Legemiddelreglar ved akutt sjukdom

Dei fleste pasientar står på eit eller fleire legemiddel, og i Noreg fekk 71 prosent av befolkninga utlevert minst eitt legemiddel på resept i 2021 (1). I løpet av eit normalår vil mange av desse oppleve periodar med akutt sjukdom med dehydreringsrisiko, som for eksempel uttalt diaré, oppkast eller høg feber. Formålet med legemiddelbehandling er å betre livet til den aktuelle pasient, men kva skal ein gjere når legemiddelbehandlinga kan forverre både den akutte og den kroniske sjukdomen? Vi vil her prøve å presentere eit verktøy som kan hjelpe med vurderinga av kva legemiddel som bør pauserast ved akutt sjukdom.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Marcus Stangeland

Lege i spesialisering, Seksjon for klinisk farmakologi, RELIS Vest, Haukeland universitetssjukehus

Jan Anker Jahnsen

Cand. pharm., ph.d, RELIS Vest, Haukeland universitetssjukehus