Ut med språket

Ingebjørn Bleidvin

Fastlege, Hadsel kommune

Illustrasjon: KI / Adobe Firefly

Då disiplane fekk Den heilage ande, var det ein av dei meir merkverdige gåver opp gjennom verdshistoria. Det er ein av dei få tinga som sit att relativt klart og tydeleg frå barneskulen. Me hadde lært om at Jesus var død, alle disiplane var fortvila, men så kom denne magiske materien ned frå himmelen og gav desse høgst ordinære menneska magiske evner og eit globalt, evigvarande oppdrag.