I forbifarten - Maria Hellevik

I forbifarten - Maria Hellevik  Hva bør folk vite om deg før de leser intervjuet? Født 1972, gift, ven tar fyrste bornet i mai. Cand. med 1999 i Bergen. I 1997-98 studerte eg litteratur i Berlin. Sjukehusturnus Sandnessjøen sjukehus og distriktsturnus frå aug -oo på Lurøy. Har sidan arbeid på Lurøy som kommunelege I i ett år og sidan som kommunelege 2. Styremedlem i NSAM frå september 2003. Arbeidssted Lurøy kommune som er ei øykommune på Helgelandskysten. Vi har pasientar på 11 øyer og på fastlandet. Vi har fem utekontor, deriblant ein gong i månaden i legebåten Æsculap. Elles ei gong i veka på kvart utekontor. Når skjønte du at du var blitt lege? Då eg etter nokre månader i Lurøy vart omtala som gam.maldoktoren. Hva gir deg mest glede i jobben? Møta med pasientane. Starte dagen med '/z times båttur med te og nitimen. Det fantastiske lyset og skiftingane i ve.ret alle dei timane eg tilbring i legebåten i løpet av ei veke. Hva er det lureste knepet du har gjort for å få en bedre hverdag? Å gå ned i 60 prosent stilling som fall saman med at den siste stillinga vart besatt og eit år med mykje todelt vakt var over. Når synes du at du gjør viktig legearbeid? Når eg har dei faste møta med heimesjukepleiaren i kvar krets for å få til eit best mogleg opplegg for dei eldste og UTPOSTEN NR .I • 2004 INTERVJU m skrøplegast i kommunen. Der er det mange problemstil.lingar som vert fanga opp. Når lo du på jobben sist? Eg ler kvar dag. Nordlendingar er eit humørfylt folkeferd. Hvilket ord i den medisinske hverdagen er du mest lei? Hvorfor? Grønn resept. Eg trur ikkje eg treng å forklare kvifor. Hva ville du gjøre annerledes hvis du startet en ny prak.sis/ i en ny jobb? Ein kvar ny jobb vil automatisk skilje seg veldig frå den eg har no. Utfordringa vert vel snara re å finne att noko av det som fasinerer meg her. Hva er stikkordene for din favorittpasient? Ho har eit utruleg godt humør trass i alle lidingane sine. Hva gjør du om fem år? Vanskeleg å seie. Eg vonar eg sit som fastlege ein eller annan stad i landet. Hvilken person i norsk helsevesen kunne du tenkt deg å bli stående fast i skiheisen med? Og hvorfor? Mi gode venninne og også kollega gjennom heile mi ar.beidstid i Lurøy; Nina Kjær Brones. Ho har frå r. januar 2004 byrja i ny jobb i Bardu og eg skulle likt å høyre kor.leis ho no har det. Du er helseminister for en dag -hvilke to oppgaver ville du løse først? Eg ville prøve å finne ei ordning slik at dei som har lagt til rette for turnuslege kan vere trygg på at dei får UTPOSTEN NR.I • 2004 turnuslege kvart halvår. Det har veldig store konsekven.sar for ei lita kommune når vi plutseleg står utan turnus.lege for eit halvt år. Då er det tilbake til to-delt vakt om vi ikkje finn vikar. Når det er gjort er nok dagen over og vel så det. Hva ønsker du mer av i Utposten? Eg er ein ganske ny abbonent og er førebels nøgd slik det er. Hva blir bedre i primærmedisinen i fremtiden? Legedekninga i distrikta. Eg vonar at det vil verte lettare å få søk jarar til stillin gane i distrikta når det vert fleire le.gar. Det har alt vorte betre, men det er framleis langt 1g1en. Hva håper du at du skal gjøre før du blir gammel? Lære meg eit nytt språk. Det er så kjekt å lese bøker på originalspråket. Då eg lærte tysk opna det seg ei ny verd med forfattarar ein ikkje fann i norske bokhandlarar; både tyske og forfattarar omsett til tysk. Tror du at dine venner at du skal bli mer rampete eller mer skikkelig? Eg vonar dei er nøgde som eg er. Hvilken kollega utfordrer du til åla seg portrettere «I forbifarten» i neste nummer av Utposten? Svein Arne Monsen, kommunelege 1 i Leirfjord kom.mune.

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf