Utpostens dobbelttime: Lagspelar med leiartalent.

Ola Jøsendal intervjua av Lisbeth Homlong

Utpostens dobbelttime: Lagspelar med leiartalent. «Å lukkast gjennom andre sin innsats er eit fellestrekk, både i idrett og administrasjon og leiing i andre samanhengar», seier Ola Jøsendal, avdelingsdirektør for Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen. Han er også ein profilert trenar og idrettsleiar, og i 2007 då Sports.klubben Brann vann eit etterlengta seriegull i fotball, var han ein av fem trenarar, med ansvar for den fysiske delen av treninga. Han leia også klubben sitt helseteam. I våre krinsar er Ola Jøsendal kanskje mest kjent for sitt samfunnsmedisinske engasjement. Som mangeårig leiar for Leger i samfunnsmedisinsk arbeid (LSA), var han i ei årrekk je ein iherdig talsmann for dette fagfeltet. I fjor fekk han prisen «Fyrbøteren» i samband med LSA sitt årsmøte, for sitt store engasjement og kontinuerlege ar.beid med å betre samfunnsmedisinen sine kår. Det var Jøsendal sjølv som i si tid tok initiativet til å dele sam.funnsmedisinarane inn i ei yrkes-og fagmedisinsk foreining. I det heile teke er han ein mann som er kjent for slike nyvinningar, og han vert av dei som kjenner han skildra som ein nytenkar og pådrivar for nye måtar å orga.nisere ting på. På ein uvanleg kald og snørik januarkveld til Vestlandet å vere, køy rer eg frå Bergen mot Knarvik i Nord-Hordaland, der eg har avtala å møte intevjuobjektet på Nordhordland legevakt, interkom.munal legevaktsentral for Aeire kommunar i distriktet. Han møter meg i treningstøyet og framstår umiddelbart noko avventande og skeptisk. Å møtast akkurat her, er likevel ganske passande, synast underteikna, for legevaktsamar.beidet fei rar ti år i år og det var nettopp J øsendal, då verande kommunelege i Radøy, som stod i bresjen for å få til samarbeidet. UTPOSTEN NR . • 2 0 I 0 Korleis evaluerer du sjølv det interkommu.nale legevaktsamarbeidet ti år ettei; spør Utpostens utsendte? -Utelukkande positivt, svarer Jøsendal kontant. -Det var ei riktig avgjerd som har fått ei rekkje positive ringverknader for regionen. Mange flinke folk har vore og er involvert, dette har vore ein viktig grunn til at vi har lukkast. Det har vore få klager og lite misnøye. klaga rett nok UTPOSTENS DOBBELTTIME d nokre på at legen ikkje kom heim lenger, men etter kvart som dei opplevde det gode tilbodet dei fekk på legevakta, vart det slutt på klagene. Han forte! vidare at det var stor motstand i befolkninga i forkant, også i det politiske miljø, folk følte det var utrygt å ikkje lenger ha ein lege per kommune på vakt. Men målset.ninga var stabilitet i legedekninga på dagtid, då dette hadde vore eit vedvarande problem. Denne målsetninga vart nådd. Samarbeidet har no blitt ei nøkkelteneste i regionen, der ulike grupper i helsetenesta kan møtast. Leiar og arbeidsjern Som ledd i Samhandlingsreforma vert det no også snakka om å utvide tilbodet, med oppbyggingaveit distriktsmedi.sinsk senter, men her er ikkje Jøsendal involvert i lenger, han har også gitt seg med samfunnsmedisinen og fagforei.ningsarbeidet. Frå 2004 og fram til 2008 jobba han som lege og klinikksjef ved AIK (avdeling for inntak og koordine.ring) i Stiftelsen Bergensklinikkene, ein privat behand.lingsinstitusjon for rusavhengige, her er han kjent for å ha omstrukturert og effektivisert arbeidet med å gi pasientar med rusproblem behandling og oppfølging. Hausten 2008 vart han så hyra inn til ei ny leiarstilling innan rusfeltet, som avdelingsdirektør på den nyetablerte Avdeling for rus.medisin i Helse Bergen. UTPOSTEN: Kvifor Likar du så godt denne type arbeid? -Eg har følt at eg har fått det til, det har verka sjølvforster.kande. Det er vel sånn at ein held fram med å gjere det som einter god til. Eg er dessutan opptatt av problemløysing, og dersom omorganisering skal til for å løyse problem, så må det berre gjerast. I første kliniske termin på Haukeland sjukehus, då eg studerte, var det ein røynd indremedisinar som sa: «Ein må ta konsekvensen av sine funn». Dette beit eg meg merke i og eg har forsøkt åta tak i organisatoriske utfordringar med dette i tankane. Når eg snakkar med folk som kjenner Jøsendal, trekkjer alle fram hans enorme arbeidskapasitet som ein sentral ei.genskap. I høve til administrativt arbeid, vert det sagt at han er uthaldande og at han evnar å sjå dei store linjene, samtidig som han har blikk for små detaljar, han har dessu.tan ei praktisk tilnærming til ting. Eg spør Jøsendal k va slags eigenskapar han sjølv meiner han har som gjer han spesielt eigna til organisatorisk arbeid: -Eg kjem frå eit arbeidarklassesamfunn i Odda, der det å jobbe hardt vart høgt verdsett. Det at hardt arbeid ligg bak det meste som folk får til, er ein kunnskap og ei røynsle som eg ber med meg der i frå. Odda Sidan Jøsendal sjølv trekkjer fram Odda, er eg interessert i å vite om bakgrunnen frå den kjente arbeidartettstaden har hatt noko å seie for hans samfunnsmedisinske engasjement. Det har det, stadfestar han. Han held fram med å forte! je at Odda som samfunn på 60-og 70-talet var kjenneteikna av ein kultur med hardt arbeidande, vanlege folk. Det var også prega av nært samhald innanfor arbeidarklassa. Dette har skapt eit verdigrunnlag for han. Færre og færre lever i eit så klassedelt samfunn som Odda var, påpeikar han, der det var eit enormt sprang mellom industriarbeidarane på smelteverket, som ikkje hadde utdanning, men som stod til knes i fysisk arbeid, til dei som var lærarar, sjefar, ingeni.ørar. Det var stor forskjell. Kva med din politiske ståstad, sett i lys av bakgrunnen din frå Odda, har den forma deg som fagperson? -Medviter um kollektivet har eg tatt med meg vida re, det er viktig. Utan eit godt kollektiv får ikkje individet det godt, ikkje omvendt, som til dømes Framstegspartiet pos.tulerer. Dette har nok gitt meg engasjement for fagforei.ningsarbeid, eg meiner det er viktig å ta på seg tillitsverv. Fagforeiningsarbeid er grunnleggande for å drive fram gode forhold på arbeidsplassen og å skape gode tilhøve mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Sjølv takka eg for meg i fior, etter heile 19 år i tillitsvaltarbeid. Eg har også fått med meg eit internasjonalt engasjement, også fordi klasseforskjellar finst både lokalt, nasjonalt og globalt, men eg har sjølv enno ikkje fått utøvd internasjonalt arbeid, det kunne eg tenkt meg. UTPOSTEN NR . • 2 0 I 0 Ola jøsendal saman med to frå personalet på Nordhordland interkommunale legevaktsentral. fo10: ussETH 110ML0NG Samfunnsmedisinaren Vi går over til å snakke om samfunnsmedisinsk arbeid og då vert det brått lett å fiske fram sterke meiningar om ymse! Jøsendal har både i fagforeiningssamanheng og i praktisk arbeid, engasjert seg i feltet, og han er kjent for å vere både frimodig og direkte i sine ytringar. På spørsmål om kva utfordringartein har innan samfunnsmedisinsk ar.beid i dag, trekkjer han først fram Legeforeningen si rolle: -Foreininga må satse på dette feltet, politisk altså! Den samfunnsmedisinske spesialiteten er ei framifrå leiarutdan.ning, dette må Legeforeningen ta innover seg. Mi oppfat.ning er at interne maktforhold hind rar foreininga i åta tak i det som er viktig; det er allmennlegar, sjukehuslegar og «røkla» som stadig driv maktspel, noko som hindrar at energien kan brukast på det som er viktig. Allmennmedisi.nen har dessutan alltid hatt eit konkurranseforhold til sam.funnsmedisinen som er uheldig, i staden burde ein sjå den gjensidige nytten av kvarandre. Fleire mediautspel frå sentrale aktørar i foreininga tyder på låg kunnskap om førebygging og anna samfunnsmedisinsk arbeid, med all den kunnskapen vi har om effekten av føre.byggjande arbeid, er det umoralsk at vi ikkje satsar meir på det enn vi gjer i dag. Legeforeningen forsømmer seg! UTPOSTENS DOBBELTTIME Dei forstår ikkje betydninga av samfunnsmedisinsk arbeid og at alle legar kan ta denne spesialiteten og få god nytte av den. Jøsendal uttrykkjer seg også kritisk til Samhandlingsre.forma og arbeidet Legeforeningen har gjort i forhold til denne. Som premissleverandør for viktige samfunnsmedi.sinske tiltak burde LSA fått sjansen til å gi innspel om for.nuftige tiltak. Rusmedisin Etter fleire år som klinikksjef ved AIK Bergensklinikkene, har Jøsendal gått eit steg vidare når det gjeld arbeid innanfor rusmedisin. Då han vart henta inn som avdelingsdirektør for Avdeling for rusmedisin i 2008, var rus satsingsområde i hel.seføretaket og ein trengte ein som kunne byggje opp ei koor.dinerande eining mellom ulike instansar. Jøsendal forte! at det var tilfeldig at han hamna innanfor rusfeltet. Han fekk tilbod om jobb i Bergensklinikkene då han trengte eit sjuke.husår for å bli spesialist i samfunnsmedisin. UTPOSTEN: Korleis opplevde du overgangen til denne type arbeid? -Det var eit fagleg sjokk! Menneska ein møter innanfor rusomsorga er ei lydlaus pasientgruppe med enorme behov for hjelp, for å bli sett. Generalisten får maksimalt utbytte innanfor dette feltet, ei uendeleg mengde oppgåver står ofte føre ein: kreft, infeksjonar, sår, psykoser, sosiale pro.blem, avhengigheitsproblematikk og mykje meir. Er det ikkje utmattande, undrar Utpostens utsendte? -Nei, ikkje i det heile tatt. Det er sjølvsagt uoppnåeleg å få pasientane lytefrie når dei går ut døra, men det er mykje ein kan utrette, og det skjer så mykje positivt, mange får det betre. UTPOSTEN: Kva meiner du skal til for å gi eit heilskapleg og velfungerande helsetilbod for dei rusavhengige pasientane i Noreg? -Eg meiner at ei betre utnytting av allereie eksisterande ressursar kan bøte på mykje av det udekka behovet som finst i dag. Samhandling mellom dei ulike aktørane er eit viktig poeng. I Helse Bergen er til dømes 90 prosent av sen.geplassane i behandlingssystemet private, det er bra, etter mi oppfatning, det offentlege skal ikkje konkurrere her, men ein skal få dei private med på laget gjennom samhand.ling. Det er dessutan strålande at rusmedisin no ser ut til å kunne bli ein eigen medisinsk spesialitet. Dette vil nok medføre meir kunnskapsbasert behandling og generere forsking som kan gi kunnskap. Trass alt er det berre fire år sidan rusbehandling vart ei helseteneste! UTPOSTEN NR . 2 • 2010 UTPOSTE S DOBBEeLTTIME a «Sportsidioten» I 2007 då Brann for første gong sidan 1963 vann eliteserien i fotball, var Ola Jøsendal ein av trenarteamet, samt leiar for sportsklubben sitt helseapparat, han har også vore lege for kvinnelandslaget i fotball, dessutan trena fleire profi.lerte friidrettsutøvarar. Ein kan undre seg over korleis det er å jobbe med såpass kontrastfylte arbeidsområder som toppidrett og rusmedisin? Jøsendal poengterer at begge deler er ekstremt, på sitt vis. I idretten handlar det om å skaffe seg konkurransefordelar, masse arbeid vert lagt ned for å nå snevre mål, det er med stor spenning og interesse han som trenar har følgd prosessen mot dette målet, mot å bli best. Han forte! at han for nokre år tilbake diskuterte dette med trenaren til Ådne Søndrål, tidle.ga re OL-vinnar i skøyteløp, ei periode i karrieren datt han så ofte, og han uttrykte at han var redd for å skuffe trenaren. Men poenget er at trenaren er der like mykje for sin eigen del, fordi det er så kjekt å følgje prosessen. På den andre sida er rus ekstremt i forhold til menneskeleg liding, seier han vidare. Han opplever at alle han har møtt her har hatt ein god grunn til å hamne i den situasjonen dei har kome i. I eit medisinskfagleg perspektiv opplever han rusfeltet som svært meiningsfylt, mykje meir meiningsfylt enn til dømes allmennmedisinsk arbeid, som han også len. ge dreiv med. Brann-trening i Malaga 2008. Jøsendal med ryggen til, Bjørn Dahl og Cato Guntveit spring, medan Erlend Hanstveit ser pd. F◊10: Pm w1e, BRANN.No UTPOSTEN: Kor mykje av idrettsinteressa di botna1· i samfunns.engasjement og kor mykje kjem rett og slett av at du er ein «sportsidiot»? -Mest det siste, kanskje, men eg er nok arveleg belasta! Far min (som er død) og onkel Asbjørn var alltid veldig interesserte i å følgje med på idrett. Sjølv har eg alltid likteå drive med idrett, alt frå friidrett, tikamp, volleyball, alpint, fotball, symjing og skyting! 1o driv eg berre med veteran.fotball for eigen del, i tillegg trener eg nokre få friidretts.utøvarar, dessutan er eg trenar i barneidrett; det er like spennande å følgje barn og unge i idrett som dei som driv på elitenivå, synast eg. UTPOSTEN: Kvaeer det som gir deg ene1gi til å ha så mange jern i ilden;jobb, idrett, dugnadsarbeid, storfamilie? -Å bruke krefter, gir krefter. Det å ha mykje å gjere, gir meg energi til meir, dette heng også saman med mine røyn.sler frå Odda, trur eg. Men i periodar har eg absolutt vore vanskeleg å leve med, eg har ei tolerant kone, ho har teke mange strafferundar når eg har bomma, ho er kjernen og bautaen i familien, komplett uerstatteleg, og eg er sjølvsagt svært glad i ho. Eg spør seksbarnsfaren om hans røynsle frå administrativt arbeid også kjem han til gode i familiesamanheng? Han trekkjer på smilebandet; -Jau, med stor familie er det sjølvsagt viktig med struktur og gode rutinar i kvardagen, ny leg var eg også på ei førelesning der innleiaren meinte at barneoppdraging også kan sjåast på som ei avansert leiar.oppgåve. Det er eg samd i. TPOSTEN NR. 2 • 2010

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf