Ei ånd fangar deg og du fell ned - om hmong, møte og moderne medisin

Lisbeth Homlong

Ei ånd fangar deg og du fell ned - om hmong, møte og moderne medisin  Ei ånd fangar de. -om hmong/ møte og moderne medisin og du fell ned stipendiat ved Institutt for helse og samfunn Ein arbeidsdag på legesenteret er full av møte. Før eg har korne så langt, er møtet med kaffi.koppen på kjøkkenbenken eir nødvendig og kjærkome møte. Dessutan eir altfor kort møte med dagens avis. Møtet med borna når dei står opp og eg skal få dei av garde i barnehagen. Krangling om påkledning, tannpuss og inn.haldet i matpakken. Møte med veret, årstide.ne. På sommarstid ofte lågt skydekke, regn og 15 grader, men av og til møter eg ei lun, kjær.teiknande sommarsol idet eg opnar ytterdøra. Om vinteren eir ublidt møte med kulden, og ein nedsnøva eller nedisa bil. På legesenteret treff eg personalet, men ikkje alltid kollegane. Dei er gjerne i gang med dagens dont. Time.boka møter meg når eg opnar Infodoc -her står det allereie 15-20 namn som eg veit eg skal møte, andlet til andlet, i løpet av dagen. Men.neske i ulike aldrar, bom, kvinner, menn, et.nisk norske, nordlendingar, sørlendingar, ber.genserar, irakiske kurdarar, somaliske kvinner, statslause palestinarar, pakistanarar, uigurar frå Kina, kanskje ein svenske og ein sjeldan gong også ein amerikanar. Innimellom tele.fonmøter med heimesjukepleien, sosialtenesta, NAV. Av og til dialogmøter og samarbeidsmø.ter. Sjukebesøket hos den sjuke gamle. Pasien.ten sitt territorium. Her møter eg ein heim, dei pårørande. Den unike lukta av det private, av og til framand, andre gongar merkeleg kjent. Som allmennlege møter du sjuke, friske, plaga, engstelege, deprimerte, trøytte, slappe, fe.brile. Brystsmerter, magesmerter, hoste, snue, utflod, utslett, kløe, fotvorter og føflekkar. Det er krav og behov. Av og til kan det vere overvel.dande, du jobbar motstraums og slit med å hal.de hovudet over vatnet. Andre gongar går det unna, du er effektiv, ting vert gjort, du flyter. Av og til kan det vere magisk, det slår gneistar, det er som usynlege kraftlinjer i lufta. Ein møter også seg sjølv. Og ein kan møte seg sjølv i døra. For legen er møtet med kvar pasient eit av mange -for pasienten er møtet unikt. Det må vi hugse på. Som fastlege er det ikkje lett å vere på topp alltid, mange har sik. kert vandra skuffa ut av kontordøra mi, mø. tet har ikkje svart til forventningane. Ei anna sak er mange vonbrotne pasientar som etter lang ventetid endeleg har korne til hos spesia. list. Dei har hatt store forhåpningar, men har fått lite tid og ikkje følt seg sett. Ofte bestiller dei time hos meg i etterkant for å få svar på UTPOSTEN 8 • 2011 TEMA: MØTER 11 I! I ,i I I I kva spesialisten eigentleg fann ut, dei har ikkje fått det med seg. Studiar har vist at i lø.pet av legestudiet, så vert studentane mindre empatiske enn dei var i utgangspunktet. f ei fersk doktorgrad frå Universitetet i Tromsø, har forskaren Kari Agledahl funne at legen i møtet med pasienten systematisk I u.k ar vekk det personlege, det menneskelege. Legane er høflege og hyggelege, men dei ob.jektifiserer pasienten. Er legane klar over at dette er eit moralsk overtramp, undrar Agle.dahl? Er det kanskje ein meistringsstrategi? Boka «The spirit catches you and you fall down» av den amerikanske forfattaren Anne Fad i man handlar om eit møte mellom ameri.kansk, høgteknologisk helsevesen og eit barn med alvorleg epilepsi. Dette barnet og famili.en hennar tilhøyrer hmong-folket, ei folke.gruppe som i hundrevis av år har halde til i fjellområde i sørlege delar av Kina, i Laos, Thailand og Vietnam. Mange lever framleis under primitive forhold i avsidesliggjande fjellandsbyar, dei bur i hytter med jordgolv og livnærer seg delvis ved å drive eige jordbruk. Gjennom historia har dei stadig opplevd for.følgjing og folkevandring. Under Vietnamkri.gen vart menn frå Hmong-folket i Laos trent som geriljasoldatar i ein hemmeleg aksjon i regi av CIA og brukt i kampen mot dei nord-vietna.mesiske styrkane. Meir enn 100 ooo menneske frå hmong-folket mista livet. Då krigen slutta og Laos vart overteke av eit kommunistisk sty.resett, måtte dei flykte frå landet og mange hamna som flyktningar i USA. Fram til slutten av 90-talet nekta amerikanske styresmakter framleis for at denne hemmelege operasjonen hadde gått føre seg. Boka tek for seg historia til dette folket og følgjer spesielt ei stor gruppe hmong som er busette i byen Merced i California. Lia Lee var nest yngst i ein syskjenflokk på åtte (opprinneleg fjorten, seks born døydde før familien flykta frå Laos til USA). Lia var eit spesielt høgt elska barn, kanskje mest på grunn sjukdomen som ramma ho. Tre måna.der gammal fekk ho sitt første epileptiske krampeanfall. Dette var starten på ei lang, tung og alvorleg sjukehistorie som enda i ein tragedie. Både foreldra og legane som be.handla Lia, ville det beste for barnet, men kanskje uoverstigelege barrierer i språk og kultur, gjorde det vanskeleg for alle partar. I møtet med Fadiman si bok merka eg raskt at sympatien min lenge låg hos «mi» side av par.tane, nemleg helsevesenet. Som beinhard rasjo.nalist med beina kanskje for godt planta, om ikkje grodd fast, i jorda, er det vanskeleg for meg å forholde meg til forklaringsmodellar for sjukdom som handlar om tap av sjel og åtak frå vonde ånder. Hmong-folket sitt religiøse ut.gangspunkt er shamanistisk animisme og epi.lepsi vert kalla quaug dab peg, på norsk «ei ånd fangar deg og du fell ned». Mange av hmong.folket trur at epileptikarar er spesielt utvalde, dei vert sett opp til og tillagt spesielle helbredan.de krefter. I behandling av sjukdom, bruker dei mykje urter, dessutan rituelle dyreofringar -dette er skikkar dei i større eller mindre grad også har tatt med seg til USA. f nvasiv medisinsk behandling kan vere skremmande fordi dei fryktar at sjela går tapt under slike prosedyrer. Etter kvart som historia vert fortalt og dei ulike perspektiva vist fram, merka eg at forstå.inga mi for den andre sida, Lia og familien hennar, steig, trass i at dei ikk je klarte å følgje opp medisineringa av barnet, noko som fekk katastrofale følgjer. Sjølv om legane på Merced Community Medical Center gjorde det som dei med sitt utgangspunkt trudde var det beste for barnet, viste det seg at dersom dei under.vegs hadde tatt større omsyn til språkbarrieren og den enorme ulikskapen i forståingsmodel.lar, så hadde kanskje utfallet vorte annleis. Arthur Kleinman, psykiater og medisinsk antropolog ved Harvard Medical School har gitt oss ei liste med åtte spørsmål som er de.signa for å forstå kulturforskjellar og finne ut kor pasienten står når det gjeld forklarings.modellar rundt helse og sjukdom, svara frå Lia sine foreldre i kursiv: 1. Kva kallar du problemet? Quag dab peg. 2. Kva trur du har forårsaka problemet? Tap av sjel. 3. Kvifor trur du det starta når det gjorde? Lia si syster smelte ei dør igjen, Lia si sjel vart redd og flykta frå kroppen hennar. 4. Kva trur du sjukdomen fører til? Korleis virkar den? Lia ristar og fell ned. Dette fordi ei ånd, dab,fangar henne. 5. Kor alvorleg er sjukdomen? Vil den går over raskt eller vare lenge? Kvifor spør du om dette? Dersom du er ein dyktig lege, veit du svaret sjølv. 6. K va type behandling meiner du pasienten bør få? Kva håper du vil vere det viktigaste resultatet av denne behandlinga? Lia bør få ein medisin som ho kan ta i ei veke, ikkfe len.gre. Når ho vert frisk, kan ho slutte. Ho må også få urtemedisin og det må ofrast grisar og kYllingai'. Vi ønskfer at Lia skal vere frisk, men vi er usikre på om vi bør stoppe ristinga for all.tid, for dette gjer ho spesiell i vår kultur og kanskje kan ho bli sjaman når ho blir vaksen. 7. Kva slags hovudproblem har sjukdomen for.årsaka? Det har gjort oss triste å sjå at Lia har det vondt, og vi har blitt sinte på helse-vesenet. 8. Kva fryktar du mest ved sjukdomen? At Lia si sjel aldri kf em tilbake. Poenget her er sjølvsagt ikkje at ein skal ak.septere familien sin ståstad, men dersom ein ikkje innhentar informasjon om dette og hel.ler ikkje sikrar seg at foreldra på nokon måte har forstått det moderne helsevesenet sin stå.stad, så blir det kollisjon. I vår norske kvardag er det vel sjeldan at kulturkollisjonen blir så dramatisk som i det.te spesielle tilfellet, men i eit stadig meir mul.tikulturelt samfunn, og også i møtet mellom menneske med tilsynelatande lik kulturbak.grunn, kan vi alle gå på ein smell. Kvar enkelt sjukdom er ikkje berre eit sett av patologiske 0 funn, seier Arthur Kleinman, men ei person.leg historie, eit narrativ. Her kan det passe å vende tilbake til Agledahl og hennar observa.sjonar av møte mellom lege og pasient, der alt kjenslemessig, eksistensielt og personleg blir lagt til side -i beste meining -for å hjelpe pasienten medisinsk. Som fastlege kan ein håpe og tru at dette ikkje gjeld ein sjølv, men i kvardagen på lege.senteret med alle sine møter, der ein skal for.søke å nullstille seg for kvar pasient, vere em.patisk, lyttande, lydhør -samtidig stil diagnosar, behandle, lindre, trøyste. Det mange ballar i lufta og ein kan vel vanskeleg lukkast kvar gong. Anne Fad i man skildrar i starten av «The spi.rit catches you and you fall down» ein tradisjon der hmong-folket etter at borna deira er fødde, gravleggjer morkaka i jordgolvet i huset sitt. Ordet for morkake hos hmong-folket betyr jakke. Den er eins første og finaste klesplagg. år ein hmong døyr, må sjela vandre tilbake, frå plass til plass, inntil ho finn staden der mor.kake-jakka er gravlagt og ta ho på. Dersom sjela ikkje finn igjen jakka, er ho dømd til å vandre rundt i all æve, naken og åleine. Etter å ha korne eit godt stykke på veg i Fad i man si bok, fornemma eg at det var noko merkeleg kjent med korleis hmong-folket vart skildra. Korleis dei framstod, klesdrak.tene, skildringa av levetilhøva deira i Sørøst.Asia. Eg hadde møtt dei sjølv! Tilbake midt på 90-talet reiste eg som backpacker rundt Asia. I Vietnam, besøkte eg fleire avsideslig.gjande fjellandsbyar i nærleiken av byen SaPa nord i Vietnam. Til laurdagsmarknaden i SaPa kom hmong-folk ned frå fjella for å selje klede, smykker og kunsthandverk til turista.ne. Eg hugsar godt dei primitive hyttene med jordgolv. Her budde spesielt vakre og stolte folk kledd i forseggjorte, broderte drakter. Og kanskje var det sjeler på vandring på veg til nettopp det jordgolvet eg stod på nær SaPa i Vietnam i 1996? Og kva er eigentleg viktigast; livet eller sjela? For meg kjem livet utan tvil først. Men slik er det ikkje for alle. KJELDE Fadiman, Anne: «The Spirit Catches You and You Falt Down: A Hmong Child, Her American Doctors, and the Collision ofTwo Cultures», Farrar, Straus and Giroux, New York, 1998. lisbeth.homlong@hotmail.com UTPOSTEN 8 • 2011

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf