Meistring.

Thale Hatlen

Meistring.  THALE HATLEN LIS, Psykiatrisk avdeling, Ålesund sykehus Ei ung kvinne i tretti-åra var tilvist til meg med følgjande problemstilling: «Siste månadane hadde ho kjent på ei slags utmatting, vare nedstemt, verka i muskulatu.ren i ryggen og beina, opplevd å ikkje meistre jobben lenger, klarte ikkje å følgje opp barna på skulen. Ho hadde stor omgangskrins, had.de vare aktiv sosialt, stått på jobbmessig, og hadde vare ein entusiastisk person. No hadde ho fått tankar om at ho kanskje ikkje orka metr.» Er det ikkje dette som ofte kan sette oss menneska ut av spe!? Å ikkje meistre oppgå.vene våre meir' Ikkje fungere slik som ein gjorde før? Å meistre er viktig. Å meistre er noko vi menneska treng for å bli bekrefta, heilt frå vi er små bom. Denne kvinna som gjekk i samtaletera.pi, opplevde å ikkje meistre meir. Ho vart sju.kemeldt, og ho vart gåande heime. Dette be.tydde for ho at ho måtte stoppe opp og kjenne etter. Det hadde ho aldri gjort før, sa ho. Stop.pa opp og kjent etter. Og det var vanskelig å kjenne etter. Ho ville helst berre vere som før -jage på og meistre alle oppgåvene, men det klarte ho ikkje lenger. Det sa stopp. Ho måtte for første gong berre vere heime og prøve å gjere det beste ut av det. Og det var då ho byrja å kjenne etter, ufriviljug. Kjensler ho ikkje visste ho gikk rundt og bar på. Det ho kjente på for første gong var ei sorg. Å kjenne på denne sorga var meir enn ubeha.geleg. Ho visste ikkje kor det bar hen med ho, midt inne i denne flaumen av sorgkjensle. Overlevde ho eller kom ho til å drukne inne i denne overveldande flaumen' Døy altså. Ho kjende med eitt på ein dødsangst som ho ikkje visste om at ho hadde i seg. Ein angst for å måtte forlate dei ho var mest glad i, barna og mannen. I det same tenkte ho på faren og mora som hadde døydd av ein langsam kreft.sjukdom. Ho hadde sett korleis livet bleikna meir og meir bort i dei, etter som månadane gjekk. Til slutt var der berre eit magert skin av kveldssol igjen i augo leira. Berre ein må.nad seinare var begge borte. Det hadde på ein måte ikkje gått heilt opp for ho den gon.gen, kva det var som hadde skjedd rundt ho. Mista begge foreldra i løpet av ein månad. Jau, visst hadde det vare trist! Men ho hadde liksom ikkje hatt tid til å stoppe opp å gråte. Jobben venta og barna kravde sitt. Ikkje før no. No gret ho. Og medan ho gret og gret, opplevde ho smått om senn at det UTPOSTEN 8 • 2012 TEMA: MENING I LIVET ikkje var farlig å gråte. Ho drukna ikkje. Og ho mista ikkje grepet på seg sjølv noko meir, slik ho hadde frykta. Kvifor hadde ho sperra kjenslene inne i seg sjølv i alle desse åra? Når ho tenkte etter, hadde ho ikkje grått som barn heller. Ho skulle vere mor si sterke jente, for ho mor, ho hadde så mykje å stå i. Ho hadde gard, og han far var ute på sjøen for det meste. Og småsøsken hadde ho og. Ei av dei hadde hjerneskade. Ho måtte vere den som passa på og vere sterk. Ho hadde aldri fortalt mor om kor redd ho var om hausten, når det storma som verst rundt husnova, og han far var ute på sjøen. Ho tenkte på korleis det skulle gå med dei, dersom far drukna. Kva skulle dei då leve av? Garden med sauene? Jau, dei kunne vel det. Men angstkloa vika ikkje ein tomme, same kor my kje fornuft ho snakka til seg sjølv, der ho låg vaken om natta. Slik forte! ho i ti mane, denne kvinna, som aldri hadde grete før. Nokre timar forte! ho utan å vere tilstades kjenslemessig. Ho forte! då i ein jamn, monoton straum, om alt og ingenting, som om det ikkje skulle vedgå ho, det ho forte!. Eg vert trøytt då, som terapeut. Andre timar gret ho og snak kar om kjenslene ho ikkje delte med nokon som bom. Det er godt å kunne sjå kor klar ho blir i blikket etterpå, og det er godt å sjå roa som breier seg utover andletet hennar. Ein time for litt sida, sa ho til meg: « Veit du? Det eg opplever no, er meir verdt enn alt eg har tapt av meistring i ar.beidslivet siste året. Eg har begynt å meistre meg sjølv, mine kjensleflaumar, sa ho. No er det ikkje berre flaumar, men små bekker som renn jamt, og dei gjer meg ikkje det spytt redd, altså. Dei er ein del av meg, og eg kjen.ner meg faktisk rikare. Ja, eg er rikare enn før. På godt og vondt. Sorga og gleda. Dei er ein del av meg som eg hadde jaga vekk, frå eg var lita, men no, når eg er her, tør eg å kjenne på alt. Og det gjer meg ikkje redd len.ger. Eg tåler kjenslene mine! Denne kvinna gjekk hos meg i samtale.terapi i eit år. Ho opplevde i denne tida ei form for katarsis, som ho sjølv uttrykte det. At dei undertrykte kjenslene hennar vart henne medvitne og endeleg fekk korne til uttrykk. Som terapeut opplever eg at det er dei ubearbeidde kjenslene i høve til uheldige re.lasjonar eller opplevingar i livet, som set stei.nar i vegen hjå den einskilde. Og eg tenker då sjølvsagt på røynsler som har vore så belastan.de for den enkelte, at ein har mista ein del av livsgleda. Å brenne inne med for mange van.skelege kjensler, utan å ha nokon å dele dei med, kan etter kvart gi symptom både i form av angst og depresjon. Andre slit med fysiske plager, for eksem.pel i form av uspesifikke muskelsmerter, som ofte viser seg å kunne vere relatert til umed.vite, mentalt stress. Psykomotorisk fysioterapi vert ein god del brukt på slike pasientar med godt resultat. Dette handlar også i aller høgste grad om å lære å verte medviten eigne emosjoner. I terminologien innanfor feltet mindful.ness, som er ei anna behandlingsform som vert meir og meir nytta både innanfor det fy.sikalsk-medisinske faget og innanfor psykia.trien idag, legg ein vekt på dette med opp.merksamt nærvær. Dette inneber mellom anna at ein øver på å vere til stades meir i nået, med kroppen og med sansane. Kanskje er denne siste behandlingsforma som synast å vere på full veg inn her i Norge, eit hint om at vi nordmenn heller ikkje er så flinke til å avspenne, eller være oppmerksomt nærværande ? Då kan mindfulness eller an.dre kjente avspenningsteknikkar vere ei byr.jing for å snu denne trenden i motsett lei, til det betre og meir helsefremjande. Thale-Hatlen@helse-mr.no UTPOSTEN 8 • 2012

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf