkurat no ser eg praktisk på det, legg ho til. -Det hadde ikkje vore mogleg å få til begge deler. Men eg saknar arbeidsmiljøet og kollegane mine. Eg har tatt farvel med nokre av favorittpasientane mine, dei som er veldig gamle, som kanskje ikkje er der når eg kjem tilbake. Skal du tilbake i praksis etter at du er fer.dig med vervet? -Ta, pr. i dag har eg ingen planar om å bytte arbeid. Utgangspunktet mitt er to el.ler fire år borte. Då er eg uansett godt under 50 og ser for meg fleire gode år i praksis. Det at eg no jobbar for den jobben eg skal tilbake til, er bra i høve til min funksjon i leiarvervet i dag. Kvifor blei du allmennlege? -Eg hadde tenkt å bli kirurg, svarer ho kjapt. -Men så vart eg gift med ein bonde på Toten. Dessutan trivst eg, og det var vik.tig. Seinare skilde eg meg frå bonden, men ikkje frå allmennpraksis. Marit Hermansen, leiar i Norsk forening for allmennmedisin (NFA) har sagt at framtida i norsk distriktsmedisin ligg i at kvinnelege legar giftar seg med bøn.der. -Ta, då er du «stuck», ler ho. -Eg er sjølv mor til ei odelsjente, så eg er like opptatt li UTPOSTEN 7 • 2013 UTPOSTENS DOBBELTIME Den nye AF-leiaren vår er ikkje redd for fysiske utfordring ar. Her er ho på toppen av Preikestolen. av landbrukspolitikk som helsepolitikk. Dottera mi er r 3 år og går på ungdomssku.len. Kva er du interessert i utanom fag og for.eining? -I kvardagen blir det lite tid til anna. Men eg har vore flink til skilje mellom jobb og fritid. Det er verre som foreiningsleiar. Det er ei rolle eg går inn i i større grad enn i legejobben, så det kan vere vanskeleg å leg.gje vekk telefonen. Elles likar eg å drive med praktisk fysisk arbeid. Eg går gjerne, både på beina og på ski. Eller bærer stein rundt i hagen. Når eg sit, strikkar eg. Kva er det du strikkar for noko då? -Alt mogleg. Akkurat no restegarnssok.kar. Eg har gått eit år på husflidskule. Teik.ning, form, farge og søm. Så eg kan alle moglege teknikkar innan handarbeid. Eg hadde dessutan ei mormor som passa på oss unga medan foreldra våre var på jobb. Ho heldt familien gåande og lærte meg strikking og anna handarbeid. ring av stein, hogge ved og andre bondske saker, innvender intervjuobjektet når vi nærmare oss slutten av samtalen. Ho skun.dar seg å leggje til at ho også likar seg i byen. Skal ho og ektemannen kose seg ei helg, reiser dei til København eller ein anna storby. Italia er ein favoritt. Ho snak.kar dessverre ikkje italiensk sjølv, men er glad i det gode liv, italiensk mat og vin. Ho studerte dessutan i Oslo på 90-talet, og fø.ler seg nesten som tilbake i studiedagane når ho tek handveska og ruslar frå sentrum og oppover mot Bislett, der ho har ei leileg.heit. Ho trivst med det. Er det elles noko vi treng å vite om deg? -Eg er ein traust totning som jobbar langsiktig, det er sanninga. Trond Egil Hansen (den førre leiaren i AF) meiner at du bruker Toten-dialekta di for det den er verd? -Det er berre den eg kan! Han meiner at du dermed framstår min.dre arrogant enn dei som snakkar glatt Oslo-mål? -Det kan vere rett! Det påverkar korleis folk oppfattar meg -på godt og vondt. Eg høyrest kanskje ikkje like smart ut. Det høyrest ille ut, men slik er det. Toten-dia.lekta vert brukt når noko skal vere artig eller koseleg -og bondsk. Kjell Inge Røkke gjorde narr av Sylvia Brustad (ho er rett nok ikkje er frå Toten, men Hedmark) -han som har ei brei dialekt sjølv. Han kunne likevel tillate seg å gjere narr av dialekta hennar. Av og til er folk meir opptatt av forma enn innhaldet. For nokre verkar dia.lekta mi slik at alt eg seier blir artig eller koseleg. Og det er eg ikkje alltid ute etter. Men alt i alt er der fleire fordelar enn ulem.per. -Når han Sigbjørn Johnsen kan, så kan je! Traust totning < < Eg er ein traust totning som Det høyrest kanskje litt kjedeleg ut dette, at eg berre er interessert i strikking og bæ-jobber langsiktig, det er sanninga ) ) UTPOSTEN 7 • 2013 li

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf