Lyrikkspalten

Unni Solem Bilsbak

Lyrikkspalten  li LYRIKKSPALTEN IJri En Lyrisk stafett I denne lyriske stafetten vil vi at kolleger skal dele stemninger, tanker og assosiasjoner rundt et dikt som har betydd noe for dem, enten i arbeidet eller i livet ellers. Den som skriverfår i oppdrag å utfordre en etterfølger. Slik kan mange kolleger få anledning til å ytre seg i lyrikkspalten. Velkommen og lykke til! Tove Rutle -lagleder Takk for stafettpinnen frå Ragnar Hermstad, ein ven og kollega som deler raust både musikk-og lesaropplevingar med andre. Eg arbeider altså i Ulvik, som kommunelege her på 23. året. Det er ei stor og mangfoldig utfordring å vera lege på ein så liten plass og bu og leva mellom pasientane sine. Eg har lika det. Å vera ein del av eit lokalsamfunn, leva med i sorger og gleder, dela levekår, vera nær kvardagslivet. Innimellom er det sjølvsagt naudsynt med luft og rom, som ein kan skaffa seg på mange måtar, også utanom bygda. Eg har gjennom desse åra lært meg å setja stor pris på kulturlivet sine mangfoldige former. Her er mange kultur.berarar i Hardanger. Eg vart tidleg kjent med diktinga til Olav H Hauge, og uttrykket hans fann gjenklang i hjarta mitt. Etter som åra har gått, skjønar eg også meir av språk og bi lete. I fjor vart eg spurt om å leia «Venelaget Olav H Hauge», noko eg gjer med glede. Vi opplevde ein fantastisk poesifes.tival i Ulvik i september, som del av Hauge-Tveitt-jubileet 2008. I arbeidet mitt hender det rett som det er at eg finn eit dikt eller ei strofe frå eit dikt som eg deler med ein pasient. Det kan vera ei fin kommunikasjonsform. Her i bygda vår kjem stadig nye årskull til, og personalet i grunnskulen er dyktige og kreative i å formidla lokal kulturarv til ungane. Våren 2008 sto 10.klasse for ei framsyning basert på Hauge sine rek. star. Dei rappa, song, las, dramatiserte - både på norsk og gjendikting på eng. elsk, tysk, hollandsk. Slik vert formid. ling og uttrykk tilpassa nye tider. Dei hadde mellom anna bygd lauvhytter utafor ungdomshuset der oppføringa fann stad. Eg vil gjerne ta med dette diktet, som seier noko om kor godt det kan vera å finna eir lite pusterom eller ein gøyme. stad i poesien. Lauvhyttor og snæhus Det er ikkje mykje med lesse versi, berre nok re ord, røysa saman på slump. Eg synest likevel det er gildt å laga lei, då har eg som eit hus ei liti stund. Eg kjem i hug lauvhyttone me bygde då me var små: krjupa inn i lei, sitja og lyda etter regnet, vita seg einsam i villmarki, kjenna dropane på nasen og i håret- Eller snøhusi i joli, krjupa inn og stengja etter seg med ein sekk, kveik ja ljos, vera der i kalde kveldar. Eg har og lyst å dela med Utposten sine lesarar eir dikt av ein yngre hardanger-poet. Eg «gjekk meg på» denne diktaren som ei heilt uventa glede på Sola flyplass i haust. På disken i kafeen sto nokre små diktbøker, sikkert som ein del av Sta.vanger si kulturby-satsing. Fleire av dikta til Odveig Klyve frå Fyksesund i Kvam trefte meg heime. Især dette vesle som seier noko om livets gang og samanhengane me står i: Steg Ein gong heldt du meg fast i handa då eg tok mine første steg No støttar eg deg der me går over golvet Eg kjenner at du har gått langt Det er ei glede å senda lyrikkstafetten vidare til ein enga.sjert og trufast allmennpraktikarkollega, Reidar Berge på Voss. Han har vore ei trygg klippe i kommunehelsetenesta og for sine faste pasientar i ein mannsalder. Han har på sin stillferdige måte my kje omtanke og ettertanke å bidra med, og det skulle ikkje forundra meg om han hadde noko lyrikk på lur. Helsing Unni Solem Bilsbak UTPOSTEN NR . 2 • 2009

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf