Distriktslege med byggeløyve

Jarle Hjartaaker

Distriktslege med byggeløyve . JARLE HJARTAAKER Lege i Helsebanken, Øystese Eg er fødd i Norheimsund i 1956, oppvak.sen i Steinsdalen like ovanfor Steinsdalfos.sen. Far min var snekkar og me var sju søs.ken i eit lite Rødlanshus som far min bygde på kveldstid, Det var alltid noko praktisk som føregjekk med snekring eller bilpro.sjekt. I august 1973 drukna far min og to små brødre av meg og eg fekk mykje av dei rollene som omfatta praktisk arbeid i hei.men. Dette har nok betydd my kje for det eg driv med i dag, både medisinsk og i det praktiske, Bestefar min vart ein viktig person for meg. Han var felemaker, bonde, bygdeslak.ter og alt mogelegmann. Han klipte folk og trekte tenner, Det var ein stor og godmodig mann, Han og besto sendte brev til meg heile tida medan eg studerte, Det var pak.kar med strikkasokkar med hundrelappar i til ein fattig student. Bestemor mi var vel.dig omtenksam, fortalde oss mykje frå tida ho vaks opp. Då budde ho i Minnesota der foreldra hennar slo seg ned etter å ha ut.vandra i 1890 åra, ETTER GYMNASET arbeidde eg to år og så, i 1977, begynte eg på medisinstudiet i Groningen i Nederland, Eg bestemte meg tidleg for at eg ville studera medisin, Fleire ting frå mitt eige liv gav meg motivasjon til dette. Aldri har eg angra på dette valget. I Groningen lærte eg å bruke ultralyd under turnustenesta, Dette fekk mykje å seie for praksisen min seinare og eg har drive med ultralyd i almennmedisin sidan 1983, Eg har også organisert ultralydkurs i mange år. Dette har gjort arbeidet veldig motiver.ande og rikare. Eg har prøvd spreia den gode bodska pen til mange andre og meiner det burde vore i alle praksisar, Dette man.glar det enno mykje på, Å få auger på fing.rane gjer mykje ny og nyttig informasjon, det har gjort arbeidet meir spennande og ein får testa ut ein del diagnostiske hypote.ser med det same. No er billedkvaliteten så god at det er eit svært nøyaktig hjelpemid.del og prisane er låge for godt utstyr, Som i alle yrke er det nok perioder som er tyngre, men eg har enno ikkje kvidd meg for å gå på arbeid og eg føler at fritida har vore med på å skape eit overskot til å mak. ... IKKE BARE LEGE}:{ TEMA te jobben , sjølv om dette har vore ein jobb i seg sjølv. Det er nok ikkje alltid det me gjer som hjelper andre, men ofte like my.kje det me er for dei. Som samtalepartner gjer me sannsynleg like mykje som det pillane våre utretter og eg kjenner meg hel.dig som kan ha mykje å snakka med man.ge av pasientane om. Gamle hus og bilar, og ellers det som pregar slike små lokal.samfunn som dei eg praktiserer og bur i. Eg har mykje kunnskap om gamle slekter og kva slags sjukdomar dei hadde. Slik er Ættarbok for Kvam eit godt ekstra bokverk som set slekter i samanheng. BYGG OG BYGGESKIKK har alltid interes.sert meg. Heilt frå me var ungar bygde me hytter og snekra ute. Dette har vore ein ak.tivitet eg har helde på med på sida av yrket mitt heile tida. Det har vore opp-pussings.prosjekt av fleire hus. Interessa for gamle hus har ført meg mange stader. Eg møtte blant anna Paul Christian Rieber som skulle få sett opp att ei bu i fjellet mellom Voss og Kvam. Eg sa han kunne få eit gammalt laft av meg då det originale huset som skulle byggjast opp opprinneleg var bygt i 1884, hadde vorte teken av stormen fleire gonger. Huset vart fjerna like etter år 1900. Berre ei stein- UTPOSTEN 8 • 2014 •f• TEMA }:{ ... IKKE BARE LEGE røys låg att der grunnen hadde stått. Med pasientar og venner bygde med opp att Kiellandbu på Løkjedalsnuten. Nokre hel.ger med dugnad skapte ei flott hytte, som etter den var ferdig, vart gitt til Turistforei.ninga. No er den ein del av deira hyttetil.bod. Ein slik dugnad er noko av det kjek.kaste eg har vore med på og det gav gode kjensler for alle som deltok. Kvar helg fekk me besøk av Christian Rieber. Han var då over 80 år, men gjekk heile vegen for å føl.ga med på det som skjedde. Ein veldig hyg.geleg og inspirerande mann. I 1996-97 begynte eg å byggja opp Har.dingasete på Ljones. Her har eg bygd opp att gamle hus som eg har flytta frå mange stader. Det har berre vore rivningshus, nes.ten alle er tømmerhus, men det er nokre stavbygg. Kanskje er det det prosjektet som har gitt mest utfordring og spenning. Det er lagt vannbåren varme frå sjøen til alle husa. Anlegget er sjølvbygd med isolerte grøfter som er laga av isoporkasser. Husa er plassert i terrenget utan planlegging på kart og alle store tre er teke vare på. Her har eg utfolda meg med my kje som har gitt avkopling frå arbeidet på legekontoret. Mykje vert planlagt i tankane og lagra der utan noko særleg med teikningar og skis.ser. Eg kan ofte sjå det føre meg, og dette gjev ein slags kick som er veldig motiver.ande. På denne måten er det meste plan.lagt. Slik vert tidlege morgonar brukte, og når eg er ute på farten i bil eller på reiser. INTERIØRET er i stor grad frå den tida husa var nye, men det er naturlegvis gjort noko endringar. Opp gjennom åra har eg samla mange tusen gjenstandar som utgjer mykje av innredninga i husa. Mykje får eg tilbod om gjennom pasientar som vil bli kvitt ting dei ikkje bryr seg om lenger, men som dei meiner kan vera med å skape miljø på Hardingasete. Tunet er bygd opp av 21 hus. Det inneheld konferansebygningar og matservering, samt overnattingsmogeleg.heiter for omtrent 80 personar. Her er eg ofte med story-telling og møter mange kjekke og interessante personar. Som of.tast brukar eg bryggjarhuset som eg har der. Her produserer me øl og sider som vert severt med gode historier og noko å bita i. For fem år sidan begynte Siv og eg med eit nytt prosjekt. Me skulle byggja oss nytt hus og eg hadde eit hus liggande som eg hadde demontert i Samnanger. Det var eit sveitserhus frå 1899. Me hadde kjøpt oss tomt i Øystese og bygde hus, løe og stabbur av rivningshus. Her flytta me inn for vel fire år sidan. Det har såleis vore recycling av mange gamle bygningar som har vore livet mitt utanom det å vera lege og driva med eit fag som eg er veldig glad i. Husbyg.ginga og det å ta vare på ein kulturarv har vore veldig inspirerande og det er nok ofte litt samtale rundt dette på kontoret også. Mange av mine pasientar er eldre personar. Denne ressurssen av masse kunnskap får eg ofte ta del i, og mange blir engasjerte når dei kan læra doktoaren noko. Eg seier at eg er heldig som har så mange konsulen tar på besøk heile tida. Mykje lærdom om gam.mal byggeskikk kjem frå desse konsulen.tane, det gir gode samtaler og felles glede for alle. God jul til alle saman. . JARLEHJARTAAKER@)GMAIL.COM I.•• UTPOSTEN 8 • 2014 1

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf