1-dags utplassering i allmennmedisin

Hans Ragnar Skogli

1-dags utplassering i allmennmedisin . HANS RAGNAR SKOGLI studen/UiB Eg vart teken godt imot av sekretærane. Dei synte meg kontora, dei ulike apparata og kvar eg kunne finne meg kaffi. Eg flira litt av den moderne, medisinske sjargongen. Den som manar til audmjukheit og set ideal i det å vera pasientsentrert og «som folk flest». Likevel var sekretærane der ein halvtime før legane og kaffien var klar då dei kom ... Etter kvart møtte eg legen og litt seinare starta arbeidsdagen. Eg vart introdusert for den fyrste pasienten. Dette var noko eg hadde både grua og gleda meg til. Eg lurte fælt på om han skulle protestera mot at eg var til sta.des. Det tok ei tid før han kom inn, og i desse redselens sekund fekk eg kverna opp angsten så den stod i taket. Kva om han skal rektalek.splorerast? Kva om han hadde ein svær byll i ræva? Så svær at legen måtte ha hjelp til å halde den? Kva om han sleit med for tidleg ejakulasjon, eller om mengdene ejakulat var så store at han måtte vaska både laken og bok.hyller etter ein runde? Eg prøvde å seie til meg sjølv at slikt skjer berre i spørjespalta i Vi Menn, men ingenting hjelpte før han hel.ste på oss begge og bad om fornying av førar.kortet. Då slappa eg av. I alle fall heilt til eg kom på at det straks kom ein ny pasient! Kva var det den neste måtte nedverdiga seg til å gjere framfor ein fersk medisinstudent utan evne til fornuftige reaksjonar? Men det var ikkje så gale. Det gjekk i blod.trykksmålingar og småprat. Fint. Likevel var det noko uvant å setja seg tilbake på skrive.pultsida av kontoret. Ikkje på dørsida denne gongen. Dagens andre pasient gjekk etter kvart ut, og me sladra litt om tidligare diag.nosar, utfordringar og problem. Eg følte meg noko utilpass med å prata bak ryggen til folk. Heilt til eg forstod at dette også er ein del av legegjerninga. Ikkje alt byggjer på statistiske fakta. Mykje er intuisjon og kjennskap til kvar einskild. Intuisjonen i det å fanga opp eit flakkande blikk saman med akkurat «det» uttrykket, og dette saman med kjennskapen til ein personlegdom som erfaringsmessig ikkje alltid søkjer dei beste løysingane. Dette får legen til å tenkje. Spørje ein gong til eller foreslå ein ny time. Kvar og ein hadde sine trekk. Kvar fekk si behandling. To pasientar er visst like forskjellige som to menneske ... Ho kjende dei alle. Tolking og oppfatning av eit menneske er kanskje gjensidig avhengige av kvarandre. Å kjenna nokon vert annleis. Då slepp ein tol.kinga. Ein slepp å tolka feil. Dette vart verke.leg for meg i møtet med ein spesiell pasient. Ein Hells Angels-profet kom inn døra. Han var kledd i klubben sine fargar og logoar frå topp til tå. Han hadde skjegg som alle dei tøf.faste rockarane, samt mange tatoveringar, som for å understreka den villskapen som kjenneteiknar dei som er dedikerte til sin ideologi. Eg trekte meg vekk. Hells Angels.tatoveringar seier meg at småpraten og blod.trykksmålinga ikkje vert like lett som på ein Brannsupporter. Sjølv om tatoveringar er ta.toveringar. Eg gjekk bakover før eg merka det, før eg fekk konfrontert stereotypiane som dreiv meg i retning tryggleiken. Men le.gen oppførte seg heilt anleis. Ho kjende han. Ho kjende han som snill, trygg og hyggeleg. Han sleit med ein infeksjon. Ho måtte hente nokre bandasjer, eg måtte småprate. Småpra.ten gjekk heilt fint. Blodtrykket også. Faktis.ke betre enn med Brannsupporterene. Eg li.kar jo ikkje fotball, men eg tykkjer det er artig å spele xbox. Det tykte han også. UTPOSTEN 3 • 2012

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf