Liten gut fortel. - dikt av Jan Magnus Bruheim

Liten gut fortel. - dikt av Jan Magnus Bruheim TEMA: MENING I LIVET Liten gut forte! Eg fekk det ordet eg var tverr og lei og vrang og sky og skjerr. Eg ikkje anna høyre fekk, og sturen var eg kvar eg gjekk. Visst er eg vrang og vond og sur, eg må vara slik dei trur. Så hende det ein vakker dag at all ting fikk eit anna lag. Igjennom veggen høyrde eg at nokon tala godt om meg. Eg ville ikkje lyde på, men stilcle meg så lett på tå. Og høyrde eg før eg smeit meg ut: «han er så grei og gild den gut». Eg kvakk litt til, men var så glad då eg fikk høyra kva dei sa. Eg gøymde meg og sto og gret, men alt i kring vart så ljost og let. Og midt i gråten tenkte eg, at når dei trur så godt om meg då skal eg jamn syna dei at eg kan vara god og grei. Dei godord gjorde dagen bjart. Å du, kor hjertevarm eg vart. Jan-Magnus Bruheim fra boka «Doggmorgen og andre barnerim» L j / I UTPOSTEN 8 • 2012

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf