Sons of Somalia? En betydningsfull reise

Jan Schille

Sons of Somalia? En betydningsfull reise . JAN SCH ILLE Fastlege og kommuneoverlege i Bokn kommune atoen klarar eg ikkje ta igjen, og neppe Dvisste eg kva den var heller der eg som fem-åring sto på kaia på den ves.le øya i Sunnfjord og venta på båten. Men det var sommar, det regna og den nye rute.båten kom som den skulle. Vi skulle ikkje berre ta rutebåten til Askvoll, vi skulle til Bergen, til Roma, til Dar-es-Salaam og heile vegen til Sumbawanga, Tanzania. Dei geo.grafiske detaljane var blitt gjentekne og gjentekne, men det fem-åringen stadig lurte på var om vi skulle bu i ei jordhytte. Mor sine beroligande svar var ikkje alltid det. Mor skulle endel eg få reise tilbake til Afrika, far var tilsett som rektor på ein norsk skule og dei tok med seg tre små. Det er mange bil.der og inntrykk frå reisa og dei første dagane som er brent inn på netthinna. Mange brot.stykker, nokre spesielle hendingar. Seinare meir spreidde minner. Men nok til at ein fem-åring forsto at verda ikkje er lik. Dette er nokre år sidan no. Kva betydde denne reisa foreldra mine tok oss med på ? Som far til ein r åring er medvitet om kva ein gjer og korleis ein påverkar barnet sitt både stort og nytt. Ett-åringen sug til seg alt som er nytt, han iaktar, vurderer og in-teragerer med omgjevnaden, han sorterer, kategoriserer og innordner det han ser. Han undersøker systematisk alt nytt som kjem hans veg. Vil det dette ned? Kva sma.ker det? Lagar det lyd? Dette vil dei fleste foreldre kjenne igjen. Men tillegg vi ein fem-åring eller ein ti-åring den same nys.gjerrigheten og evne til observasjon? I møte med farsrolla er det ingen tvil om at også barndamen frå fem til ti år har vare formande. I mange ulike samanhengar der min dels afrikanske oppvekst har vare nev.nt er reaksjonen nokonlunde slik -«ja, det var ein spennande barndom», og så lurer ein på om foreldra var misjonærer og kva dyr vi har sett. Tida reknast like formande som ein ferietur til Syden, og uvesentleg for kven ein er eller har blitt . Kvifor er det slik? Undervurderer vi kva eit bom får med seg og pregast av? Har det noko med vår forståing av det «norske» å gjer? I møte med den nye migrasjonsbølga er integrering eit heilt sentralt tema. Integre.ring kan bety å respektere og annerkjenne dei erfaringane, kunnskapane og verdiane folk har med seg hit, freista å forstå bak.grunnen for at den einskilde har nettopp lesse erfaringane, kunnskapane og verdia.ne -og utforska dette imot det ein sjølv har. Men, vi syns det er meir sjarmerande når dei prøver å verte mest magleg lik oss enn når dei freistar å hal de på noko av eige.narta si. Det talast og talast om integrering, men det er assimilering som er ønska og som vert feira. Slik vi også feirar korleis nordmenn held på det norske i utlandet og ikkje let seg assimilere. Ville etablering av «Sans of Somalia» med formål å bevare og beskytte somalisk kultur og tradisjon i Oslo gitt deg den same gode kjensla som å høre om dei kulturbevarande aktivitetane hos «Sans of Norway» i Minneapolis? Mi reise forandra meg. Minoritetserfa.ringa -opplevinga av å bu ein stad med framand språk, kultur og tradisjon gjekk verken vaksne eller bom glipp av. Som vaksen har eg forstått at den gjorde meg meir trygg på at dette «norske» vi har inni oss som bind oss saman som nordmenn fint tåler eit kulturelt mangfold rundt seg. Den gjorde meg trygg på at raushet for det som er annleis sjeldan er noko dumt. . JANSCHILLE@)GMAIL.COM li UTPOSTEN 8 • 20161

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf