Leserbrev: «Gode rammer - keisamt innhald?»

Bjørg Bakke

LESERBREV «Gode rammer -keisamt innhald?» Er det eigentleg nokon som har oversikt over k va medisinstudentar tenker om faget all.mennmedisin? Nei, fann eg ut i april i fjor, då eg skulle halde eit innlegg på årsmøtet til Norsk foreining for allmennmedisin (NFA). Eg prøva difor å spørje mange av mine med.studentar om kva dei tenkte. Dette var stu.dentar frå alle fakultet, på ulike kull (n=50). Utifrå svara vart det raskt klart at det all.mennmedisin meir enn noko anna slit med, er eit omdømmeproblem. Mange medisinstu.dentar ser på det å bli allmennlege som noko sekundært, noko dei «endar opp som». Dei ser ikkje på det som eit medvite karriereval, men som eit endepunkt etter at spesialisthel.setenesta har tatt både tida og energien din. «For lite utfordrende, for kjedelig». Det er urovekkande at mange medisinstu.dentar er redde for at ei karriere innanfor all.mennmedisin medfører eit overtal av slitsame pasientar, av blodtrykkskontroll og Marevan. Det er kanskje ein del av allmennlegens kvar.dag, men det er vel ikkje heile? Det er påfal.lande at mange medisinstudentar er redde for at ein skal bli sitjande åleine, utan moglegheit til å ha eit støttande kollegium eller nokon å diskutere både oppturar og nedturar med, i eit langt yrkesliv. «Jeg vil jobbe på sykehus mens jeg fortsatt har livsgnisten og bli fast.lege når jeg blir middelaldrende». Kvi for skal allmennmedisin akseptere eit om.dømme der ein blir endestasjon for utbrente eller slitne legar' Dette er ikkje den realiteten eg har møtt, ei heller dei allmennlegane eg kjenner til. Men kvi for er det då slik at mange medisinstudentar har dette inntrykket? Kvar kjem diskrepansen mellom realiteten og ein del av dei negative haldningane nokre har mot allmennmedisin' «Frihet, egen profil og se hele men.nesket». Allmennmedisinen som fagfelt og allmennlegar som yrkesutøvarar gjennom.gjekk ei krise med fastlegereforma i fjor. Den sette i gang eit enormt engasjement, men ut.vikla seg kanskje også for langt. For kva er det me som medisinstudentar hugsar? Jau, at nokon gjekk ut og sa dei ikkje lengre kunne anbefale medisinstudentar å gå inn i allmenn.medisin. Allmennlegane må ta tilbake kon.trollen over sitt eige fagfelt og ikkje minst sitt eige rykte. Er sitata frå mine medstudentar reelle? Eller er du ueinig? Viss det er tilfellet, så må dykk gjere noko med saka! Ein må ta kontroll over grunnutdanninga, over dei haldningane medisinstudentar endar opp med i eit studium som stadig blir hardare pressa, der praksisveker i allmennmedisin stadig vert kutta. For at allmennmedisin skal få eit godt om.døme må også du som allmennelege ta ansvar. Vis engasjement gjennom å endre på haldnin.gane som mange medisinstudentar har, dog ikkje alle. Set press på universitet, på kollegaer som arbeider i spesialisthelsetenesta som stadig kritiserer allmennlegar på forelesing. Ikkje sit på kontoret ditt og klag over manglande re.kruttering -ta kontakt med medisinstudentar, med universitet eller andre. Ver med å endre på haldningar og dermed få fl.eire dyktige framti.dige allmennlegar inn i primærhelsetenesta. La oss unngå situasjonen «at en glemmer at de også finnes» Det er på tide å ta ryktet tilbake, folkens. «Spennande innhald og gode rammer.» Bjørg Bakke leiar Norsk medisinstudentforening

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf