To be Bjørn-Inge Larsen or not? That is the question.

Lisbeth Homlong

To be Bjørn-Inge Larsen or not? That is the question. To be Bjørn-Inge Larsen or . LISBETH HOM LONG PhD stipendiat, lnstittutt for helse og samfunn, UiO Ein laurdag i juni sat eg saman med familien i stasjonsvogna og stanga i kø på ring 3. Vi var på veg til Nesodden for å vitje vener og hadde samla saman barn, hund og oss sjølve og lagt av garde. Eit mørkt, tungt og lågt skydekke låg over hovudstaden. Regnet plaska ned i strie straumar. Store dammar av vatn hadde samla seg i vegbana. At ein junidag i Oslo kunne drukne på denne måten, som ein vest.landsk haustdag på sitt verste, det kunne eg knapt tru! Eg kjencle meg nesten som heime. På grunn av omfattande vegarbeid ved Økern og uvanleg mykje biltrafikk til ein laurdag føremiddag å vere, stod vi nærast bom stille. Barna krangla i baksetet, dei var svoltne og tørste og maste stadig på om vi ikkje snart var framme. Vi vaksne forsøkte å halde motet oppe. Laurdag føremiddag er som kjent ei gullgru.ve når det gjeld radioprogram, så vi fann ut at dette var eit godt høve for radiolytting. Det var tid for Ukeslutt på NRK P2. Fedmeepi.demien skulle opp til debatt. Kjetil Johansen, ein noko perifer vararepresentant til kommu.nestyret for Framstegspartiet i Kvinnherad kommune i Sunnhordaland, hadde korne med eit utspel på sin Facebook-profil. Saka hadde fått rikeleg med mediaomtale i veka som var gått. Han proklamerte at feite mannfolk var noko av det jævligaste som fanst. Dette var utgangspunktet for debatten. «Det osar av sjølvforakt og gi faen-menta.litet», sa han vidare. «Feite mannfolk bør tvangsjoggast kvar einaste, forbanna dag. Menn har inga unnskyldning for å vere fei.te». Drøye saker! På Ukeslutt var den tidle.gare tjukkasen Kristian Fjellanger innkalt som motdebattant. For dei som ikkje kjenner til mannen, så kan eg opplyse om at han er journalist og forfattar. For eit par år tilbake kom han ut med boka «Feit. Mitt liv som tjukkas», der han skildra motivasjonen for (ha seg med fleire damer) og korleis (mål me.dviten trening, omlegging av kosthald -og begynne å røyke!) han hadde klart å gå ned over 70 kg. Han har sidan vare ein aktiv sam.funnsdebattant på dette med overvekt og slanking, og er mellom anna opptatt av skam og stigmatisering av overvektige og at ein må vere glad i den kroppen ein har. Sjølve disku.sjonen følgde forutseielege spor. Er det sånn at tjukke folk berre kan ta seg saman? Eller er det samfunnet som har ansvaret for heile problematikken' Klokka passerte halv to. Vi var allereie alt for seint ute. Husbonden hadde fått det for seg at det var til Snarøya vi skulle -ikkje Nesodden -og hadde planlagt ei alt for sein utreise frå heimen. Så kom regnveret. Og køa. På radioen gjekk Ukeslutt over i Studio Sokrates. Eit så hyggeleg radioprogram var eit plaster på såret for den ulideleg lange bil. turen. Studio Sokrates er noko så eksotisk som eit program om jazz og filosofi. Når eg høyrer den kjencle intromelodien, vert eg glad inni meg. Ein av programleiarane er Knut Borge, journalist og jazzentusiast. For dei som ikkje kjenner så godt til Knut Borge, så er det han fyldige med briller som i ei årrekkje har vare pro.gramleiar i NRK, både på tv og radio, for Spellemannsprisen, 20 spørsmål, Blues. asylet og mange fleire. Knut Borge er 63 år gammal og bur på Adamstuen, sentralt i Oslo, finn eg ut når eg googlar mannen. Det siste visste eg for så vidt frå før, eg har vener som bur i nabolaget hans, og for nokre år tilbake såg eg han stadig ute på tur med bikkja. Eg finn ut at det må ha vare mopsen Peggy, den tredje mopsen i rekk ja, som det står i eit intervju i eit gammalt nummer av ve.kebladet Se og Hør. I det nemnte intervjuet forte! Knut Borge også at han lir av hjartesjukdom, nyleg var han innlagt på sjukehus: «Hjerteproblemer er selv.sagt ingen spøk. Men legene i dag er så flinke, så det tenker UTPOSTEN 8 • 2012 TEMA: MENING I LIVET not? That is the question jeg minst mulig på» , uttalar han. Sjå der! Det er ei haldning allmennlegen i meg likar! Han forte! vidare at han har fått diagnosen diabe.tes type 2, noko som gir visse føringar for livs.førselen. Det har han tatt eit visst tak i, seier han. Dette får meg til å reflektere over Knut Borge si helse. Den er kanskje ikkje så god. Men det kjem vel an på kven du spør. Eg har aldri spurt Knut Borge personleg, men det ser ut som om han har det ganske bra med seg sjølv, trass hjartesjukdom og diabetes. Han er stort sett i godt humør, han ser ut til å trivast i jobben sin, han har interesser som han bren.ner for. Eit par veker før den regnfulle køyreturen til Nesodden møtte eg Knut Borge, vi tok heis saman i det gamle posthuset i Bergen sen.trum, det som no husar kjøpesenteret med det moderne namnet Xhibition. Borge var tyde.legvis på veg til restauranten på toppen av bygget den søndagen i mai. Han var i følgje med ei dame. Eg tenkte at han var blitt gam.mal, og dessutan var han litt dårleg til beins. Elles såg han stort sett ut slik som han alltid har gjort. Det var Nattjazz -det var nok der.for Borge var i Bergen. Førre natta hadde det vore tropenatt. Det var så fint! Vi var oppe seint og vi drakk øl. I Vågsbunnen var vi på konsert med the Real Ones. For dei som ikkje kjenner the Real Ones, så er det eit strålande folk-rock band frå Bergen som har halde på i ei årrekkje og har gitt ut mange fine plater. Lars Lilla-Stenberg frå deLillos var gjeste.artist, og med si karakteristiske stemme song han -av alle ting -den gamle Aretha Franklin-slageren «(You make me feel like) A natura! woman» og ingenting i verda høyr.dest meir naturleg ut enn det. Eg har knapt høyrt ein betre versjon. Eg var saman med gode vener. Etterpå gjekk vi på bar. Eg hadde eigentleg planlagt å bruke helse.direktør Bjørn-Inge Larsen som utgangs.punkt i denne teksten. Men så kjem altså følgjande pressemelding; «Bjørn-Inge Larsen er fredag 26. oktober 2012 utnevnt til ny de.partementsråd i Helse-og omsorgsdeparte.mentet. » Og han tiltrer med umiddelbar verknad, står det vidare. Søren klype! Dette var veldig irriterande! I skrivande stund er altså ikkje Larsen helsedirektør lenger. Men han har vore det inntil ny leg. Og i dei r r siste åra. Eg bestemmer meg for å skrive noko om Larsen likevel. Han skal trass alt ha ei sentral rolle i norsk helsepolitikk framover også. Eg kjenner ikkje Bjørn.Inge Larsen personlig, men eg tviler ikkje på at han er ein flink fyr. Tvert om. Han er ein person som veit kva han snak kar om. Han har til no gjort ein frami.frå jobb som helsedirektør. I anti-røykjearbeidet, til dømes. I Bjørn-Inge Larsen si tid som helsedirektør har andelen unge daglegrøykja.rar falle frå 29 til 12 prosent. I folkehelsearbeidet har han vore opptatt av inaktivitet og overvekt, riktig ernæring, tobakk-og alkoholbruk, dessutan sosial ulikskap i helse. Alt dette er veldig bra! Det er derfor vanskeleg å ha noko i mot Bjørn-Inge Larsen, så flink og solid som han fram.står. Men som den fremste tals.personen for folkehelse her i landet, er han nesten for perfekt. Han er eit hundre prosent helse, den mannen. Han har tatt mer.ket kvar gong han har delteke i Birkebeinerrennet. Og han har delteke mange gon gar! I tillegg er han velstelt, kortklipt, slank og solbrun. Med sykkelhjelm og kondomdress syklar han til og frå jobben kvar dag. For eit press for oss andre! Men han lever i alle fall som han lærer, det skal han ha. Eg går ut frå at han har god helse, den godaste (nettopp av.gåtte) helsedirektøren. Kanskje kan vi håpe på at den nye direktøren liknar litt meir på oss vanleg dødelege. Om han eller ho bør likne meir på Knut Borge, er vel kanskje å ta det vel langt. Men kan Bjørn-Inge Larsen og Knut Borge begge ha god helse, undrar eg? No veit eg heller ikkje kva slags oppfatning Bjørn-Inge Larsen har om si eiga helse, men han ser veldig frisk ut. Likevel kan det tenkast at han også har bekymringar og skjulte helseplager. Kva som er god helse er eit definisjonsspørsmål og for ulike personar betyr det ulike ting. Kva som er kjelda til opplevd god helse kan også vere ulik. Som helsepersonell har ein alltid to bal.lar i lufta når det gjeld helse: ansvaret for en.keltindividet og ansvaret for folkehelsa. Skal alle leggjast i same form? Og korne ut av omnen som Bjørn-Inge Larsen? Kan du ha god helse utan å trene fem gongar i veka, ete fem frukter per dag, ha 10 prosent kroppsfeitt, ikkje røyke, ikkje drikke, og legge deg klokka 22 kvar kveld' Er det lov å ha dårleg helse, viss det er det du ønsk jer? Eller vere nøgd med den helsa du har om den ikkje tilfredsstiller dei statlege minstemåla for god helse? Kan du vere feit og likevel nøgd med livet? I september vart Jonas Gahr Støre ny helseminister. Eg såg han på Dagsrevyen kort tid etterpå, då han besøkte St Olavs hospital i Trond. heim. Eg tenkte: No er du blitt litt for mager, Jonas, har det blitt litt for mange tur.ar til Ullevålsseter med Jens i det siste? Jonas er på ein måte i same klasse som Bjørn-Inge. Og sjølv om eg er veldig begeistra for Jonas, så veit eg ikkje om det alltid er uproblematisk. Jonas er definitivt i ei anna klasse enn Knut. Men eg likar faktisk Knut like godt. Eit lite stykke etter Sinsen, på veg mot Nes.odden, kunne vi ta ein stikkveg ned mot høg.re. Like før hadde vi vurdert å snu nasen heimover. Vi tråkla oss gjennom småvegane i byen og hamna til slutt på E39 sørover. Etter dette løyste alt seg. Vi skulle vitje ein tysk kol.lega som eg i si tid vart kjent med i turnustida på Rana sjukehus. Det var ikkje vanskeleg å finne fram, for utanfor huset hans stod ein svær campingbil parkert. Han hadde cam.pingbil då han var assistentlege i Mo i Rana også, der vi mistenkte at han hadde fått mot.orstopp i rundkøyringa ved Selfors bru og til.feldigvis blitt plukka opp av avdelingsoverle.gen ved medisinsk avdeling. Korleis skulle elles ein lege frå Kasse! sentralt i Tyskland slå seg ned på Mo' Men det er ei anna historie. Då vi kom inn i stova stod det rykande varm, heimelaga tomatsuppe med nybakt foccacia.brød til på bordet. Det gjorde godt for både kropp og sjel! lisbeth.homlong@hotmail.com UTPOSTEN 8 • 2012

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf