Leder: Lengsel i luften

Lisbeth Homlong

Leder: Lengsel i luften LEDER medisinen slit med rekrutteringa både i bygd og by, er det meir enn nokon gong Lengsel i luften behov for å tilby nybyrjarstillingar med Eit mildt drag av vår har lokka i lufta ei stund no og snøklokkene spretter ut i fleng på plenen. Det kjennest godt. Det har vore ein lang vinter også her vestpå. Kjerne.familien har i det siste nytt fine turar til Gullbotn, der flotte snøforhold og strålande sol har lokka. Vel 30 minutt med bil frå Bergen by, så er vi der 1 Toåringen har debutert som skiløpar, femåringen har trena iherdig på sine nyinnkjøpte rosa ski og underteikna samla årets første fregner. Nydeleg1 Frå det eine til det andre: Dei vaksne i 11ilien har også fått med seg konsert med John Olav Nilsen & Gjengen, rocke.bandet som dei siste to åra verkeleg har sett Bergensbydelen Loddefjord på kartet, ein bydel som frå før av hadde eit ganske så frynsete rykte på grunn av rus-og sosiale problem. Med sine episke tekstar klarer gatepoeten John Olav å fortelje ei meir nyansert historie om plassen han kjem frå, og Loddefjords store son kan kanskje kailast ein heimstadsdiktar frå vår tid. Overskrifta over er henta frå tittelsporet til ei av låtane på den siste plata til bandet. Når dette bladet ligg i postkassene til dykk der heime, har vi nok lagt lengselen bak oss og kan nyte våren i fullt monn. Ein ny vår ventar også for turnustenesta slik det ser ut i dag. Elles kanskje det stikk mot- tte, vil andre hevde. Det kjem an på auga som ser. Turnustenesta er som kjent foreslått avvikla, og erstatta med ei tilsvarande søknadsbasert basisteneste. Loddtrekninga skal vekk, no vert det opp til kvar enkelt nyutdanna lege å sjølv gjere seg attraktiv for ein potensiell arbeids.gjevar. Korleis den nye basistenesta skal utformast, er enno uvisst, men ein ting er sikkert: Det er brei semje om at allmenn.praksis skal vere eit sentralt element. Mange er likevel bekymra, kanskje med rette, for legedekninga i distrikta og rekrutteringa til stillingar i allmennpraksis. Ut frå det som har korne fram i debatten hittil og bakgrunnen for forslaget som ligg til grunn, ser det ikkje ut som det er nokon veg tilbake. Turnus i si noverande form syng nok på siste verset. Men kanskje er ikkje alternativet så ille7 Kommunane rundt omkring i distrikta bør «hive seg rundt» og tenkje framover: Korleis kan dei gjere seg attraktive for nyutdanna legar7 Kva skal til for å skape eit godt, stimulerande fagleg miljø og trivsel for å rekruttere nye kollegaer7 Frontane i debatten rundt turnustenesta har hatt stort fokus på for og imot loddtrekning, og på rettferd rundt tildeling av turnusplass. Lite merksemd har det vore rundt sjølve kvaliteten på tenesta, det som trass alt er det viktigaste. Det er her distriktskommunar rundt om i landet må sette inn støtet. I ei tid der allmenn-god rettleiing og tid til kursing og fagleg fordjuping. I tillegg må det føreliggje tilbod om barnehageplass, bustad og gode arbeidstids-og lønnsforhold. Frå myndig.heitene si side må det dessutan sikrast nok stillingar og desse må vere godt finansierte. Både i Helsedirektoratet, Legeforeningen og frå politisk hald vert det poengtert at norske legar skal ha god kjennskap til og røynsle frå arbeid i primærhelsetenesta, som er ein bærebjelke i helsevesenet vårt. Det må derfor, som skissert over, leggjast til rette for at primærhelsetenesta vert ein god stad å vere for nyutdanna legar. Turnustenesta i dagens form er 60 år gammal, sidan då har samfunnet gjennom.gått drastiske endringar. Det er kanskje på høg tid at ein tenkjer nytt og at tenesta får ein ny vår. Kommunane som arbeidsgjevar og som ansvarlege for primærhelsetenesta bør sørgje for gode arbeidsvilkår for sine legar og med dette leggje til rette for eit helsetilbod av høg kvalitet. Ved overgang til søknadsbasert basisteneste gjeld det også å ha evne til å marknadsføre seg sjølv. Alle som bur og jobbar i allmenn. praksis på «utpostar» land og strand rundt, kan dermed få eit godt høve til å fortelje ei ny historie om heimstaden sin. Lisbeth Homlong

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf