Bokanmeldelse: Ein handelsreisande i død av Per Fugeli

Lisbeth Homlong

BOKMELDING Ein handels.reisande i død Per Fugelli Journalen Universitetsforlaget, 2013 268 sider Professor i sosialmedisin Per Fugelli gav i 2010 ut boka «Døden skal vi danse?» som handla om korleis forfattaren opplevde å få alvorleg kreftsjukdom i 2009. Han reflekterte då over kva plass døden har fått i vårt moderne sam.funn og han fortalte om sitt møte med helse.tenesta. Hans nye bok «Journalen» følgjer Fugelli vidare frå våren 2010, idet han er ny.operert og kreftfri, og fram til mars 2013. Boka inneheld ein personleg journal, ein sosi.almedisinsk journal og ein journal som rap.porterer om helsetenesta sin helsetilstand -alle nedteikna som daterte, personlege dag.boknotatar. Til slutt, som eit appendiks, føl.gjer ein kopi av Per Fugelli sin eigen medisin.ske journal frå Oslo Universitetssjukehus. Forfattaren sine eigne dagboknotater står i skarp kontrast til den nøkterne, objektive og tekniske forma som den medisinske journalen har. Må det vere sånn' Nei, meiner Fugelli. Han tek til orde for at pasienten sjølv skal kunne skrive i sin eigen medisinske journal, slik at pasienten si eiga stemme blir høyrt. Slik kan legen få høve til å oppdage ting av medisinsk verdi som ikkje kjem fram på an.dre måtar. Legen treng også å bli minna på at den sjukdomsfortolkinga som den objektive medisinske journalen inneheld, berre er ein liten del av den sjukdomsopplevinga som pa.sienten har. I boka følgjer vi professoren på reise rundt om i landet, som føredragshaldar. Døden er hans agenda. Han er ikkje framand for å vere kritisk til sitt eige prosjekt: «Jeg har blitt en handelsreisende i død. Har jeg gjort døden triviell?» Korleis samfunnet og helsetenesta handterer den alvorleg sjuke, den døyande og døden er eit sentralt tema i boka. Vi treng ei ny Lov om folkedød, seier han humoristisk. At sjukdom og død er uunngåeleg i menneskeli.vet blir underslått i samfunnet vårt, meiner forfatteren. Han hyller vårt rettferdige helse.vesen og alle dei dyktige fagfolka han har møtt, men gjentek den kraftige kritikken av systemet vi har skapt som tillet at han i løpet av eit og eit halvt år med alvorleg kreftsjuk.dom møter 37 forskjellige eingongslegar, der ingen brukte meir enn seks minutt på konsul.tasjonen. Systemet tingleggjer pasienten. «Den personlige legen er død i norske syke.hus,» hevdar han. Han har langt på veg rett, trur eg. Utviklinga er øydeleggjande for den tillit som er nødvendig for at pasienten skal føle seg ivaretatt, meiner den profilerte sosial.medisinaren. Fugellis tekst er krydra med eigne fortel.jingar frå livet sitt, om samver og reiser til Røst, Jæren og Marokko med den nære fami.lien, skildringar frå nærmiljøet hans på Tøyen, møte med vanlege folk på reiser rundt om i landet, ispedd eigne refleksjonar, visdomsord, sitat frå verdslitteraturen og utdrag frå dikt som utdjuper og utfyller tematikken. Dei vik.tigaste bodskapa vert gjentekne med jamne mellomrom gjennom boka; at helse vert skapt utanfor helsevesenet, i form av verdighet, handlingsrom, tilhørigheit, meining, trygg.leik; at du skal bry deg om flokken din -ikkje vere eit eittal på jorda; at vi må ta døden til.bake, godta at den finst. Dette litterære verke.midlet opplever eg som ei styrke ved boka. Fugelli hamrar det inn, det viktigaste han vil formidle. Han framstår innimellom som ein emissær på vegne av den gode sak -og det i positiv forstand! På sitt svakaste er Fugelli når han vert for politisk, etter mitt syn. Hans kritikk av Fram.stegspartiet er sterk -mykje med rette. Hans resept er raud. Men han knyt det gode ved den norske velferdsstaten alt for tett opp til ei viss politisk retning, eit politisk parti. Dette svekkar det allmenngyldige ved bodskapen hans, meiner eg. Den politiske agitasjonen kunne han med fordel ha tona ned, i staden står han i fare for å skyve folk unna. Hans begeistring for kvardagsmennesket, den middelmådige, I var Aasens «mellom jamningar trivast eg best» har eg sansen for. Men også her har Fugelli ein tendens til å ta det for langt. I alt for stor grad omtalar han med forakt dei som utmerkar seg, dei som presterer noko utanom det vanlege, den så.kalla eliten. Å sjå Petter Northug vinne OL.gull på ski, Usain Bolt sette verdsrekord på roo meter. Sjølv om eg ikkje er ein atlet sjølv, så har eg stor glede av å sjå at andre med ta.lent utmerke seg, prestere. Det betyr ikkje at eg foraktar det svake. Meiner Fugelli at vi berre skal ha plass til dei middelmådige? Per Fugelli sjølv er heller ikkje noko gjennom.snittsmenneske. Er ikkje han usedvanleg god til å takle sjukdom og liding? Han er i toppen når det gjeld å meistre kreft, rett og slett! Har han tenkt på korleis andre med kreft opplever det, dei som ikkje meistrar kreften, som går under av sjølvmedlidenheit og smerte idet dei får ein alvorleg, dødeleg sjukdom' Fugelli har likevel eit poeng når han stiller diagnosen på samfunnet vårt, ein framveks.ande tendens i det moderne Noreg, der vi i større grad enn før dyrkar perfeksjon, einara.ne, og at vi har fått eit mykje større gap mel.lom dei som lukkast og dei som ikkje meistrar -og i det ligg det også eit større stigma. Vi følgjer forfattaren fram til mars 2013, i arbeid, i samveret med familien, som medie.aktør og rikssynsar, som pasient, han får etter.kvart metastaser av sin kreft til lungene, og må vente i månadsvis på at dei små svulstane skal bli store nok for at dei -kanskje -kan opererast vekk. Han lever på lånt tid. Eg hå.par at «Journalen» ikkje blir forfattaren si siste bok. Den er lesverdig, humoristisk og tankevekkande. Per Fugelli er ei viktig stem.me i det offentlege Noreg og eg håper at han blir hos oss ei god stund til. Stay alive, Per! Lisbeth Homlong UTPOSTEN 6 • 2013

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf