Bokanmeldelse: Syngja.

Lisbeth Homlong

BOKANMELDELSE Det er den draumen me ber på Lars Amund Vaage Syngja Forlaget Oktober Olav H. Hauge har skrive eit av dei mest po.pulære dikta i Noreg i moderne tid. Diktet startar slik: «Det er den draumen me ber på, om at noko vedunderleg skal skje.» Av ein eller annan grunn kjem dette diktet til meg undervegs i lesinga av romanen Syngja. Lars Amund Vaage hadde stor suksess som forfat.tar i fjor, då han vann Brageprisen for denne romanen, der han frå ein far sitt perspektiv skriv om korleis det er å ha ei dotter med al.vorleg autisme. Romanen byggjer på forfatta.ren sine eigne røynsler med eit autistisk barn. Når romanen tek til, er den utviklingshemma dottera, G, blitt 34 år, og ho bur på institusjon. Forteljarstemma, faren til G, har flytta til ein annan kant av landet. Han har bestemt seg for å skrive ei bok om dottera si og reflekterer på same tid over kven han skriv boka om: «Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om lei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det korn nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i n1unnen hennar.» Så tek han oss tilbake i tid. Til ein ung mann som køyrer rutebuss i Hardanger. Mannen møter ei ung kvinne. Dei forelskar seg. Så blir dei med barn. Alt ligg til rette for lukka. Men så viser det seg at barnet ikk je uviklar seg slik det skal. Det har ei alvorleg funksjonshem.ning. Faren seier det denne måten: «Det finst ei soge eg ikkje veit om eg kan stå inne for. Den soga går slik: G korn til oss, det vakre, fullkomne barnet, og vi gledde oss, det var lukka. Så viste det seg at ho var funksjons.hemma, og då tapte rne lukka. I staden korn sorga inn i heimen. Er det ikkje ei tung bør å leggje på eit stakkars fuksjonshernrna rnenne.sk je, som sanneleg har problem nok frå før, at ho også er eit stort vonbrot for foreldra? Ei stor sorg kjern inn i livet til foreldra, eit lite barns fryktelege funskjonshemming'» Romanen forte! så korleis det er å vere for.eldre til G. Vi følgjer mor, far og barn gjen.nom oppveksten til G. Om korleis dei opple.ver helsevesenet, hjelpeapparatet. «G blei henvist til PP-tenesta og så gjekk det slag i slag.( ... ) Ein dag gjekk med inn p:l PPT.kontoret, og det er som om rne aldri korn oss heilt ut igjen. Det finst endå kontor der rne blir nemnde. Det finst møte der me er samtaleem.ne.( ... ) Me er i det såkalla hjelpeapparatet. Me har blitt slusa gjennom barnehagar, skular og institusjonar. Me har vore på leirar og avlast.ningsheirnar. Ikkje minst har vi vore på samar.beidsmøter og ansvarsgruppemøter.» Det handlar om håp, resignasjon, fortviling. Og til slutt aksept? Romanen gir etter mitt syn eit unikt og realistisk bilete av korleis det er å vere pårørande til eit sterkt funksjons.hemma barn. Og det på ein svært vakker og rørande måte. Det vert ikkje lagt skjul på vonbrot og slit, men samtidig viser forfattaren fram mennesket bak funksjonshemninga. I møtet med menneske som lir av autisme, så trur eg at dei fleste av oss kan kjenne oss tem.meleg hjelpeslause. Normal kommunikasjon, spesielt gjennom språk, strekkjer ikkje til. I Syngja viser forfattaren fram for oss andre måtar å få kontakt på, til dømes gjennom mu.sikk. Og han viser at det kan vere eit sterkt band mellom menneske, sjølv om ein ikkje har den språklege kontakten. Syngja er i tillegg ein metalitterær roman. Den reflekter er over språket og skrifta i seg sjølv. Kan språket fange den som sjølv er utan språk' Dette skal ideelt sett vere sk jønnlitte.raturen sin misjon. Men er det mogleg? Og kva med ho som aldri kan lese eller ta stilling til det som er skrive om ho, er det riktig å blottstille ho i ein roman' Men nokon må setje ord på korleis det er å leve med eit slikt barn, innvender forfattaren. Og autistane er menneske som lever mellom oss, og dei må også få ei stemme. Det metalitterære gir ein dimensjon til boka som løftar ho opp frå den reine fortel.jinga om foreldra med det autistiske barnet. Samtidig gir det autistiske barnet med sine spesielle utfordringar nettopp eit unikt ut.gangspunkt for å diskutere slike romanteore.tiske problemstillingar. Ein kan ikkje fortelje utan håp, seier forteljar-stemma i boka. Sam.tidig skildrar han håpet undervegs: håpet om at G skulle bli som alle andre, så at ho skulle bli nesten bra, så at ho skulle korne seg, til slutt at ho skulle lære litt. Han måtte gi opp det også. «Eg gav det opp. Eg meinte eg innsåg proble.ma hennar. Så trudde eg ho skulle leva godt, i tråd med sitt vesen, i nær kontakt med vener og familie. At ho skulle finna fred eller ei slags lukke. Eg veit ikkje om ho har funne det. Eg veit ikkje om ho kan greia slikt. Eg veit så lite on1 henne.» Når eg las denne boka kjente eg på ein sterk nerve, at noko stod på spe!. Kanskje er det det personlege høvet som forfattaren har til stof.fet, som gir denne effekten på lesaren' Kan.skje er forfattaren snublande nær noko sant, eller verkeleg' Den same kjensla får eg når eg les Olav H. Hauge sitt dikt. Dikt kan gjerne tolkast ulikt etter kven som les det, men dette diktet handlar for meg også om håp, ein leng.sel etter kontakt, draumer om å verkeleg nå inn til eit anna menneske. Lisbeth Homlong UTPOSTEN 2 • 2013

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf