Leder: Godt å vere spesialist.

Lisbeth Homlong

Leder: Godt å vere spesialist. Etter 10 år som lege er eg no snart klar til å sende inn alle papira mine til spesialist.komiteen for godkjenning av spesialiteten i allmennmedisin. Det kjennest godt å ha korne så langt, og eg ser med stoltheit og glede fram til å kunne kalle meg spe.sialist i allmennmedisin. I dette nummeret av Utposten har vi intervjua Hans Høvik, mangeårig leiar av spesialistkomiteen. Hans kunnskap og engasjement for faget kjem oss alle til gode, og hans tankar om korleis spesialistutdanninga kan forbetrast er interessante. Innføring av individuell veiledning og obligatorisk krav til spesia.litet, er kvalitetstiltak som vil korne faget til gode. Dette vil, som Høvik påpeikar, sidestille den allmennmedisinske spesialiteten med andre spesialitetar Høvik og mange andre sin dugnadsinnsats i arbeidet med spesialistutdanninga, er uvurder.leg, og vi ser med spenning og ikkje så lite skepsis på kva som eventuelt vil skje dersom departementet no tek over ansvaret for godkjenning av spesialistar. Eit anna dugnadsarbeid som vi kan vere stolte av i desse dagar, er det som vart gjennomført i haust i samband med pandemien. Fastlegane bidrog i stor grad til å få vaksinert befolkninga, dessutan drive informasjonsarbeid, hindre smitte.spreiing og å ta seg av sjuke. For nøyaktig ti år sidan, låg underteikna i eit hotellrom på Tenerife med ein kraftig influensa. Med godt over 40 i feber, kraftige frysebyger, hovudpine og muskelsmerter, trudde eg at eg var døden nær Som nyutklekt cand.med. tenkte eg det var velfortent med ein sydentur etter ein tung haust med lange eksa.mensdagar Det vart ikkje som eg hadde tenkt. Eg låg til sengs i ei veke og det tok 3 veker å korne seg til hektene att. Slik kan det vere å ha skikkeleg influensa, og sidan har eg stort sett vare påpasseleg med å vaksinere meg. Så også i haust, på grunn av det potensielt alvorlege forløpet av sjukdomen Det viste seg heldigvis at influensapandemien vart betydeleg mildare enn det ein hadde forventa, 29 dødsfall er no stadfesta knytt til influensa A H1N1, 1319 sjuke.husinnleggingar er registrert, av desse vart 17 4 intensivbehandla. Medio januar er det berre rundt 1 prosent med influensaliknande sjukdom registrert rundt om i landet, mot rundt 15 prosent på topptidspunktet rundt veke 46. Kva som skjer vidare, veit vi ikkje, sjølv om helse. styresmaktene har spådd at mange enno kan verte sjuke. Sjølv om det er godt å kunne kalle seg spesialist i allmennmedisin, er eg og mange andre unge allmenn. legar bekymra for framtida når det gjeld økonomisk dekning ved sjukdom, fødselspermisjon og pensjon. Det går mot reduserte ytingar frå Sykehjelps-og pensjonsordningen for leger (SOP). Forslag til korleis kost. nadene kan reduserast, er ute til høring. For legar autorisert før 1993, er det tenkt at ein god del av ordnin. gane vert oppretthaldne Vi andre går meir usikre tider i møte. Sett i lys av den dårlege utviklinga i forhold til inntekts-og utgiftssidene ved å drive sjølvstendig i allmennpraksis, er dette dårleg nytt. At avbrotsytingar i samband med fødsel og adopsjon ser ut til å bli skjerma, er likevel eit viktig signal, sett i høve til rekrutterings. grunnlaget for faget, med ei stor overvekt av kvinner mellom dagens medisinstudentar dette nummeret av Utposten kan du for øvrig lese om bruk av båt i helseoppdrag i Noreg. Ein legestudent i Bergen har skrive særoppgåve om emnet. I tillegg er fastlege i Austevoll, Sverre Rørtveit, intervJua om korleis det fungerer i hans kommune. Rørtveit er ein entusiastisk tilhengjar av bruken av båt i legearbeidet og er av den oppfatning at båten er ein ressurs og bør brukast meir Dette illustrerer han med gode kliniske eksempel Sjølv hugsar eg spesielt godt eit sjukebesøk i distriktsturnus, der eg henta ei alvorleg kreftsjuk eldre kvinne med ambulansebåten, gode naboar var til hjelp og frakta ho ned til kaia i ein traktortilhengar, så vart ho løfta over i båten, før ho vart transportert trygt vidare til sjukehus. Etter ti år i yrket, ser eg at det er slike opplevingar ein gjerne samlar på i eit legeliv og som gir inspirasjon til å halde fram i faget. Lisbeth Homlong UTPOSTEN NR . I • 2010

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf