HISTORIER FRA VIRKELIGHETEN: LARS Legens siger og nederlag

Aslak Bråtveit

HISTORIER FRA VIRKELIGHETEN I' LARS Legens siger og nederlag Eg står att på gongen overvelda og fortumla. Bak ryggen mi. døra til Sigurd, han der inne med den søre og skarpe smaken i munnen, synleg nøgd med samværet då eg gjekk. 1 fyrste og andre etasje lange gongar med dører inn til rom med sjukeheimsbuarar. Eg kallar dei pasientar, det kan virka som om det er dårleg helse som er fellesnemnaren, men felles. nemnaren er einsemda. Dei fleste har hatt sterk helse i mange år, det er dei overlevande som bur her. Ektefeller, sysken, svo. grar er døde, mange har mist born. Nokre har bom som er pensjonistar. .Det er skralt med pårørande som kan sjå etter ein gama! som har svik rande sansar og rørsleevne. Den som kunne gleda ein til med ein liten konjakkdram! Kven kunne trengja den kveiken? Lars ligg på naborommet. Sjur er død, Kjell er flink til å vitja han. Dei tri ugifte brørne budde i lag, arbeidde i lag både på meieriet og på sjøen. Lars var ein munter og prat.sam mann, men så kom slaget. Han vart kløyvd: Høgre sida av andletet, høgre dit! av kroppen vart han framand, han trena og slepa på denne uregjerlige kroppen i preikestol og gåstol. Nå ligg han an ten på benken eller sit i rullestol. Orda forsvann. Logopeden og sjukepleiarane har prøvd å lokka fram orda, men dei vil ikkje koma, berre einskilde få ord og grynt. Humøret forsvann, han har vorte trist. Kjell har vore flink å vitja han, han har til og med hyrt båt og reke han med på fjordtur. Lars kunne trengja ein konjakk! Eg stod for nokre månader framme i sjukeheimsstova og hadde andakt ein sundag. Der hadde me sunge noko i lag, eg hadde lese opp eir stykke frå ei gama! lesebok, sidan eir evangeliestykke or nytestamentet. Nå har eg kontrabassen min ved venstre sida og eg står og syng utover dei levde and.let og lagnader: Med Jesus vil eg fara på livsens ferd i lag, Gud, lat den samferd vara, alt til min døyand dag! Det er mi høgste æra, det er mi største ros, hans fylgjesvein å vera, og vandra i hans ljos! Lars sit der nede, han er sidesigen i rullestolen sin, høgre munnvik heng som vanleg, men munnen rører seg, han syng! Eg kan høyra dei malmfulle orda or ein munn med sviktande evner. Frå minne og barndom kjem orda srrøy.mande gjennom eir sviktande nervesystem og brøyter seg veg ut i nåtida, til stova på sjukeheimen. Tårene renn ned.etter kinna hans, minnene er fulle av verdi, av meining. Nå må eg konsentrera meg for å klara halda fram: Min Jesus, sannings stjerna, lys opp min mørke veg! Mitt hjarta vil så gjema få fylgja etter deg. Du lyser enn i verdi som før frå Betlehem. Ver du mitt ljos i verdi, til heim med deg eg kjem! Alle fem versa vert songne, eg ser bassen frå meg med ære.frykt. Som musikar har eg hatt nok re flotte opplevingar av samklang, dette er ein av dei kjenslesterkaste musikkerfa. ringar eg kan minnast. Lars kunne trengja ein konjakk! Eg snur til døra hans, ban kar på. Ingen lyd innefrå, eg op- nar døra : «Lars! ... Det er eg, Bråtveit, som kjem inn» Lars ligg i senga med andletet mot veggen. Det tykk jest ikkje som han har høyre helsinga mi. Eg held konjakkflaska i høgre handa, legg venstre handa på aksla hans og rører ved han. Han snur seg tungt i senga idet eg held fram: « Vil du ha ein konjakk?» Augo smalnar raskt, andletet rasar saman og frå det dju.paste i mannen bryt eir rungande «NEI» fram. Det slår meg på munnen og handa som var eg ein uskikkeleg unge. Eg rasar frå den nyss opphøgde siger til den djupaste taps.botn. Kva var det som skjedde? Meiner å minnast at eg prøvde å stotra fram eir «orsak meg» medan eg tusla fortumla ut or rommet. Seinare fekk eg snakka litt meir med Lars sine kjenningar. Etterkvart fekk egeit noko utvida bilete av livet hans. Så langt eg kjende til, var både Sjur og Kjell takksame for å kunna ta seg ein skjenk. Det var gonger då Lars kunne mislika dette. Sjølv var han totalfråhaldsmann og fungerte nok som ein fest.brems i brorflokken. Då eg song Blixsalmen trefte eg ei åre i livet hans. Når så dokter Bråtveit nokre månder etter brått stod over han svingande konjakkflaska kan eg berre ana kor.leis Lars sin ideologi vart brått og voldsomt utfordra. På denne korte tida gjekk eg gjennom ein lærdom om å finna den tilpassa respons, sidan fall eg i den velkjende grøfta å generalisera erfaringa, for så å prøva gjennomføra ein reprise. På ny kom erfaringa om at det er den tilpassa respons, sk reddarsaumen, som fører fram. Legen er utsett for å falla i all slag dårskap, eg vert lett sjølv.trygg, innbilsk, klarer ikkje fokusera på «hin enkelte». Kor vakkert å oppleva når responsen er tilpassa, kor platt når det er legens behov som er inspirasjonen. Aslak Bråtveit PS: Pasientar er rause menneske, dei kan tilgi. UTPOSTEN R.7 • 2006

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf