Leder: «Det finnes et mål, men ingen vei».

Lisbeth Homlong

Leder: «Det finnes et mål, men ingen vei». Denne aforismen av Franz Kafka har vorte brukt som fortolkingsramme ved lesing av romanen hans Slottet. Slottet hand lar om landmåla ren K. som kjem til ein framand landsby ved foten av eit slott. Slottsherren skal ha lova han arbeid, men han vert verken godteken eller avvist. Historia følgjer K. i hans fåfengde kamp for å korne seg inn i slottet. Slik K. vadar rundt i metervis med snø sa man med to heller ubrukelege hjelparar for å prøve å finne vegen til slottet, ser det ut til å fortone seg for pasientar og kollegaer rundt om i landet i høve til NAV om dagen. No finst det vel ein veg, men den er jammen vorte kronglete! Vi høyrer om opp til 12 vekers ventetid på dagpengar, arbeidsledige må på sosialen, eit års ventetid på behandling av uføresaker, alt frå tildeling av frikort til utbetaling av svangerskapspengar, tek månadsvis. I tillegg er tele­fontilgjenga under ein kvar kritikk, og manglande kunnskap og kompetanse på dei lokale NAV-kontora med­fører stadig større distanse til bruka rane. Intensjonen med reforma var stikk motsett; bruka rane skulle møte eit forenkla system, dei skulle få ein saksbehandlar som hadde kompetansen som skulle til for å geleide dei trygt gjennom systemet og sikre at rettar vart oppfylte. Ein god tanke, sjølvsagt, men NAV ser førebels ut til å likne meir på Vasa-skipet. Tiltak er sett inn for å bøte på den vanskelege situasjonen, medan ministeren som stod i spissen for gjennom­føringa av NAV-reforma no er helseminister. I april ventar vi resultatet av ei ny reform: samhandlingsreforma. Det er altså spennande tider! Det ser ut til å bli ei primærhelsereform, vidare er det lagt vekt på at samarbei­det mellom primær- og spesialisthelsetenesta skal forbetrast; ergo samhandling. Her er det pengar å spare. Fastlegeordninga er også under press. Ministeren har hatt utspel om at listetaket skal ned, at det skal satsast meir på førebygging, at fastlegane skal ut av kontora sine og bruke meir tid på mellom anna sjukeheimar, i fengsel og på skular. Dette har skapt dels hissig debatt. At departementet ikkje lenger skal kunne delegere godkjenning av nye spesialistar til foreiningsnivå, har og vekt kontroversar. Brukarundersøkingar viser for øvrig at fastlegeordninga fungerer godt, noko som må vere viktig å understreke i denne prosessen, og sjølv om det alltid er rom for forbetringar, må det vere eit godt råd til ministeren å la grunnmuren stå. Apropos førebygging, så har dette nummeret av Utposten tre ulike artiklar som omhandlar dette feltet. Først Betty Pettersen, som har skrive eit doktorgradsarbeid om utviklinga innan norsk samfunnsmedisin dei seinare åra. Nokre resultat frå dette arbeidet vert presentert, og dei viser mellom anna at talet på arbeids­timar for legar i faget systematisk har gått nedover. Dersom det skaj leggjast vekt på førebygging og iverk­setjing av helsefremjande og sjukdomsbehandlande tiltak på gruppenivå i samfunnet vårt, som ministeren ser for seg, er det nyttig å sjå på kva faktorar Pettersen har funne som har medført reduserte legeårsverk i samfunnsmedisinen, når helsemessige utfordringar i samfunnet heller skulle tilseie det motsette. Vidare kan vi lese om utbrotet av norovirus på Clarion Hotell Gardermoen i haust, der over 200 personar vart sjuke. Uheldigvis oppstod dette under diabetesforbundet sitt 60-årsjubileum, noko som sjølvsagt kompliserte situasjonen og den påfølgjande handteringa av denne. lnnan smittevern har vi også ein artikkel om spritvask i barnehagar. Om det verkeleg har infeksjonsreduserande effekt, er enno ikkje klarlagt, men vi meiner at det er viktig også å presentere resultat av studiar som har eit negativt resultat. Vi vil nytte høvet å ønskje velkomen Legeforeininga sin nye generalsekretær, Geir Riise. Tom Sundar har intervjua Riise og vi møter ein mann med ei spennande yrkeskarriere bak seg, stort engasjement og lang fartstid i organisasjonslivet. Hans røynsle frå HMS-arbeid og i den samanheng vektlegging av eit godt arbeidsmiljø for bevaring av god helse og reduksjon av sjukefråvær, er spesielt interessant synast vi. At bestilling av time hos legen for nokon av oss kan fortone seg som eit slott, er vel ikkje det vi allmennlegar ten kjer mest over i kvardagen. Inger Marie Lied skriv innsiktsfullt om pasientrolla og om korleis det er å ha regelmessig kontakt med helsevesenet på grunn av kronisk sjukdom. Eit viktig poeng er problematiseringa av at alle skal sjåast på som ein ressurs. NAV-reforma var vel også tenkt som eit verkemiddel for å få fleire i arbeid, men dette stadige fokuset på den såkalla arbeidslinja, seier noko om korleis vi ser på dei svake i vårt samfunn. Lied påpeikar at ikkje alle faktisk er i stand til å bidra i samfunnsmaskineriet, at nokre mest av alt er ei byrde, men at det må vere plass til dei også.

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf