Leder: Fastlegen framleis best i klassen

Lisbeth Homlong

Leder: Fastlegen framleis best i klassen LEDER Fastlegen framleis best i klassen ta tak i. Alt dette har det blitt snakka om opp og i mente i årevis, men lite vert gjort, kommenterer Regin Hjertholm, som i ei årrekkje har stått i bresjen for satsing på IKT i primærhelsetenesta. Ein veit allereie mykje om kva som trengst, likevel har styresmaktene sett i gong nye utgreiingar. No må vi vente på den nye eHelse-meldinga. Er dette eigentleg naudsynt7 Utposten fei rar i år 40-års jubileum. I samband med dette har vi dette året forsøkt å reflektere over kva vår eiga rolle er i norsk allmennmedisin. Det historiske er ein ting, godt doku.mentert ved det fyldige intervjuet med Utpostens pionerar, Per Wium og Harald Siem, som vi presenterer i dette nummeret av bladet, ein annan ting er framtida. Kor går vi vida re? Kva skal Utposten vere for norsk allmennmedisin i framtida7 Her treng vi lesarane si hjelp' På våre nettsider er det lagt ut ein link til ei brukarundersøking om Utposten som vi håper alle kan ta seg tid til å svare på. Jubileet vårt vert elles markert med eit jubileumssymposium under PMU i Oslo 22.oktober. Tema er følgjande: Korleis skrive og formidle vårt fag7 Steinar Hunskår og Magne Nylenna skal innleie til diskusjon rundt emnet. Vi oppmodar alle som har høve til å delta 1 Lisbeth Homlong UTPOSTEN 5 • 2012 Etter ein regnfull og altfor kald sommar som heldigvis vart avslutta med to veker under ei varmande sol ved Middelhavet, finn eg meg no tilbake i mitt sjølvpåførte, men friviljuge, eksil frå fastlegeyrket. Den noko meir flegmatiske kvardagen som PhD-student er ganske så ulik den intensive og travle fastlegekvardagen. Eg kjenner meg privilegert som kvar dag, i ro og mak, kan sette meg fram-for PCen og fordjupe meg i eit forskings.prosjekt -og det på staten si rekning' Men innimellom tek eg meg i å lengte tilbake til pasientane, variasjonen og mangfaldet, kjensla av å oppnå umiddel.bare resultat av det arbeidet eg gjer. Så planen er førebels å vende tilbake til klinisk allmennmedisin når ei doktor.grad er i boks. I så måte vart eg møtt av svært motiver.ande nytt første dagen på jobb etter ferien. For femte år på rad toppar nemleg fast.legane lista over dei offentlege tenestene som det norske folk er mest nøgde med. Årleg gjennomfører Norsk kundebarometer ved Handelshøgskulen Bl denne under.søkinga. Med 81 av 1 oo moglege poeng ser det altså ut til at den fastlegeordninga vi har per i dag fungerer godt sett med det norske folk sine auge. Folk flest er nøgde med fastlegen sin' Snittscoren for dei offentlege tenestene samla sett er 67, så sett i høve til det, ligg vi godt an. Eit atterhald når det gjeld denne type brukarundersøkingar, er om popularitet i alle tilfelle er av det gode. Er det gitt at høgst mogleg score betyr at fastlegen yter ei optimal teneste? Vi må av og til passe på at vi ikkje endar opp som slavar av det som pasienten til ei kvar tid måtte ønskje seg. Men uansett, så er det gledeleg og inspirerande med slike nyhende etter den prosessen vi har vore gjennom tidlegare i år i samband med det omstridde forslaget til ny fastlegeforskrift. Det må bety at mykje av det vi gjer i primærhelsetenesta per i dag er bra og rett. «Never change a winning team» lyder eit kjent slagord. No når vi har fått det endelege resultatet på bordet, så kan det sjå ut som om helsestyresmaktene har tatt omsyn til dette i den endelige utarbeidinga av den nye fastlegeforskrifta. For at pasientane skal få eit bra tilbod er også vår eigen trivsel i yrket viktig og det har vore aukande misnøye dei siste åra både i høve til rammevilkår og lønsutvik.ling. Forbetringspotensiale er der i mange ledd. IKT er eit sentralt felt der endringar vil kunne lette kvardagen og heve kvaliteten på det arbeidet vi gjer. Framleis sender NAV pasientlister på diskett. Framleis har vi ikkje eit fungerande, felles adresseregis.ter. Vi manglar dataverkty for elektronisk overføring av EPJ, elektroniske data må dermed printast på papir. Helsekort for gravide er framleis berre på papir. NAV sender papirpost, sjølv om ei elektro.nisk løysing lenge har leie fiks ferdig på NAV-leiinga sitt bord. All sjukemeldings.funksjonalitet innan IKT ute i primærhelse.tenesta får null finansiering. Ingen helse.føretak har førebels tatt i bruk eResept. Dette er berre noko av det som ein må

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf