Bokanmeldelse - Traumatologi

Bjarte Sørensen,

Bokanmeldelse - Traumatologi. il BOKANMELDELSE anmeldelser Traumatologi CLAUS FALCK LARSEN, JAKOB ROED OG JØRGEN FALCK LARSEN Traumatologi kom ut på forlaget Munksgaard Danmark i år som den første danske boka om skademedisin, berre eitt år etter den første svenske boka med same namn 1• Me har dermed fått to solide skandinaviskspråklege oversiktsbøker i dette omfattande, tverrfaglege feltet. Claus Falck Larsen er ortoped og mellom anna tidlegare overlege på Rigshospitalets TraumeCenter i København. Jakob Roed er avdelingsoverlege ved neuroanestesiologisk klinikk ved Rigshospitalet. Jørgen Falck Larsen er tidle.gare forfattar til fleire lærebøker og er professor emeritus i gynekologi og obstetrikk. Boka og DVD-en som følger med er i første rekke retta mot legestudentar og legar, men også anna helsepersonell invol.vert i traumepasientar. Boka følgjer ei meir eller mindre logisk oppbyggjing rundt stabilisering, diagnostisering og behandling frå skadestaden via sjukehus og operasjons.stova til rehabiliteringa. Etter ein introduksjon om traumatologiens historie og epi.demiologi, skriv forfattarane om den danske redningste.nesta og apparatet rundt traumer. Deretter går boka inn på arbeidet ved skadestaden og dei prehospitale utfordringane før me reiser vidare til akuttmottaket. Her går ho i djupna på dei grunnleggjande ABC-ferdigheitene, sjokk, smerte.behandling og biletdiagnostikk. Så følgjer kapittel om trau.mer på spesifikke kroppsdelar, traumer hjå barn og hjå gravide. Spesielle typer traumer som forbrenningar, druk.ning og eksplosjonsskader har eigne kapittel. Kirurgane spelar naturleg nok førstefiolin i arbeidet med den skadde, og dette ber boka preg av. Det eine kapittelet spesifikt om prehospital behandling hand lar mest om opp.byggjinga av dei prehospitale tenestene og inneheld berre eit par sider om kva ein faktisk skal gjera når ein til dømes står midt opp i ei uoversiktleg trafikkulukke. Ein annan grunn til at boka soleis rettar seg i noko mindre grad til meg som legevaktslege i utkant-Noreg enn ein kirurgisk assis- I Traumatologi, Lennquist S (red). Stockholm: Liber, 2007. Traumatolo liaumato!o 'Ii-:1l_1matolog 'fraumatolo tentlege ved eit dansk universitetssjukehus, er nok at Dan.mark stiller med mindre geografiske utfordringar enn Noreg. Det eine viktige poenget ved den prehospitale scenen får for.fattarane fram likevel: det heiter verken «load and go» eller «stay and play» lenger, det heiter no «limited scene inter.vention»-spar dyrebar tid ved å gjera berre det heilt mest nødvendige på skadestaden. Arbeid heller om bord på trans.portmiddelet og få pasienten på operasjonsstova så fort som mogleg-eller som ein og kan seia det: «Load and play». Resten av boka er velsk riven og svært nyttig oversiktskunn.skap for allmennlækjarar flest. Boka er rikt illustrert, lett.lest og omfattande. Det er noko lite drøfting om evidence, men ho har rikeleg med relevante litteraturtilvisingar. DVD-en er godt produsert, me vert vist rundt i den danske ambulansetenesta, på AMK, akuttmottaket osb. Der er også ein bolk med ferdighei ter som vist på modelldokker og ein om biletdiagnostikk. Eg gler meg til den første norske boka måtte komme, kan hende då med ein allmennlækjar og legevaktslege som medforfattar? Bjarte Sørensen, fastlege Hjelmeland og medlem av NF As referansegruppe i legevaktsmedisin. UTPOSTEN NR.6 • 2008

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf