LYRIKKSPALTEN

LYRIKKSPALTEN m En Lyrisk stafett I denne lyriske stafetten vil vi at kolleger skal dele stemninger, tanker og assosiasjoner rundt et dikt som har betydd noe for dem, enten i"_) arbeidet eller i livet ellers. Den som skriver får i oppdrag å utfordre en etterfølger. Slik kan mange kolleger få anledning til å ytre seg i lyrikkspalten. Velkommen og lykke till Tove Rutle -lagleder Sjølv om eg vil karakterisere meg sjølv som godt over gjennomsnittet litteraturinteressert, har eg likevel til gode å lese ei diktsamling frå perm til perm, heller har eg ikkje fordjupa meg i enkeltdikt i større grad. Men innimellom har lyrikk fanga meg og enkelte dikt vender eg tilbake til, og då særleg på nynorsk. Det kan nok verke forslitt og klisjefylt å hevde at det nynorske språket er spesielt lyrikkvenleg, men enkelte nynor- No reiser kvelden seg No reiser kvelden seg i vesterbrun, han trør paa lette fører gjenom tun og skuggeveven fiell imillom hengjer. Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng, og talatrasten skifter ljod og syng med avdagsskjelven under sine strengjer. Men dagen tek sin gangar fast i taum, tek ferdakaapa paa med gullrend saum og burt fraa blaane etter blaane skundar. Det gular gjenom svale dal og lid der skuggen ventar natta, brura si, og ør i sine elskhugsdraumar blundar. Med linne andedrag stig natta inn, med myrke lok kar kringum hals og kinn og herdaduk av alvelette eimar. Og kløkke lundar, æolsharpe-klang, ris bljugt som gjenteborn or moderfang og sviv paa lettan fot i svale heimar. Det gjeng ein sælebiv imillom fiell so fræa emnar seg og hamsar fell og undrings-øre augo upp seg vender: Or djupe himlar slær ein baaregong av evig skapings-gir og sfæresong som helsar frendeblidt mot løkke strender. Olav Nygard ske lyrikar klarer å skape klangar med språket som fangar heilt spesielle stemningar, synst eg. Ein av mine favorittar er Olav Nygard, fødd i Modalen i Nordhordaland i 1884. Han var, mellom anna, inspirert av dei engelske romantikarane som Ke.ats og Shelley, og som dei, balar han med store tema, midt i den romantiske diktartradisjonen; livet, døden, naturen. Eit av hans mest kjente dikt, er «No reiser kvelden seg» Eg synst at han lekamleggjer kveldinga på em nydeleg måte. Eg forstår ikkje alle orda, språket er til tider kompli.sert, men samanstillinga av ord og klangar, samt rytmen, viser fram noko som ein elles ikkje klarer å skildre med ord. Eg takkar Gøril Sollie for utfordringa og sender stafett.pinnen vidare til Åge Slyngstad li, tidligere studiekollega frå Bergen, no fastlege i Nittedal. Lisbeth Homlung UTPOSTEN NR .6 • 2006

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf