Improvisasjon, klang og jazzpiano med tradisjon

Håvard Avelsgaard

Improvisasjon, klang og jazzpiano med tradisjon . HÅVARD AVELSGAARD Fastlege Vikna kommunale legekontor, kommuneoverlege pli Vikna Vikna li UTPOSTEN 8 • 20141 Håvard og saksofonen -· "T . \.. • 'ii . •. . '(.t,_-;::.-· ' ·· .. - I ' r .. --. .----I I-". .'. -_, ..-/ / Eg starta yrkeskarrieren som lege for ti år sidan, og har arbeidd som kombilege i Vik.na kommune i snart ni år. Eg er spesialist i samfunnsmedisin, men har og ein rolle som allmennlege og sjukeheimslege. Ein spennande og variert jobb i ein liten øy.kommune på kysten av Nord-Trøndelag med fantastisk natur! Ein annan karriere starta eg langt tidle.gare; allereie som toåring ved pianoet i stova hos farmor på Stjørdal starta eg den musikalske karrieren. Farmor hadde sju barnebarn, hadde alltid tid til kvar ein av oss på ein måte så at vi alle kjente oss litt som favoritt. Ho var eit varmt menneske og spelte jazz på pianoet med ein varm klang og eit lett, fint anslag. Farmor har nok vidareført den måten å spele på til meg -vonleg og nokre av dei menneskelege ei.genskapane? Eg tok ein periode pianotimar i ungdom.men hos ein pianolærar som i starten prøv.de å lære meg både teknikk og fingersetting, men gav til slutt opp etter iherdige forsøk (heldigvis eller dessverre?) -fokuset vart heller på å utvikle musikalitet, uttrykk, kjensler, formidling og klang. Eg er ingen teknikar, men ein ganske ålreit musikar! T azzinteressen kjem nok og naturleg med ei farmor som spelte jazzpiano, men og frå dei mange LP-platene i samlinga til far min -med Gerry Mulligan (barytonsaksofonist) ... IKKE BARE LEGE}:{ TEMA Bestemors jazzpiano med saksofonen. _.... . HAAVARD.AVELSGAARD@)VIKNA.KDMMUNE.ND som felles favoritt. Det var da naturleg å byrje med saksofon da eg vart gammal nok for skolekorpset. Saksofonen vart og med vidare i livet , og eg kjøpte meg eigen sakso.fon for konfirmasjonspengane, sjølv om korpsinteressen nok dala i ungdomsåra. Eg speler nok ikkje lenger like aktivt som i ungdomsåra, men er fast barytonsak.sofonist i Kolvereid storband og saksofon.vikar i ulike samanhegnar. Legejobben kan vera slitsam innimellom og by på utfor.drande situasjonar og lange dagar, og det kan vera tungt å motivere seg for å kjøre til øving med storbandet etter jobb. Da er det ekstra flott å oppleva den energien og over.skotet ein får av å sitte og spele saman med andre og kjøre heim att frå øving med eit stort smil om munnen -«It don't mean a thing if it ain't got that swing!» Eit viktig aspekt med jazzmusikken er improvisasjon -musikken blir til i auge.blikket, der og da, ut frå den stemninga og dei kjenslene som er til stades. Å våge å fri seg frå rammene og bevege seg ut i det ukjente. Evne til improvisasjon, kjenner eg att i arbeidssamanheng og. Kvardagen handlar om å vera kreativ og finne gode løysingar i pasientmøtet, sjølv om det ikkje finst noko fasitsvar. Eg brukar musikken aktivt til å finne ro etter å ha opplevd stressande kvardagar og situasjonar, søker trøst i musikken etter dramatiske opplevingar på legevakt, får ut.løp for kjensler og får påfyll av energi. Det er framleis like flott å sette seg ned ved pia.noet og berre kople ut alt anna og fordjupe seg i musikken. Det er noko som verkeleg gjev overskott og glede. Eg er så heldig å ha arva farmor sitt pia.no, og det står no heime i stova. No har eg eigne ungar som sit på mitt fang framfor pianoet for å lære -og kanskje blir det sær.eigne anslaget frå farmor vidareført hos dei?

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf