Lokal helse er global helse

Koronapandemien har utvikla seg til å bli ei langvarig helse- og samfunnskrise som har påverka heile verda. Pandemien utspelar seg både lokalt og globalt, og den har arta seg ulikt i ulike land. Den har forsterka ulikskap mellom land og mellom ulike grupper i kvart land. Nasjonal og internasjonal respons har på nokre område vore imponerande (utvikling av nye vaksiner), og på andre område vore deprimerande (fordeling av vaksiner og utstyr). Under pandemien har vi både opplevd ei kunnskapskrise og ein kunnskapsrevolusjon. Mange evalueringar er alt gjennomført, og det er mykje å lære. Spørsmålet er om vi er villige til å handle i tråd med desse lærdommane?

Også ved handtering av covid-19 heng det meste saman.

Illustrasjon: Mohamed Gawad og Ernst Kristian Rødland, FHI

Frode Forland

Fagdirektør i Folkehelseinstituttet og tidlegare redaksjonsmedlem i Utposten