Trigeminusnevralgi

John Nessa

Trigeminusnevralgi  Trigeminusnevralgi Eg var ung. Nyutdanna. Flink. Eg kunne mitt fag. Sjølvtilliten var det ikkje noko gale med. Sjølvkritikken var kanskje litt dårlegare utvikla. Eg meinte å kunne min nevrologi. Det vi ikkje visste om hovuclpine etter å ha vore studentar hos professor Sjaastad på Riks.hospitalet var ikkje verdt å vite. Sjaastad had.de lært oss kunsten å diagnostisere. Sjaastad hadde lært oss skilnaden på migrene og dus.ter hovuclpine, spenningshovudpine og hjer.nesvulst. Det var før vi hadde CT og {R. Men vi hadde alle algoritmene. Alle veikarta '1 · skulle følge for å få den rette diagnosen. Det var berre eit problem som ny doktor. Kartet stemte ikkje med terrenget. Dei reine tilstanclane vi las om i læreboka, dukka ikkje opp på kontoret. Dei subaraknoidalblødnin.gane som blei meldt med blålys til det lokale sjukehuset, viste seg å vere noko meir trivielt, kanskje i retning migrene eller spenningsho.vudpine. Ikkje noko presist å finne verken ved spinalpunksjon eller klinisk undersø.king. Heilt til Sunniva dukka opp. Sunniva var ikkje nokon kven som helst. Som det mest at.traktive avkommet i det største handelshuset i denne småborgarlege vestlandsbyen visste alle kven Sunniva var. Og mange kunne ten.ke seg ein aksje i Sunniva. Av mange grunnar. Av lett synlege grunnar. Men aksjeposten var ikkje ledig. Sunniva var for lengst etablert i stabilt ekteskap med tre småungar. Sunniva dukka opp på kontoret til den nye striktslegevikaren. For Sunniva hadde fått ovudpine. Distriktslegevikaren hadde som nemnt eit stort og kanskje litt oppblåst sjølv.bilete. Likevel kjencle han seg i enkelte situa.sjonar slik som Karen Horney beskriv den nevrotiske mannen: kjenner du deg som ein idiot, er det greitt å kompensere og la folk få inntrykk av at du er eit geni. Stilt overfor oppgåva å diagnostisere Sunnivas hovuclpine kjende John Nessa seg som ein idiot. Det var s, vagt det heile. Stemde ikkje med noko han hadde lært. Lite å gripe tak i både ved fri ut.spørring og klinisk undersøking. Men igjen kom professor Sjaastad til hjelp. Hovudpine.manualen lå eler på skrivepulten og skreik etter å bli tatt i bruk. Det var berre å begynne å spørje. Strukturert. Systematisk. Vondt i hovuclet lenge? Nei yoppstått? ja Kraftige anfall? Ja Einsiclig-tosidig? Ja, unnskyld, einsidig Kvalme, oppkast? Nei Paracet hjelper? lei Kortvarig-langvarig? Kortvarig (svar av.gitt etter lett nøling og god hjelp frå utspørrar) I ansiktet? Ja Rundt kjeveleddet? Ja, også der. Som ein ropar i skogen, får ein svar. Utspørringa fortsette. Og stemninga steig. For dette kunne gå mot tolv rette. Ein lotto.trekning mange år før spelet var oppfunne, der pasienten kunne vinne elet store loddet og få ein «verkeleg» sjukdom. lkkje berre dette vanlege surret med vondt i hovudet og finn.ikkje-noko-gale og er nok stress og har elet nok for travelt og må nok lære å ta vare på meg sjølv. Nei, pasienten kvalifiserte for ein aktverdig sjukdom som berre den kunne oppdage som hadde kompetanse til slikt. Sunniva hadde trigeminusnevralgi. Så fulgte ein rask monolog om tilstandens natur. Ein svært plagsom tilstand, oftast hos kvinner. Det var ei ansiktsnerve som slo krøll på seg. God, og livslang behandling: Tegretol i hestedosa r. At tilstanden er klart hyppigast hos eldre menneske, fann ikkje legen det verdt å nem.ne. Det passa ikkje heilt inn i fasiten. Og ein må ha lov å selektere litt kva ein vil formidle. Sunniva var ikkje berre rik, klok, vakker og sympatisk. Ho var også sosialt kompetent og spela på lag med legen. Ho var takksam for at ho endeleg hadde truffe ein lege som forstod henne og tok hennar hovuclpine på alvor. No hadde ho fått vite kva som faktisk feila henne. Tegretol 200 mg x 3. Ha det bra. Men legen hadde elet ikkje bra særleg len.ge. Rus over eigen fagleg suksess er ein svært kortvarig rus. Spesielt når den byggjer på eit falskt grunnlag. Ettertanken og sjølvkritik.ken melde seg. Kunne det tenkast at diagno.sen var feil? Var det ikkje mangt ein ikkje hadde kartlagt? Er det ikkje framleis slik at det vanlegaste er det mest vanlege? Kva med prevalens? Er det særleg sannsynleg at Sun. . JOHN NESSA fos/lege, Fisler niva er ein av dei 10000 blant oss som skal ha denne diagnosen? Bør ikkje trigeminusnev.ralgi vere ein eksklusjonsdiagnose etter fleire runclar hos nevrolog? Kva med å dømme ei ung kvinne til 600 mg karbamazepin resten av livet? Sjølv distriktslegevikaren forstod at det var noko som skurra her. Og han innsåg at han måtte gjere noko med det. Men han slapp åta noko initiativ sjølv. For to veker etterpå dukka Sunniva opp igjen. Som om ingenting hadde hendt ticllegare dukka ho no opp med ein føflekk ho ville ha vurdert. Og føflekken kunne ein gjere raskt unna. Slik .t legen kunne nærme seg det litt meir kjenslevare temaet hovudpine igjen. Han bestemte seg for for ein gongs skuld å vise ørlite sivilt mot, våge å tape ansikt, våge å innrømme feil, seie elet som det var: ho hadde nok ikkje trigeminusnevralgi likevel. Kon.klusjonen var forhasta. Det var synd viss ho måtte betale i dyre dommar for ein medisin som truleg ikkje ville gi henne noko anna enn plagsomme bi verknader. Reaksjonen frå Sunniva overraska ein smule. Som alltid før var Sunniva overstrøy.mande vennleg og raus. Eg trong ikkje be.klage noko som helst. For ho hadde sjølvsagt ikkje prøvd denne medisinen. Ho hadde all.tid visst at ho hadde den same hovudpina som mora hadde. Og den gjekk det godt an å leve med. Når ho hadde søkt lege var elet no først og fremst for å finne ut av den nye distriktsle.gen. Og då var det greitt å komme med noko ho visste kva var. Resepten hadde ho lagt i eit skap på kjøkkenet der ho alltid la frå seg ting ho visste ho aldri ville få bruk for. Ho takka igjen for ein flott konsultasjon og vona ho fekk lov til å komme tilbake. På vegen heim frå jobb den dagen passerte eg tannlegekontoret. Og eg sende ein stille takk til Vårherre for at han ikkje hadde ut.danna meg til tannlege. For då hadde eg nok rotfylt med ein gong. Og gått glipp av ei god historie. John.nessa@isf.uib.no UTPOSTEN 8 • 2011

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf