Tale halden av Dr. Fidel Castro Ruz, President i Republikken Cuba, på jubileumssesjonen for 50 årsdagen for stiftinga av Verdas Helseorganisasjon (VHO) i Nasjonspalasset, Genève, Sviets, 14.mai 1998.

Tale halden av Dr. Fidel Castro Ruz, President i Republikken Cuba, på jubileumssesjonen for 50 årsdagen for stiftinga av Verdas Helseorganisasjon (VHO) i 2001 m Verdas helseorganisasjon feira 50 åi-sdagen med ein jubileumssesjon i 1998. Til dette jubileet kom det statsleiarar frå heile verda. Noreg hadde spesiell interesse av dette møtet, for på den ordinære delen av se.sjonen vart Gro Harlem Brundtland vald til generalsekretær. Det var de1for ein stor norsk delegasjon til stades. Nokre av dei som kom heim, fortalde at det var ein tale som skilde seg ut, og som hadde gjort eit djupt inntrykk-Medan dei andre statsleiarane stort sett heldt festtalar, gjekk Fidel Castro rett på sak. Han sette fingeren på hovudproblemet i verda i dag. Vi vart nyfikne. Begeistringa for Castro kom frå folk vi elles hadde trudd stod langt frå Castro i politisk syn. Etter my kje strev klarte vi til slutt å få tak i talen. Omtrent samstundes kom Sosialkomiteen heim frå vitjing på Cuba. No fekk vi oppleve John Alvheim og andre snakke i høgstemde ordelag om det dei hadde sett. Vi bestemte oss de,for for å reise til Cuba for å intervjue Castro sjølve. Castro sluttar talen sin slik: « Verda kan også kjempe og vinne. » Vi ønskte å spø1je Castro om korleis han ser denne kampen for seg. Kva råd har den siste sosialistleiaren i verda til verdas folk? Korleis skal verda kjempe og vinne? Hendingane denne hausten viser vel tyde/eg at verda treng råd. Castro er ikkfe lett å korne innpå. Vi har prøvd mange vegar for å få til eit intervju, men vert støtt stogga før vi når dei indre gemakka. Det har teke tid, men vi trykkfer no talen som han er. Talen er omsett frå spansk av Helge Bjørlo. Gunnar Strøno Tale halden av Dr. Fidel Castro Ruz, President i Republikken Cuba, på jubileumssesjonen for 50 årsdagen for stiftinga av Verdas Helseorganisasjon (VHO) i Nasjonspalasset, Geneve, Sveits, 14. mai 1998. Eksellensar, Styret i VHO, distingverte utsendingar Ære til Verdas helseorganisasjon som saman med UNICEF reddar livet til Aeire hun. dre millionar horn og millionar av mødre, som lettar lidingane og reddar mange andre menneske frå døden. Desse to institusjonane, i lag med FAO, FN sitt program for ut.vikling, UNCTAD (United Nations Conference on Trade and Development), Verdas matvareprogram, Verdas befolkningsfond, UNESCO og andre organisasjonar som er så kritiserte av lei som ønskjer å gå til åtak på lei edle ideane som inspirerte til dan.ninga av FN, har gjort sitt for på ein avgjerande måte å skape eit universelt samvit om lei store problema verda slit med i dag og lei store utfordringane vi har framføre oss. Dersom verdsøkonomien, slik velrenommerte analytikarar hevdar, vart seks gongar større, og produksjonen av varer og tenester auka frå mindre enn fem tusen milliardar dollar til meir enn 29 tusen milliardar frå 1950 til 1997, kvifor døyr då framleis kvart år 12 millionar horn under fem år, det vil seie 33 tusen dagleg, der det store Aeirtalet kunne vore redda? Ikkje nokon stad i verda, ikkje i noko folkemord, ikkje i nokon krig UTPOSTEN NR.7/8 • 2001 TALE AV CASTRO PÅ VHO -50-ÅRS JUBILEUM m blir så mange drepne i minuttet, i timen og om dagen som det som svolten og fattigdomen tek livet av på planeten vår 53 år etter at FN vart danna. Ungane som døyr, og som kunne vore redda, er i nesten eit hundre prosent av tilfella fattige, og av dei som overlever er det kvart år 500 tusen som blir blinde av mangel på ein en.kel vitamin som kostar mindre årleg enn ei pakke sigaret.tar. Kvifor er 200 millionar barn under fem år underer.nærte? Kvifor arbeider 250 millionar barn og ungdommar? Kvifor går ikkje 110 millionar barn i grunnskolen og 275 millionar er utanfor vidaregåande skole? Kvifor blir to mil. lionar jentebarn prostituerte kvart år? Fordi i denne verda, som årleg ska par varer og tenester for nesten 30 tusen milliardar dollar, bur 1300 millionar men.neske i absolutt fattigdom. Fordi dei har mindre enn ein dollar dagen å leve for, medan det er andre som mottar ein million dollar om dagen. Fordi 800 millionar manglar dei mest elementære helsetenester. Fordi av dei 50 millionar menneske som kvart år døyr på jorda vår, både barn og vaksne, døyr 17 millionar, det vil seie nesten 50 000 kvar dag, av infeksjonssjukdomar som nesten alle kunne vore lækte av, eller enda betre, ha unngått, for ein pris som av og til er mindre en ein dollar per person. Kor my kje kostar eit menneskeliv? Kor my kje kostar den urettvise og utolelege økonomiske verdsordninga for men.neskeslekta? 585 000 kvinner døydde i 1996 i løpet av svang.erskap eller fødsel, 99 prosent i den tredje verda. 70 000 døydde etter abort under uhygieniske omstende, 69000 av dei i Latin-Amerika, Afrika og Asia. Bortsett frå ein avgrunn av ulikskap i levestandard, så lever folk i dei rike landa gjennomsnittleg 12 år lenger enn i dei fattige landa. I enkelte land er skilnaden i levealder mellom dei rikaste og dei fattigaste på mellom 20 og 35 år. Det er svært trist å tenke på at når det gjeld tilhøva for mø.dre og barn, trass i innsatsen frå VHO og UNICEF, så døydde det i dei siste femti åra 600 millionar barn og 25 mil.lionar mødre som kunne ha overlevd. For at det ikkje skulle ha skjedd, måtte vi ha hatt ei meir rasjonell og rettvis verd. I den same etterkrigstida vart det investert meir ein 30 tusen milliardar dollar i militære kostnader. I følgje oppgåver frå Dei Sameinte Nasjonane ville kostnadene med å gi alle til.gang til grunnleggjande helsetenester vere på 25 milliardar dollar årleg. Det sva rar til 3 prosent av det som i dag går til militære kostnader. Og i dag er det ingen kald krig. Handelen av våpen som er laga for å drepe, får halde fram, og medisinane som er laga for å redde liv, blir stadig dyrare. Marknaden for medisinar kom i 1995 opp i 260 milliardar dollar. Dei rike landa, med 14,6 prosent av folketalet i verda, 824 millionar menneske, brukar 82 prosent av medi.sinane. Resten av verda, 4815 millionar brukar berre 18 pro.sent. Prisane gjer medisinane i røynda uoppnåelege for den tredje verda, med unntak for dei privilegerte i lesse landa. Kontrollen over patentar og marknader som dei store mu.ltinasjonale selskapa utøver, gjer dei i stand til å auke pri.sane til meir enn 10 gonger produksjonskostnadene. Ein del av dei nyaste antibiotika har ein pris som er 50 gonger pro.duksjonskostnaden. Men menneskeslekta held fram med å vekse. Vi er no nes.ten 6 milliardar, og veks med 80 millionar årleg. Det tok to millionar år å nå den første milliarden. Det tok hundre år å bli ein milliard til, medan den siste milliarden tok berre 11 år. Om femti år vil det vere 4 milliardar fleire innbyggjarar på planeten vår. Gamle sjukdomar har dukka opp på nytt, og det oppstår nye; AIDS, ebola, hantavirus, encefalopatia espongiforme bovina. Meir enn 30 i følgje spesialistane. Enten får vi bukt med AIDS, eller så gjer AIDS ende på mange land i den tre.dje verda. Ingen fattig AIDS-sjuk kan betale 10 000 dollar årleg som er det behandlinga i dag kostar som gjer livet lengre, utan å kurere sjukdomen. Klimaet end rar seg, hava og atmosfæren blir varmare, lufta og vatnet blir ureina, jordsmonnet eroderer, ørkenane veks, skogane blir borte, det blir mindre vatn. Kven skal redde ar.ten vår? Dei blinde og ukontrollerbare marknadslovene? Den nyli.berale globaliseringa? Ein økonomi som veks av seg sjølv og for seg sjølv lik ein kreftsvulst som fortærer mennesket og øydelegg naturen? Dette kan ikkje vere den rette vegen. Eller det er det berre for ein kort periode i historia. Mot dette kjemper Verdas helseorganisasjon heroisk vi.dare, og den har, i tillegg, plikt på seg til å vere optimistisk. Som kubanar og som revolusjonær, deler eg denne optimis.men. Cuba med ein barnemortalitet på 7,2 for kvar 1000 le.vandefødde i det første leveåret, med ein lege per 176 inn.byggjarar, som er det høgste i verda, og med ein forventa levealder på tett under 75 år, oppfylte alt i 1983 målsettinga som var sett for år 2000 med eit helseprogram for heile folket. Trass i handelsblokaden som vi har lidd under i snart 40 år. Trass i å vere eit fattig land i den tredje verda. Forsøket på folkemord mot oss gjorde at vi mangedobla innsatsen og viljen til å overleve. Verda kan også kjempe og vinne. Mange takk UTPOSTEN NR .7/8 • 2001

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf