Leder: Når ord blir for små

Lisbeth Homlong

Leder: Når ord blir for små LEDER Når ord blir for små Eg har eigentleg lenge hatt stor sans for Kongen. Det begynte så langt tilbake som i 1992, etter den dramatiske nyttårsorkanen på Nord-Vestlandet. Kongen reiste då opp.over for å besøke dei orkanramma og med eigne auge sjå dei store øydeleggingane. Eg hugsar godt reportasjene på Dagsrevyen og bileta i avisene i etterkant, Kongen kledd i ei slitt, falma boblejakke og gummi.støvlar. Dette fekk han kritikk for i rikspres.sa i etterkant -Kongen kunne då ikkje gå kledd slik! Eg trur ikkje kong Harald tok ;nne kritikken så tungt, for i åra etter har rian stadig imponert meg med sin folke.lege stil, sine fornuftige kommentarar og menneskelege veremåte. Etter at tragedien ramma landet vårt den 22. juli har kong Harald meir enn nokon sinne vist fram desse eigenskapane, og sjølv dei mest innbitte republikanarane har latt seg imponere. Han er «heilt konge»r Talen han heldt under minnemarkeringa i Oslo Spektrum ein månad etter terrorhand.linga, gjorde spesielt sterkt inntrykk på meg. «Nå er nesten alle ord brukt opp», innleia han med. For mange har sagt mykje i etterkant av tragedien -ord som skal vere til hjelp for å forstå, til støtte og trøyst. Men når det mest grusomme skjer, kan ein undre seg over om språket er "ilstrekkeleg. Det å finne ord som klarer 0 fange inn og skildre det som verkeleg skjedde, det er utfordrande, ja, kanskje er det umogleg. Ein kollega fortel i dette nummeret av Utposten om eit møte med ein av dei over.levande frå Utøya. Skildringane til vedkom.mande er vanskeleg å ta innover seg, det er vanskeleg å vere den som skal hjelpe, ord blir fattige; «Jeg kjenner at jeg ønsker å ta ham med meg hjem, legge armene rundt ham og gi ham en ny start på livet», skriv vår kollega. Ho stiller også spørs. mål om kva fastlegen si rolle skal vere i arbeidet med å ivareta dei som er ramma av terror og katastrofe, når andre etatar står i kø for å hjelpe7 Eit anna moment ho trekker fram, er om forståinga av terror og katastrofer er omvendt proporsjonal med avstanden til vår eigen heim7 Kanskje kan denne katastrofen gi oss større forståing for dei lidingane folk frå andre delar av verda har opplevd. I dette nummeret av Utposten har vi også valt å sette fokus på ei gruppe samarbeids.partnerar som vi kanskje har tatt for gitt og som i fora som dette, nok har fått alt ror lite merksemd -nemleg helsesekretærane. Dei er gode å ha, men vanskelege «å sjå», som Tove Rutle seier det. Mange helse.sekretærar trivst godt i yrket, men er misnøgde med status, lønn og manglande utviklingsmuligheiter. Mange synast også at arbeidskvardagen kan bli vel hektisk. Korleis pasienten vert møtt på telefonen, i luka og på laboratoriet har stor betydning for møtet inne hos legen: «Konsultasjonen starter i realiteten når pasienten henvender seg til legekontoret». Eit godt samarbeid mellom legar og helsesekretærar er avgjerande for eit velfungerande legesen.ter. Det er derfor eit tankekors at rekrutte.ringa til yrket er dårleg, og for mange legekontor rundt omkring er det allereie i dag ei utfordring å finne godt kvalifiserte medarbeidarar. Dette er ei utvikling vi må ta medansvar for å snu. Eit godt drifta legesenter og god kvalitet på tenestene vi tilbyr er to sider av same sak. Derfor bør alle også ta ein ekstra kikk på Janecke Thesen og Marie Brudvik sin oversiktsartik.kel med forslag til kvalitetsverktøy for bruk i allmennpraksis. Her er det mange nyttige tips for god allmennmedisinsk praksis. I etterkant av 22. juli har musikk og litteratur vore til trøyst for mange. Bruken av Til ungdommen av Nordahl Grieg er eit godt døme på det. Den jødiske poeten Paul Celan mista store delar av familien sin i Holocaust. Sjølv overlevde han opphald i arbeidsleir. Kulturteoretikaren Theodor Adorno hevda at det etter Auschwitz ikkje ville vere mogleg å skrive dikt -for korleis kan vi bruke vårt daglege språk til å skildre det som er så frykteleg at vi ikkje kan forestille oss det7 Paul Celan sitt mest kjente dikt, Dødsfuge, er eit fantastisk døme på korleis språket i ei viss form nettopp kan skildre det ein ikkje får til på andre måtar. Les detr Lisbeth Hom/ang

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf