Teieplikta - ei norm i grenseflata mellom legen, pasienten og samfunnet

Geir Sverre Braut og Gorm Are Grammeltvedt

Teieplikta - ei norm i grenseflata mellom legen, pasienten og samfunnet GEIR SVERRE BRAUT Statens helsetilsyn • GORM ARE GRAMMELTVEOT Statens helsetilsyn Norma om teieplikt ligg i kjernen av forståinga av legerolla, både sett i legens perspektiv og ut frå dei forventningane som pasien.tane og samfunnet har. Ho har følgd med legeprofesjonen frå urgam.le tider. Den hippokratiske legeeiden i si tra.disjonelle form seier det slik: Alt det som eg får vite om gjennom yrkesut.øvinga eller i dagleglivet og som ikkje andre bør kjenne til, vil eg hal de hemmeleg og aldri avsløre. Det er interessant å merke seg at alt for 2500 år var teieplikta avgrensa til å handle om det som andre ikkfe bør kjenne til. Reint logisk skulle dette då kunne tolkast slik plikta ikkje gjeld det som andre bør ha kunnskap om. Slik er det prinsipielt sett også i dag. Den hippokratiske legeeiden har følgd med legeprofesjonen frå urgamle tider. Her er eiden i eit bysantisk manuskript frå det 12. århundre. ILLUSTRASJON «AN ILLUSTRATED HISTORY» AV IRA M. RUTKOW Teieplikt er vern av integritet Føremålet med teieplikta er sjølvsagt å verne om integriteten til pasienten. Men dette inte.gritetsvernet er ikkje grenselaust. I forarbeidet til legeloven av 1980 (Ot.prp. nr. 1. (1979-80): kapittel 9), er avgrensingane i teieplikta drøfta inngåande. Der viser dei korleis teieplikta har utvikla seg frå å vere ei etisk norm til å også bli ei juridisk norm. Først midt på 1800-talet fekk legar gjennom lov fritak frå plikta til å forklåre seg i straffesaker om forhold som dei hadde fått kjennskap til gjennom yrkesut.øvinga. Ved straffeloven av 1902 kom det inn ein regel (§ 144) som opnar for å straffe legar og deira hjelparar dersom dei rettsstridig åpenbarer hemmeligheter, som er dem eller deres foresatte betrodd i stillings medfør. Først ved legeloven av 1927 blei teieplikta forankra i medisinallovgivinga som eksplisitt norm med denne ordlyden: Enhver læge er pliktig til med de innskrenk.ninger, som er fastsatt i lov, å iaktta taushet om det som blir betrodd ham under utøvelsen av hans kall eller som hen derunder f\r rede på om folks legems-eller sykdomsforhold. Her er teieplikta spesifikt retta inn mot det som har å gjere med lekam og sjukdommar. Ved legeloven av 1980 (§31 første ledd) blir perspektivet noko utvida, både gjennom at legen får plikt til å hindre at andre får kjenn.skap til visse opplysningar, og ved at det skal handle om personlege forhold, ikkje berre det som gjeld helse. Teieplikta hand/or om meir enn å teie Hovudregelen om teieplikt for legar og anna helsepersonell finn vi no i §21 i helsepersonel.loven av 1999, som kort og greitt stadfestar at: Helsepersonell skal hindre at andre får adgang eller kjennskap til opplysninger om folks le.gems-eller sykdomsforhold eller andre per.sonlige forhold som de får vite om i egenskap av å være helsepersonell. Det er god grunn til å lese denne korte teksten ord for ord. Norma er ikkje avgrensa til for.hold knytte til pasienten. Ho omfattar også andre folk, som pårørande, folk som var med pasienten ved kontakten med legen osv. Vidare fordrar norma ikkje berre at legen skal teie om opplysningane, men også hindre at andre får tilgang eller kjennskap til desse -altså ei plikt til aktivt å motverke ulovleg sprenng. Det kan også vere eit poeng å merke seg at plikta ikkje berre omfattar opplysningar som ein har fått gjennom jobben sin, men opplys.ningar som ein har fått i eigenskap av å vere lege. Altså ein fortruleg samtale på veg heim frå ein fest, kan falle inn under teieplikta, medan ein samtale mellom venner om sjuk.dom ikkje treng gjere det. Det vil vere avgje.rande korleis den som kjem med opplysnin.gane har oppfatta legen si rolle i den aktuelle situasjonen. Ved lovvedtak i 2008 skjerpa Stortinget norma etter §21 ytterlegare gjennom å tilføye ein ny §21a med denne ordlyden: Det er forbudt å lese, søke etter eller på annen måte tilegne seg, bruke eller besitte opplysnin.ger som nevnt i § 2I uten at det er begrunnet i helsehjelp til pasienten, administrasjon av slik hjelp eller har særskilt hjemmel i lov eller for.skrift. Dermed har legen, som anna helsepersonell, plikt til å passe på at ein ikkje tileignar seg opplysningar som er underlagt teieplikt utan at ein kan gjere greie for ein lovleg grunn til dette. Dersom det ikkje er fordi ein treng opp.lysningane til dømes for å gi ei forsvarleg hel.sehjelp til pasienten, kan det bli vurdert som ulov leg tilgang dersom ein les i ein journal. Fråvik frå plikta krev heimel i lov Teieplikta har ei rekkje lovpålagde unntak. Dei to mest aktuelle i den kliniske kvardagen er truleg at ein ikkje er bunden av teieplikta når pasienten har gitt samtykke til at opplys.ningar blir formidla vidare (helsepersonell.oven §22) og likeeins når opplysningar bli gitt til samarbeidande personell av omsyn til hel.sehjelpa og den som opplysningane gjeld ikkje har motsett seg dette (helsepersonellov.en §25). UTPOSTEN 2 • 2012 11 i grenset lata .nten og samfunnet Eit sentralt poeng her er at samtykket ikkje treng vere skriftleg, men ein må sikre seg at pasienten er i stand til gi eit gyldig samtykke. Vedkom.mande må altså forstå kva som skjer, og der har legen ei plikt til å gi tilstrekkeleg informasjon slik at pasienten forstår følgjene av eit samtykke. Det vil ofte vere nødvendig å journalføre at ein har fått munnleg samtykke til å gi opplysningar til andre. Når det gjeld opplysningar til samar.beidande personell, må dei berre givast i eit slikt omfang som er nødvendig for ytin.ga av helsehjelpa. Då er det ikkje nødven.dig med samtykke frå pasienten, men lov.teksten fastset eintydig at pasienten kan motsetje seg også slik vidarefor.midling. Elles avgrensar §23 i helseper.sonelloven teieplikta slik: Taushetsplikt etter § 21 er ikke til hinder for: 1. at opplysninger gis den som fra før er kjent med opplysningene, 2. at opplysninger gis når ingen berettiget in. teresse tilsier hemmelighold, I punkt nr. 3. at opplysninger gis videre når behovet for beskyttelse må anses ivaretatt ved at indivi.fire er det nemnd at dualiserende kjennetegn er utelatt, tungtvegande private eller offentle. 4. at opplysninger gis videre når tungtveiende ge interesser kan gjere det rettmessig å for.private eller offentlige interesser gjør det midle opplysningar vidare sjølv om dei i ut. rettmessig å gi opplysningene videre, gangspunktet er underlagde teieplikta. Det er 5. at opplysninger gis videre når helsepersonell ikkje mogeleg å setje opp ei uttømmande liste området, men Statens helsetilsyn har i nokre gjennom sin yrkesutøvelse har grunn til /i over kva som kan reknast for å vere legitime tilsynssaker vurdert det slik at det kan vere tro at dyr blir utsatt for slik mishandling eller alvorlig svikt vedrørende miljø, tilsyn interesser i forhold til dette punktet. Men le.rettmessig å bryte teieplikta for å hindre at til og stell at det anses rettmessig å gi opplysnin.gen må vere klår over at opninga som loven dømes ein person som ein har gitt helsehjelp gene videre til Mattilsynet eller politiet eller gir her berre er ein sikringsventil som det i til gjer skade på andre menneske. Eit tenkt 6. at opplysningene gis videre etter regler fast.praksis er aktuelt å støtte seg til berre i sjeldne døme kan vere at legen ser at ein rusa pasient satt i lov eller i medhold av lov når det er tilfelle. For å få ei viss peiling på kor nivået set seg i bilen for å kjøre. Kjøring i alkoholrus uttrykkelig fastsatt eller klart forutsatt at bør liggje, kan ein gjerne samanlikne med er ikkje i seg sjølv eit brotsverk som fell inn taushetsplikt ikke skal gjelde. straffeloven § 1 39 som gjer det straffbart å under det som er omtala i straffeloven § 139. Det bør kort nemnast at kva som er indivi.unnlate å forsøke å avverje gjennomføring av Men ut frå ei konkret og realistisk vurdering dualiserande kjenneteikn som nemnd i punkt visse alvorlege brotsverk og straffeprosesslo.i den aktuelle situasjonen, kan det tenkjast at nr. tre bør gjennomtenkjast grundig, særleg i ven § r r 9 som opnar for at mellom anna le gar det vil vere rettmessig å varsle politiet for å få lys av den enorme spreiinga som slike opplys.kan gje ei forklåring utan hinder av teieplikta hjelp til å hindre at vedkommande kjører. Då ningar og ikk je minst klinisk relatert bilet.for å hindre at noko som er utan skuld blir må ein vere veldig varsam med ikkje å for-materiale kan få ved hjelp av elektroniske straffa. midle meir opplysningar enn det som er abso-media. Det er sparsamt med rettspraksis på dette lutt nødvendig for å avverje mogeleg skade. . UTPOSTEN 2 • 2012 TEIEPLI KT Teieplikta gjeld også når ein har meldeplikt Som nemnd i punkt nr. 6 ovanfor, er det ikkje brot på teieplikta når det er eintydig frå lovgi.vinga at teieplikta ikkje skal gjelde. Det er ei rekkje lovreglar som gir slike unntak. Helse.personelloven §33 andre og tredje ledd er kanskje det mest vesentlege unntaket som le.gar i klinisk praksis må ha eit klårt forhold til, fordi det ofte er avgjerande for at barn skal få nødvendig hjelp: Uten hinder av taushetsplikt etter §21 skal hel. sepersonell av eget tiltak gi opplysninger til barneverntjenesten når det er grunn til å tro at et barn blir mishandlet i hjemmet eller det foreligger andre former for alvorlig omsorgs. svikt, jf. lov om barneverntjenester §4-ro, §4-1 1 og §4-12. Det samme gjelder når et barn har vist vedvarende og alvorlige atferdsvan. sker, jf. nevnte lov §4-24. Også etter pålegg fra de organer som er an. svarlige for gjennomføringen av lov om barne. verntjenester, skal helsepersonell gi slike opp. lysninger. Bruken av det modale hjelpeverbet «skal» seier oss at dersom det er grunn til å tru at barn blir mishandla eller utsett for omsorgs.svikt, så har legen plikt til, på eige initiativ, å gi opplysningar til barneverntenesta. Legen har ikkje noko skjønnsrom når kriteria i loven er tilstades. Etter loven er det tilstrek.keleg at det er grunn til å tro at barnet blir ut.sett for omsorgssvikt. Det er ikkje krav om at legen skal finne dette sannsynleg. Elles kan det vere verd å merke seg at loven (§31) legg til grunn at helsepersonell har plikt til å varsle relevante nødetatar (politi, brann.vern) når det er nødvendig for å avverje skade på person eller eigedom. Legar flest er vel kjerr.de med at dei også har ei plikt til å melde frå til aktuell myndigheit når inneha var av førarkort for motorvogn eller sertifikat for luftfartøy har meir enn kortvarig helsesvikt (§34 og utfyllan.de forskrifter). Merkeleg nok gjeld det ikkje heilt parallelle reglar for dei som har maritime sertifikat eller førarbevis for jernbanemateriell. Her er det opp til dei legane som utfører dei særlege helsekontrollane for slikt personell å følgje opp med eventuelle meldingar. Men sjølv når ein har plikt til å gi opplysnin.gar, må ein vurdere kor omfattande utleverin.ga av opplysningar skal vere. Ein må til dømes passe på at ein ikkje gir opplysningar som er irrelevante for den aktuelle problemstillinga. Dette er ikkje minst ei aktuell problemstilling ved utferding av dokumentasjon til forsi.kringsselskap og trygdeordningar. Trygdelov.givinga har fleire reglar om utlevering av opp.lysningar i samband med tildeling av stønader, men dei går vi ikkje nærare inn på her. Opplysningar til tilsynsføremål Helsepersonelloven §31 stadfestar at teieplikt ikkje er til hinder for å gi opplysningar til Sta.tens helsetilsyn og fylkesmannen når desse treng det til tilsynsformål. I dei fleste slike til.felle vil legen få ein førespurnad frå tilsyns.myndigheita. Då har ein plikt til å gi slike opplysningar som blir etterspurde, men i og for seg ikkje ei plikt til å gi ytterlegare forklå.ringar. Men ofte vil dette vere føremålstenleg, også sett med legen sine augo. Helsepersonell bør vidare vere kjende med helsepersonelloven § 17 som seier følgjande: Helsepersonell skal av eget tiltak gi tilsyns.myndighetene informasjon om forhold som kan medføre fare for pasienters sikkerhet. Når ein gir slik informasjon, gjeld heller ikkje teie.plikta, jf. helsepersonelloven §31. Teieplikt i forvaltninga Dei forvaltningsorgana som får opplysningar underlagd teieplikt frå legar, har sjølve teie.plikt. Men denne teieplikta er heimla i for.valtningsloven (§§ 1 3, 1 3a-f). Den forvaltnings.messige teieplikta er på nokre område noko vidare enn den som gjeld etter helsepersonell.loven. Til dømes kan eit forvaltningsorgan formidle opplysningar om lovbrot vidare til påtalemakta på visse vilkår (forvaltningsloven § 136, nr 6). I utgangspunktet er alle dokument som går H inn og ut frå eit forvaltningsorgan offentleg til.gjengelege. Det følgjer av offentleglova (§3). Men offentleglova § 1 3 første ledd seier dette: Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhak! av lov, er unnatekne frå lllnsyn. Også her må ein lese nøye. Det er opplysnin.gane, ikkje dokumentet, som er underlagt teieplikt. Det vil i prinsippet seie at forvalt.ningsorganet må levere ut dokumentet, men første etter at opplysningar som blir omfatta av teieplikta er fjerna. Dette medfører til dømes at dokument i tilsynssaker blir leverte ut i sladda versjon. Då er opplysningar om pasienten og særlege forhold ved denne fjerna, men opplysningar som gjeld helsetenesta og helsepersonellet er vanlegvis ikkje fjerna. Dersom det i doku.mentet er opplysningar om helsepersonellet som er underlagt teieplikt (sjukdom, rusmid.delbruk eller liknande), skal dette også fjernast før utlevering. Men opplysningar om kven som har delteke ved ytinga av helse.hjelpa til pasienten, faglege kvalifikasjonar m.v. blir ikkje rekna som opplysningar un.derlagt teieplikt og kan såleis ikkje fjernast. Eit samansett rettsområde Den rettslege reguleringa av teieplikta er gan.ske samansett. Det som er skrive ovanfor sy.ner berre vesentlege trekk ved denne regule.ringa. Når ein står midt oppi konkrete av.vegingar, må ein ta for seg dei relevante lov.tekstane og lese dei grundig, ord for ord, setning for setning. Deretter må ein gjere ei vurdering korleis den aktuelle regelen skal brukast på den konkrete problemstillinga. Dette er ofte ganske krevjande vurderingar, ikkje berre for legar og anna helsepersonell, men også for juristar. Dersom ein er i tvil, bør ein ikkje ta ein kjapp sjanse. Ta heller ein tele.fon til fylkesmannsembetet i det aktuelle fylket. Der finn ein både helsepersonellog juristar som er vant med slike spørsmål. Teieplikta er så fun.damental for tilliten mellom folk flest og helse.tenesta at toleransen for feilvurderingar er liten. Geir Sverre Braut (f. 1955) er assisterande direktør i Statens helsetilsyn og førstelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund. Han er utdanna lege og spesialist i samfunnsmedisin. Gorm Are Grommeltvedt (f. 1967) er avdelingsdirektør i Statens helsetilsyn. Han er utdanna jurist og har lang fartstid på ulike nivå i tilsynssystemet. gsb@helsetilsynet.no gag@h elseti !synet.no

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf