Bokanmeldelse:Journalistikk handlar om å finne små bitar og stykke som kan gi et sannare bilete!

Bokanmeldelse:Journalistikk handlar om å finne små bitar og stykke som kan gi et sannare bilete! BOKANMELDELSE m anmeldelser Journalistikk handlar om å finne små bitar og stykke som kan gi eit sannare bilete! Anne Hafstad. På helsa løs? Når pressen tar pulsen på Helse-Norge. Kristiansand: IJ-forlaget, 2006. Anne Hafstad har skrive bok om helsejournalistikk. Boka er i første rekkje rekna på journalistar. Men etter å ha lese henne meiner eg at helsepersonell ikkje berre vil ha nytte, / men også moro av å lese særleg siste del av teksten. Dei første kapitla gjev eit oversyn over dei store trekka ved helsepolitikken og organiseringa av helsetenesta i Noreg. Deretter følgjer eit kapittel om forskingsformidling, før boka blir avslutta med nokre meir metodisk prega kapittel om kritisk journalistikk. Boka er velsk riven. Etter mi vurdering lukkast forfatta ren godt i forhold til føremålet med å klårgjere utfordringar i møtet mellom to ganske ulike kulturar. Boka har haugevis av praktiske tips for journalistar. For helsepersonell gir lesse gode innfallsvinklar til forståing av journalistens ar.beidsmetodikk. Hafstad nyttar i hovudsak eigne døme. Dette er sjølvsagt ei fallgrop, men så lenge det er gjort med så skikkeleg handverk som her, er det ok. Tematikken i boka er stort sett retta inn mot sjukehus, fast.legar og førebyggjande arbeid. Såleis saknar eg døme frå pleie-og omsorgstenesta. Kommunane som system kjem såleis litt i bakgrunnen av helseføretaka. Dette er litt synd, for eg trur at det ikkje minst vil vere vesentleg for den all.menne journalisten i Noreg å vere merksam på den viktige rolla komrnunane har for å sikre folk forsvarlege tenester av tilstrekkeleg omfang. Om eg skulle ønskt meg delar av boka som obligatorisk pensum for absolutt alle journalistar, må det vere presenta.sjonen av ulike epidemiologiske design (side 81 ff) og etikk.drøftinga (side r 19 ff). Dette er perler. Men her er då også Hafstad på heimebane, både som journalist og som tidle.gare medisinsk forskar. Helsejournalistikk er ferskvare. Det er også denne boka eit døme på. Nokre av dei faktiske opplysingane om helsefor.valtninga i første del av boka, er endra på dei få månadene sidan boka korn ut. Det gjeld organiseringa av Sosial-og helsedirektoratet. Nok re stader er det mindre faktafeil, som er meir skjemmande på ein god tekst enn direkte villeiande. Det gjeld til dømes namnet på psykisk helsevernloven (s. 28) og bruken av legeloven, som er oppheva (s. 158). Eg vurderte om eg var ugild til å skrive denne bokmeldinga i og med at eg er omtala i boka (s. 177). Eg valde å skrive. Spennande var det å lese om eiga aktørrolle. Dels fordi tek.sten kring det eg kan kontrollere samsvarar med mi forstå.ing av faktum, men også dels fordi teksten gav meg bitar av ny informasjon som gjorde at saker og ting eg har stussa over fall på plass. Ja, så dette er vel nettopp journalistikkens styrke; ikkje nødvendigvis på presentere den heilskaplege sanninga, men å få på plass bi tar som folk flest, fag og for.valtning ikkje har, ikkje ser eller ikkje kan få tak i sjølv. Kanskje ei julegåve til den som «har alt», og som ikkje orkar lese romanar i jula? Geir Sverre Braut den gode pr1mærmed1s1n UTPOSTEN NR .7 • 2006

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf