Tips tips til praksis; TrinnVis-kvalitet = kvalitet.

Frøydis Gullbrå

Tips tips til praksis; TrinnVis-kvalitet = kvalitet. Tips tzl Praksis Trinn Vis-kvalitet Ein fin dag i mai 2008 er ventetida over -«Trinn Vis Kva.litet» er klar for pilot-testing! Det er med spenning og for.ventning at eg omsider får sett meg ned med programmet. Det er jo slik med slikt arbeid, det er vanskeleg å få det pri.oritert. Filer blir henta frå oppgitt internett-adresse. Etter ein ørli.ten frustrasjon over at det ikkje går an å opne direkte i Win.dows vista, er eg i gong. (Det gjekk greitt å velje rett kom patibilitetsmodus). Programmet er innbydande allereie frå starten. Eg blir ynskt velkomen, og det står oppført korleis det er best å bruke programmet.Forklaringar undervegs er tydelege og lett forståelege, sjølv for ei som ikkje er svært data-kunnig. Dette gjer programmet lett å bruke. Det blir anbefalt å starte med registrering i programmet sin innføringsdel. Dette gjer eg, og følgjer oppskrifta etterkvart som nye ruter kjem opp. I innføringsdelen er det tre hovud.områder; «ressurser», «organisering» og «vårt kvalitets.arbeid». Undervegs blir uttrykk forklart, og her er eksem.pler som også lettar forståing, og gjer at arbeidet går ras.kare. Programmet byggjer på internkontroll-forskrifta frå 2002 for helse-og sosial-tenesta, og det er omfattande og mykje informasjon som kan registrerast. Informasjon om datasikkerhet kan hen tast frå «Trinn Vis datasikkerhet» for dei som tidlegare har brukt dette. Etterkvart som punkt er ferdig utfylt, kan haker setjast for å markere at delen er arbeidd med. I startbildet vil det då stå haker på dei punkt som er gjort registreringar på-så veit eg kva som er gjort. Dette er genialt, og noko eg har sakna på andre kvalitetsprogram. Når eg då ikkje får tid til alt på ein dag, er det lett sjå kor eg skal starte att når programmet blir opna att ( punkt utan haker!) Nederst på startsida er også ein boks med «statusrapport». Her kjem oversikt over kva som er fylt i, og evt. mangler på det enkelte punkt. Også svært nyttig funksjon. Når alle deler av «innføring» er haka av, er det på tide å gå over til «oversikt». Her ligg all informasjon eg har regis.trert, ryddig og lett tilgjengeleg. I tillegg har programmet ei rek kje forslag til retningslinjer, prosedyrer, avtaler og stra.tegi-dokument. Her ligg også lister over lover og forskrifter som regulerer tenesta vår. Forslag kan end rast og tilpassast det enkelte legekontor, og er gitt ut frå informasjon som har kvalitet blitt registrert under «innføring». Det inneber at det kun er aktuelle dokument/rutiner som ligg her. Det er enkelt både å leggje til nye og slette det ein ikkje vil ha med. Tidlegare utarbeidde rutiner og dokument eg vil ha med frå tidlegare runder med kvalitetsarbeid, let seg lett kopiere inn i Trinn Vis, -alternativt kan det lagast punkt der det er referert til kor aktuelle dokument er oppbevart. Slik kan tidlegare rutiner og dokument bli registrert og framleis korne til nytte. Trinn Vis har eigen del for avvikshandtering, der alle kan skrive inn uheldige hendingar etter kvart. Eg opplever at det er nyttig å ha dette i kvalitetssystemet, med tilgang frå dataen. Det blir lett tilgjengeleg, og kan forhåpentlegvis brukast oftare. For å få alle deler på plass krevs det nokre ti mars arbeid, kor mange er vanskeleg å anslå, det avheng også av størrelse på kontorfellesskap, mengd utstyr mm. Det blir anbefalt at fl eire del tek i arbeidet med slikt kvalitetsarbeid, og med Trinn Vis er det lett å få til. Med klart definerte punkt/ områder, er det berre å fordele. Dersom programmet blir lagt på felles server, kan alle nå det frå arbeids-pcen sin. Beskjedne irritasjonsmoment som små tekstbokser og «feil» bakgrunnsfarge blir nesten ikkje nevneverdige, dessutan blir det kanskje korrigert til endeleg utgåve kjem?? Trinn Vis opplever eg som eit godt og tenleg kvalitetskon.troll-system for legekontor. Det har ein innbydande layout som gjer det kjekt å arbeide med. Programmet er lett å bruke og er samstundes omfattande slik at det ved fullsten.dig utfylling fyller lovkrav til internkontroll. Det er også nyttig å samle informasjon og ha ein fast plass til regler, dokument og rutine-skildringar. At det då er lett å finne att informasjonen styrker ytterlegare programmet sin nytte.verdi. Programmet innbyr også til vidare aktiv bruk, både med delar for avvikshandtering, kvalitetsgjennomgong og risikoanalyser, slik at det kanskje blir meir enn eit skipper.tak den eine gongen ... Eg vil anbefale alle som ikkje har kvalitetssystemet sitt i orden, til å prøve ut dette gode verktøy. Nytt sjansen, det er inspirerande, gir god oversikt og er gratis. Eit lite tips til slutt; ta det trinnvis. Frøydis Gullbrå UTPOSTEN NR .6 • 2008

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf