REFLEKSJONSNOTAT: Sjukemelding på bestilling

Kaia Skromme

REFLEKSJONSNOTAT Sjukemelding på bestilling svært lett å lika. Du smiler og latar som in.genting, for du har alltid vare slik. Det er slik du føler du skal vera. Eg gjenkjenner det, smilet og tomme frasar. Kor mange gonger har eg ikkje fortalt om kor givande medisinstudiet er, kor spanande og allsidi.ge dagane er? Eg fortel jo ingen om dagane der eksamensangsten riv ein sund, og nota.tane blir med på både biltur, i konsertkø og på stranda i ferien. For når samvitet gneg konstant, kjenst tida for verdifull til at ho kan brukast fullt og heilt til avslapping. Det er definitivt ikkje noko ein seier høgt, sjølvsagt. Det er jo betre å framstå naturleg flink, lata som ein er blant dei som «ikkje treng lesa noko særleg». Når eg er sliten og ikkje strekk til, vil eg i alle fall ikkje at andre skal vita det! Me er ganske like slik. EG BYRJAR Å LURA LITT på kor lenge ein eigentleg kan leva på denne måten og behalde ei brukbar psyke. Er du fasiten? Eg føler at dei ti siste åra har forsvunne utan at hjernen har hatt ein einaste friperiode, men ikkje snakk om at det er eit alternativ å gje han det no. «Pausar er for dei svake» seier stemma i hovudet. Det er eit komisk paradoks kor lett eg aksepterer at du treng ein akkurat no. Eg skryt av deg for at du har søkt hjelp og verkeleg gjer noko med situa.sjonen. Eg lurer på om du oppdagar mot.setningane i det eg seier og det eg praktise.rer. Eg er så usikker på om eg ville gjort det same som deg. 2014-versjonen av meg ville truleg late vere, gått på autopilot og utven.dig smilt til verda. Men kanskje eg om no.kre år vil vera vaksnare og meir fornuftig, om det vert nødvendig. Eg håpar det. For det er godt å sjå at sjølv om du har nådd eit botnpunkt no, har du håp. Og eg har god tru på at du vil bli frisk til slutt. Du er ei.gentleg eit bevis på at det går heilt fint å søkja hjelp, og av og til vera ein av mange sårbare. Det er nok noko mange av oss bur.de ta med oss, og eg ser opp til deg. Du skul.le berre visst. KAIA SKROMME kaia.skramme@autlaak.cam «EG SKAL HA SJUKEMELDING», er sva.ret frå den middelaldrande mannen i sto.len framføre meg når eg spør kva eg kan hjelpa han med i dag. Det er nesten skum.melt korleis eg kjenner irritasjonen byggja seg opp av ein så kort setning. «Er det du som bestemmer dette, eller er det meg?» seier den kyniske, lett overarbeida lege.stemma i hovudet, men eg tek likevel em.patikappa på. Du gir meg ingenting gratis i samtalen, men etter fem minutt med son.dering endar eg på at du nok har rett i be.stillinga. Du har ein sjukdom som verkeleg påverkar energinivået ditt i periodar, og du har ikkje sove dei siste nettene. Ein har vel lov til å vera litt sur og mutt då? Når eg ser tilbake på praksisperioden og sjukemel.dingane eg var med å skriva ut, var kanskje du den som «fortente» det mest, objektivt sett. Sjølv om eg byrjar å få kunnskap om systemet, og kva som er godkjende årsaker til eit avbrekk frå arbeid, kjenner eg eit sakn etter dei objektive kriteria. Kriterier som kunne gjort livet mitt litt enklare, men som neppe er til hjelp for dei på andre sida av pulten. DET VERKAR Å VERA FORSKJELL på sjukemelde kvinner og menn. Mennene eg har møtt har klare plager, og dei har ei ty.deleg formeining om kor mange dagar dei treng. Ei veke kanskje, om det kan forsva.rast frå symptoma. Eg likar det litt, kjenner eg, fordi eg då slepp å tenkja så mykje på korleis det faktisk skal gå med dei, kor dei er om tre veker eller tre månadar. Eg har sjølvsagt ikkje nokon garanti for at man.nen framføre meg ikkje returnerer om ei veke, men eg stolar på at han ikkje gjer det om han ikkje absolutt må. KVINNENE ER ANNLEIS. Dei treng «ei pause». Ufatteleg nok er det nokon som kan få seg til å uttala denne frasa sjølv om dei «berre» har ei lita deltidsstilling. Prøver dei å vera frekke eller har dei null innsikt? Eg vert litt paff. Ein får mest lyst å sjå strengt på dei og seia «Ta deg saman! Trur du ikkje me alle ynskjer ein pause?». Når ein arbeider fulltid, og har ein heim og fa.milie og ta seg av, rekkjer ein ikkje over alt. Døgnet har ikkje mange nok timar for no-kon av oss. Kva gjer at du «fortener» pau.sen, når dei fleste andre kvinnene i nabola.get ikkje vågar å be om ein? Dei ynskjer det nok sikkert også, innerst inne. DET ER LETT Å BLI KYNISKnår ein snak.kar om grupper, grupper ein kanskje skul.le ynskja oppførde seg annleis. Men så kjem akkurat du på kontoret mitt. Allereie i opninga i samtalen følte eg at eg forstod deg, sjølv om me eigentleg ikkje har så my.kje til felles. Du er ei kvinne midt i 30-åra, som har eit praktisk arbeide og to små bom heime. Du opplevde ei stor påkjenning ved å mista mor di for nokre år tilbake, ein bi.dragande faktor til depresjonane du har slite med sidan. No sit du heime og fyller dagane med «ingenting». Me er så anam.nestisk ulike, men så er me likevel så like. Eg kjenner igjen min eigen personlegdom. Du jaktar på ingen måte sympati, tvert i mot ser eg korleis du kjempar i mot i sam.talen vår, der eg prøver å skapa eit rom der du kan fortelja akkurat kor ille det er. Eg er klar til å ta imot, men du pakkar inn. Du smiler og seier det går bra, sjølv om sonen din nokre timar tidlegare sa du var ei dår.leg mor som berre var sur og sint heile tida, og du ikkje klarer å skjula det i blikket ditt. Eg ser mykje av meg sjølv, men du er ein ti år eldre versjon, og kjenner ei slags frykt for at du kan vera ein prediksjon. Du har ei fantastisk evne til å ta deg saman, og med det lykkelege ytret du set opp utad er du I UTPOSTEN 3 • 2015 Mfl

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf