Lindrande behandling i Sunnhordland 2021:

Ei studie av status og forslag til endringar

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Mona Yvonne Loth

Sjukepleiar og leiar Sunnhordland interkommunale legevakt

Odd Jarl Kvamme

Fastlege på Stord, dr. med.

Palliasjon, også kalla lindrande behandling og omsorg, er eit nasjonalt satsingsområde (1, 2). Gode helsetenester i avslutningsfasen av livet krev høg kompetanse, tverrfagleg samarbeid og store ressursar. Det meste skjer i kommunehelsetenesta, og med hjelp frå sjukehus når kommunale ressursar og kompetanse ikkje strekk til.