Lyrikkstafetten – «Kven er du» av Hilde Akalia Brønstad

Frøydis Gullbrå

Lyrikkstafetten – «Kven er du» av Hilde Akalia Brønstad Kven er du? Eg har nokre fine vener på facebook som av og til skriv dikt og deler med andre. Ein dag kom eg over eit slikt. Eg syns dette diktet er så fint. For meg seier det noko om kva menneske kan bety for kvarandre. Det kan vere godt å bli minna på – både som medmenneske og lege. Eg utfordrer Gunn Mali Sten Sund som er fastlege på Radøy. Helsing frå FRØYDIS GULLBRÅ Kven er du i det evige? Inga byrjing, inga ende. Her og no – alt står i ro. Berre eit augneblink stillstand rommer dei djupaste hjarta sine bankande trommer. Kva er det du ser? Korkje utover eller innover. Aksept med audmjuk respekt. Treng ikkje ropa ut i mengda den indre stemma er sterkast i lengda. Kva er det som skil oss? Du er ikkje, ikkje eg. Fjern lik nær – alltid kjær. Eit vakent, varmt, varsamt blikk di sjels melodi, den vakraste musikk hilde akalia brønstad I den lyriske stafetten vil vi at kolleger skal dele stemninger, tanker og assosiasjoner rundt et dikt som har betydd noe for dem, enten i arbeidet eller i livet ellers. Den som skriver får i oppdrag å utfordre en etterfølger. Slik kan mange kolleger få anledning til å ytre seg i lyrikkspalten. Velkommen og lykke til!  Tove Rutle – lagleder LYRIKKSTAFETTEN UTPOSTEN 7 • 2016 55

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf