Nærare deg min død

John Nessa

Nærare deg, min død . JOHN NESSA Fastlege og kommuneoverlege i Hjelmeland. 1. amanuensis, Institutt for global helse ved Universitetet i Bergen et var i utgangspunktet inga lang D reise. Laurdag morgon står eg opp, går ned trappa og lagar frokost i sel.skap med NRK. Denne laurdagen var det Sangtimen på Pl. Håkon Almelid frå Folke.stad på Sunnmøre var gjest. Han drog oss med på ei lang og personleg reise gjennom sitt eige liv mellom alle songane han spela. Han avslutta programmet med å seie at han no var ein gammal mann og inne i li.vets haust-periode. Men det var ikkje noko problem. For han hadde ein god stad i ven.te, ein himmel som venta han der framme, der alle problem var fråverande. Då han hadde fått sagt dette, spela han ein enkel åndeleg sang, ei vakker salme av den ame.rikanske forfattaren Janie West Metzger, Der roser aldri døyr. Ei god historie om døden Neidå, eg fortel ikkje denne historia for å vitne om eit evig liv. Eg fortel historia for å fortelje om meg sjølv og min reaksjon på å høyre på sunnmøringen. Eg fortel historia for å fortelje at eg merka meg med interes.se at her er det ein mann som midt i beste sendetid på riksdekkande radio fortel om sin eigen død. Det er ikkje daglegkost, hel.ler ikkje på NRK. Andre synest kanskje ikkje det er så rart. Eg syn est det er både en.gasjerande og artig å høyre om. For det an.går oss alle. Vi skal alle døy. Og det veit vi. Men kva som skjer når vi døyr, er det ikkje lett å finne ut av. Og slett ikkje lett å finne ord for. Den frimodige sunnmøringen skal ha honnør for at han gav sin versjon av dette. Sjølv om heller ikkje han har opp.levd det han fortel om. Fortellingane om døden Eg trur eg er over gjennomsnittet interes.sert i døden. Kanskje det er fordi foreldra mine tok meg med i gravferder då eg var barn. Og dei var det mange av på landsbyg.da på 1950-talet. Eg er takkksam for at eg hadde kloke foreldre som aldri skjulte dø.den som eit av livets store mysterier. Og eg er takksam for at eg aldri opplevde tragisk død i nær familie. I ein elles stilleståande kvardag var gravferder noko spanande, noko ein kunne stole på ville skje med re.gelmessige mellomrom, noko som alltid hadde eit skjær av drama over seg. Og dø.den har følgt meg over i yrkeslivet. Døden er bakteppet for svært mykje av det vi driv på med generelt i medisinen. Den er refe.ranseramma for mange av dei avgjerdene vi tar og dei handlingane vi utfører. Det er to openberre fakta ved eksistensen vår at vi fø.des, og vi døyr. Men mens fødselen har ein viss status, og gjerne kan gi namn til sjuke.husavdelingar, så er det ikkje tilfelle med døden. Det hei ter lindrande avdeling, namn som dødsavdeling eller liknande ville vore heilt utenkeleg. Sjølv på Radiumhospitalet, kor død er like vanleg som kneippbrød, er døden i følge Per Fugelli eit ikkje-ord. Vi veit det skjer, men vi vil helst ikkje omtale det. Eller for å seie det med Woody All en: Eg har ingenting imot døden. Eg har berre ikkje lyst til å vere til stades når det skjer. Senter for lindrande behandling er eit uttrykk for at det har skjedd noko veldig positivt i vår kultur med omsorga for dei døande. Det faktum at døden nærmar seg, blir temati.sert, og eit behandlingstilbod blir oppretta. Det har ikkje alltid vore slik. For ikkje alt for lenge sidan var strategien i helsevesenet ofte motsett. Lege og sosiolog Howard Waitzkin ved Harvard University har inter.essert seg for møtet mellom doktor og pasi.ent. Han seier at interessa blei vakt som ten.åring, fordi han blei så lei seg for den måten bestefaren blei møtt på då han blei alvorleg sjuk og skulle døy: As he was dying, his doctors maintained a circle of lies and distortions that left him confused and dispirited. Other well-mea. ning members of my family cooperated in in these communicative maneuvers, all in. tended to keep up his moral and our family's ability to function. Sagt på norsk: Dei fanga han i eit nett av løgner og utanomsnakk, som dei meinte måtte til for at familien skulle fungere i denne perioden. Nærare deg, min død Det som er felles for mest alle pasientane ved eit omsorgssenter eller ved ein lindran.de eining er at dei alle veit at dette er ende.stasjonen i livet. Ein blir ikkje som på andre sjukehusavdelingar utskriven som ferdigbehandla og helbreda. Pasientane her veit dei skal døy snart. Alle veit vi at vi skal døy. Men hos desse pasientane er det påtrengande aktualisert at dette kjem til å skje i nær framtid. Vi andre fortrengjer meir og mindre vår eigen død kvar dag, for desse pasientane blir akkurat det vanske.leg. Og sidan vi er narrative av natur -med eit så å seie biologisk behov for å uttrykke oss og fortelle historier, har vi også behov for å få døden i tale. Som Per Fugelli skriv: «Døden, hvor er du? kaller jeg som på en sav. net. Ikke fordi jeg vil bli hentet, men for å få den i tale.» Eg trur det er stor skilnad mellom pasien.tane i behovet for å snakke om døden. Men eg trur og det blir snakka mindre om det enn det er behov for. Og eg trur dei fleste av oss har vanskar med å snakke ope og rasjo.nelt om døden, sjølv på ei lindrande avde.ling. Det trur eg ikkje kjem av dødsangst eller redsel for tematikken. Eg trur rett og slett det primært handlar om at vi manglar eit språk om det som skjer når vi døyr. Dø.den unndrar seg til og med den medisinske vitskapens sanseorgan, og den medisinske vitskapens språk. Døden tar sitt vesen med seg inn i det utilgjengelege, der verken MR bilete eller elektronmikroskop kan kaste lys over det som skjer, til ein himmel eller helvete eller kva det måtte vere kor case.controll studier ikkje lar seg gjennomføre. Både når vi tenker og lager fortellingar, er det ein tidsdimensjon over det heile. Vi re.ferere til ei fortid og fantaserer om ei fram.tid. Men med døden «går vi ut av tida», som det av og til heiter i dødsannonsen. «Resten er taushet», seier Finn Carling. Det er det moderne menneskets måte å sjå det på. Vi blir alle tause, også før tagnaden, tausheten, er eit faktum. Vi kan snakke om fødsel, vi kan snakke om alle andre livsfa.ser. Men overfor døden blir vi på eit vis Hil UTPOSTEN 8 • 20161 DEN SPESIELLE REISEN }:{ TEMA flaue og forlegne. Det var det som fasciner.te meg med gjesten i sangtimen, at han valde seg eit språk til å snakke om sin eigen død. Han valde seg eit førmoderne språk som var allmennt i middelalderen, då han snakka om ein himmel som ein stad han skulle komme til. Og vi som moderne men.neske med høg utdanning blir tause og for.legne av det vi høyrer sjølv om vi som høy.rer intuitivt forstår at himmelen er ein metafor for det han snakkar om, sin eigen død og dei førestillingane og forventnin.gane han har til den. «Nærare deg min Gud», syng vi i kyrkja. Nærare deg min død er sangen frå det tause koret av kvitkledde helsearbeidarar på lin.drande eining. Det koret burde kanskje vere litt mindre taust. Eg trur den viktigas.te kompetansen vi burde skaffe oss var å bli ein kompetent lyttar til alle fortellinga.ne om livet deira og om døden som pasien.tane har behov for å formidle. Kanskje kunne vi hjelpe pasienten til å oppleve at det er ei rose som aldri døyr sjølv for den som snart skal døy. Det er ikkje berre reli.giøs eller kristen litteratur som minner om den. Mange poetar har kommentert det. Våre forfedre visste det. Vi har Håvamål: Fe døyr, frendar døyr, sjølv døyr ein og. Eit eg veit som ikkje døyr er domen over daudan mann Der kor roser aldri døyr... Gjesten i sangtimen spela sangen Der kor roser aldri døyr. Tittelen er ein sterk meta.for som også Gunnar Stålesen bruker som tittel på ei av sine krimbøker. Svært dekk.ande tittel, spør du meg. For også den krimboka handlar om identitet; kven eg er og kor eg blei av. Sangen vakte også mi in.teresse. Eg eg ein forviten type, nærast ein kikkar av natur. Så eg måtte finne ut kven det er som omtaler tilveret etter døden som roser som aldri døyr. Kva fortelling om dø.den er det som skjuler seg bak sangteksten? Teksten er skriv en av T anie West Metzgar. Ho blei fødd same år som far min, i 1915. Ho hadde to foreldre då ho vart fødd, men rakk å miste begge foreldra i løpet av sine UTPOSTEN 8 • 2016 •fl første 14 veker. Og som ei moderne Moses blei ho plassert i ei potetkorg på trappa til ein barneheim tilhøyrande ei baptistkyr.kje i Dallas. Ho hadde alle odds mot seg. Men i tråd med den amerikanske draumen vaks ho opp som ei gløgg jente, tok univer.sitetsutdanning, og byrja tidleg å skrive songar. Ho gjorde seg også tidleg kjent med sjukdom og truande død, i form av ein leu.kemi som ho sleit med heile livet. Som pre.stekone og mor til fem barn var ho ei djupt religiøs kvinne som bobla over av tekstar og fortellingar: I felt I was going to burst inside if I didn't write down all the poems, ideas and songs that God gave me after reading his words for hours. Som ei samtidig med Elvis møtte ho han i Memphis, og skreiv songar til både han, T ohnny Cash, Lo retta Lynn og mange andre. Ho hadde ein djup og inderleg avsky for den amerikanske kommersaliseringa av musikken. Difor insisterte ho på å publise.re alle sine tekstar anonymt. Ho nekta alle å kjøpe, selje eller nytte musikken hennar for komersielle føremål. Det var kanske di.for eg ikkje fann spor etter henne på vår musikkreise til Memphis i Tennessee. Deri.mot var det lett å spore opp Elvis Presley. f anie Metzgar med mannen sin William Metzgar. ikkje så my kje å trakte etter. Det blir fortalt at når keisemda blei for dominerande i Presley sitt liv, la han seg gjerne inn på sju.kehus. Rett og slett for å ha noko å finne på. Til slutt keia han seg til døde i piller og rus. Men T anie West Metzgar slapp å lide den skjebnen som Elvis leid under: å bli søkk.rik. Likevel skaffa ho seg eit evig liv på stjernehimmelen ved å time sin eigen død heilt perfekt. Ho døydde ikkje berre same dagen, men omtrent på same timen som Elvis Presley i 1977. . JOHN.NESSA@)UIB.NO Hans Graceland hadde lite preg av «grace», spør du meg. Og hans livsvilkår var heller Det var lett å spore opp Elvis Presley på musikkreise til f anie Metzgar til Memphis. Eg syntes Grace/and hadde lite preg av «grace».

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf