Ein allmennmedisinsk entrepenør - samtale med Tellef Fossli

Frode Forland

Ein allmennmedisinsk entrepenør - samtale med Tellef Fossli ri Ein allmennmedisinsk entrepenør Eg dreg attende til bygda der eg sjølv gjekk kommunearbeidarskulen i mine ni første legeår -for å møte ein kollega som har gått mot strau.men då dei aller fleste andre gjekk med -og inn i ei økonomisk lukrativ fastlegeordning. Han har etablert sin eigen heilt private praksis, utan.for alle ordningar og offentlege støttetiltak mile.vis unna næraste tettstad, i bygda Nissedal i Vest Telemark. Her driv han eit sant kombibruk, litt jord-og skogbruk, litt som maskinentrepenør, og sommarstid som turistvert på eigen camping. plass, men mest som doktor. Eg er lege med høgrehanda, seier han. SAMT ALE MED TELLEF FOSSLI VED FRODE FORLAND Tellef Fossli heiter mannen, f. 1955, cand. med. Oslo 1983. Etter turnus starta han ei lovande forskarkarriere på Riks.hospitalet med tema vekstregulering innanfor molekylær.biologi. Han snusa litt på kirurgi og indremedisin før han vart lokka ut att i allmennmedisin, tilbake til eiga heim.bygd. Her var han kommunelege i 7 år, berre avbrote av kortare periodar med etter-og vidareutdanning, fram til han i 1996 sa opp i frustrasjon over den dårlege personalfor.valtinga og helsepolitikken som det offentlege stod for. Så var han 3 år overlege ved Attføringssenteret i Rauland, (ein stad han meiner at alle allmennlegar burde ha jobba) -for så frå hausten 2000 å starte opp sin eigen private praksis på garden der han har vakse opp. Han tek imot meg i sin nyinnreda praksis i det som før var butikken i Nordbygda, i eit hus kloss inntil vegen. Det meste av arbeidet med å ominnreie huset har han gjort sjølv. Riksvegen går gjennom gardstunet der barndomsheimen, campingplass og uthus ligg på eine sida, garasje og den nye praksisen ligg på andre sida. I huset er det praksis i første Huset ved vegen, før butikk, no legepraksis. EIN ALLMENNMEDISINSK ENTREPRENØR m 'I I : i etasje, eigen bustad i andre og gjesterom i tredje. I vind.fanget står det diverse verktøy, fjellski, barnevogn, og slikt som ein finn i gangen på ein gard. Alt bygningsarbeid er ik.kje ferdig enno, unnskylder han. Så kjem vi inn i ein open, lys gang med ein liten resepsjon rett imot. Alt er nytt og smakfullt innreidd med duse fargar og parkettlagde golv, _ eit toalett med fliser som på det finaste hotell. Til venstre eit venterom med gode stolar og duk på bordet. «Fjell og vidde» og «Helsenytt for alle» ligg på bordet. Ved sida av resepsjonen er det eit laboratorium, med vanleg utstyr for eit legekontor, til høgre eit mindre rom for samtale, igjen med mjuke stolar, duk på bordet, eit fruktfat og eit vakkert skrivebordsmøbel med ein bærbar PC. Vi sit gjerne saman her første gongen ein pasient kjem, seier Fossli. Då set eg av frå 1 til 3 timar, for å få eit skikkeleg grunnlag for å bli kjent med pasientane. Mange kjem med samansette problemstil.lingar, der problema både er knytta til kropp og sjel, arbeid og familiesituasjon. Ein del er også henvist frå andre. I slike situasjonar er det i første omgang tid som er det viktigaste verktøyet for å kunne vere til hjelp. Dr. Fossli les «Helsenyttfor alle» på venterommet. Kvifor har du etablert deg på denne måten? Eg dannar mitt bilde av verda og helsetenesta ut frå det som eg har sett og erfart, og mitt inntrykk er at den offentlege allmennlegetenesta i kommunane har svikta fundamentalt når det gjeld kontinuitet i lege-pasientforholdet, kommu.nikasjon og tid. Kven har ansvaret for kvalitetssikringa her? Det offentlege har plikt til å sørgje for at det er nokon i stillingane. Det klarer dei til ei viss grad, men det er ikkje sikkert at det er nokon der som kan lytte og forstå sjølv om det fysisk er nokon der. Utskifting og gjennomtrekk i lege.stillingane i Vest-Telemark har vore formidabel i dei siste 5-10 åra. Grunnane til dette veit vi ein del om, men lite blir gjort for å betre på situasjonen, seier Fossli. Mange, særleg eldre i bygdene, opplever at dei ikkje blir for.stått av legar som kjem frå Danmark, Tyskland eller endå leger borte frå. Folk gir opp å forklare seg, reiser heim att og grin, sier Fossli. Det handlar ikkje berre om språk, det handlar like mykje om å ha tid, interesse og forståelse for dei problemstillingane som pasientane kjem med. I den nye fastlegeordninga, er det ein sterk økonomisk stimulans til å ha mange pasientar på listene, til å ha mange pasientar kvar UTPOSTEN NR.7/8 • 2001 EIN ALLMENNMEDISINSK ENTREPRENØR ri Tellef Fossli viser stolt fram delar av maskinparken. dag og til åta prøver som gjev eigne takstar. Dagens medi- sin er også blitt for teknifisert. Desse tinga styrer legane bort frå dei pasientane som kanskje treng tenestene mest, dei med samansette psykososiale og psykosomatiske problem- stillingar. Frå mi tid som overlege på Attføringssenteret i Rauland har eg til fulle sett korleis mange, også spesialistar i allmennmedisin, let vere å setje seg inn i og utrede denne type problemstillingar. Det har vore jobba mykje med kvalitetssikring av legete.nester både med tanke på laboratorie, journalføring, IT.systemer og IK-systemer osv., men det hjelper lite når fun.damentet ikkje er på plass, -ein lege som er der, kjenner deg og historia di og har tid når du treng det. Min filosofi er at eg gjerne vil vere ein lege som tar dei gamle KOPF-ideala på alvår (kontinuerleg, omfattande, personleg og forplik.tande). Mi erfaring tilseier at eit slikt nært forhold til pasi.entane ikkje treng bli noko større belastning enn det å vere i eit offentleg system der ein kjenner frustasjonen over alt ein skulle ha gjort og alt ikkje får gjort. Og så er eg vel litt sta, og ønskjer ikkje å bli styrt av byråkratar, legg han til. Korleis møter du pasientane? Eg tenkjer at kvar pasient treng ei individualisert tilnær.ming. Dei er mine oppdragsgjevarar, eg er ein rådgjevar el.ler konsulent. Journalen skal pasienten sjølv bere med seg, -eg har berre ein kopi. Den arkiverer eg forresten på namn, og ikkje på fødselsnummer. Når folk har presentert seg med namnet sitt på telefonen er det nok-dei er ikkje eit nummer i mitt system. Det er få som heirer nett det same i små bygder, i så fall nyttar dei vanlegvis ein mellombokstav for å skilje. Eg trur at slike enkle ting som omgjevnader, haldning og tid til pasientane er mykje av grunnen til at så.kalla alternative terapeutar får kundar, og at kundane opp.lever at dei får hjelp. Når eg tilbyr dette i tillegg til at eg har UTPOSTEN NR.7/8 • 2001 il EIN ALLMENNMEDISINSK ENTREPRENØR heile det skulemedisinske arsenalet av utredning og be.handling å spele på, er potensialet stort. Mange pasientar går i dag til alternative terapeutar, og eg har vanlegvis ikkje motforestellingar mot det når skulemedisinen ikkje har noko å tilby, slik det ofte kan vere for kvardagslivets plager. Går du til psykiatrien spør lei mest om seksuelle overgrep og barndomsopplevingar, og mange opplever å få lite hjelp til å leve i kvardagen. Når eg henviser til spesialist eller sjukehus, vil eg vite kven pasienten kjem til, både fagleg og personleg. Vidare vurde.rer eg nøye kvaliteten på epikrisene eg får tilbake. Fritt sju.kehusval har nok gjort det lettare for meg å hjelpe pasien.tane mine til god service også i 2.linjetenesta, men mykje står endå att. Du viste meg gjesteleiligheten i øvste etasje -skal pasientar også få bu her? Nei, eg har ikkje planar om det. Det er meint å vere ein stad der ambule.rande spesialister kan korne for å drive praksis kombinert med ei fri.helg i vakre naturomgjevnader i Vest-Telemark. Eg har førebels sam.arbeid med fysikalsk medisinar, nev.rolog og psykomotorikar, men øn.skjer og å knytte til meg ambulerande tenester frå gynekolog og kardiolog. Då samlar eg opp eit høveleg knippe pasientar og spesia.listen vurderer lesse pasientane sa.man med meg. Slik får eg rettleiing, etter-og vidareutdanning med på kjøpet, og kan kanskje også gje spesi.alisten litt input frå allmennmedisin? I lesse dagar blir utstyr for Holter.monitorering, arbeids-EKG, spiro.metri og 24-timars blodtrykksmå.ling installert ved kontoret, og ultralyd vil vere på plass om ikkje så lenge. Elles driv eg og litt småki.rurgi. Eg er van med å bruke hen. lene i vedlikehald av bygningar og maskiner som treng re.parasjon (traktor, anleggsdumper, to gravemaskiner, mm), men litt finare snitt er og stimulerande og nyttig. Elles tilbyr kontoret reisevaksiner etter at helsestasjonen i kommunen la ned denne servicen for bygdefolket. Går dette rundt økonomisk? Det er det for tidleg å svare på -du får korne att om eit års tid. Sambuaren min, Tone, er kompanjong og assistent (medbrakt bioingeniør frå forskningslaben i Oslo). Eg lei.ger ikkje anna hjelp, og reknar med at det kan gå rundt med 5-600 faste kundar. (Utdrag av prisliste, sjå eigen boks). Eg gjer ikkje dette for å sko meg økonomisk, då ville fastlegeordninga truleg ha vare eit betre alternativ. Eg har tatt eit verdi val der fagleg frihet og utvikling betyr meir enn Var det destruksjon -eller reparasjon, du sa? UTPOSTEN NR.7/8 • 2001 Oversiktsbilde over Nisser og Vik Camping lønn. Etter å ha budd og trivst med 10 års anonymitet i Oslo, val de eg å flytte attende til distriktet og busette meg og leve i mitt eige grannelag, med naboane som pasientar og med jord, skog og fa.milie rundt meg. No styrer eg dagane sjeølv, og oppleverein frihet som gjer godt for kropp og sjel. Men at det er dobbelt så langt frå byen til distrikta som omvendt, blir fort klart når ein bur i dis.triktet. Politikarane må legge til rette for at det vert mogleg med tekniske løysingar og kommunikasjonar å ha eit like godt servicetilbod her som i Oslo. Mitt bidrag til distriktspolitikken er å tilby folk i distriktet eit topp moderne legekontor med tid, stabilitet og service der dei bur. Kvifor skulle ikkje det la seg gjere i distriktet like godt som i byen -spør Fossli ettertenk.samt. A. Abonnement 500 kr. pr. år fur I400 kr. prenk.ltpersonar. . 4r for _ fam,1,a,(foreldre0g bom under / 8 år) B. Bruk av kontoret relefoniskhenvendelse tilIege (1 telefomid)K g?'arj5 on konsulrasjon hos almenpra1,;r;ker(mntil 10 min.) 100 kr.Ordinær konsultas· 150kr ilOn hosalmenprakfik . 250 kr. er(30 min.) Spesialistvurdering 350kr. 480kr. Heimebe5øk avalmenprakt I .400kr, -ege fr! 600 kr..500kr. Kort YUrderi0"n. _ 6'.hand/mghos sjukep/_Konsultasjon hos s &! 50kr . ioterapeut,jordmor etc Vi går ein tur ned til Nisser og rundt området ved camping. . .I00kr. fr!250kr. plassen. Her går vi forbi ei gravemaskin, og eg får ei rask innføring i arbeidet med å skifte belte på denne. Det er lav Ved henY.utanom konlomdkjem25%tille fri 350 kr gg_ Henv. nattestid(k1.23 -kl.OS) dobbe/ taksr. haustsol, gule tre og blankskura berg speglar seg i vatnet. Her ute på odden vil eg bygge mitt eige hus om eg eingong C. D"IV. får råd. Omgjevnadene verkar inn på folk, seier Tell, som undersøkeJsar o (eks. 24-1 blod g b ehand/ingar mgsres1 avhjane . lun gefunk.s;onsmå/inga, _ . han vert kalla i bygda. ..nt kon1oret for nærareinformas1on Eg skjønar godt at han vil bygge her, vakrare tomt kan ein knapt finne, tenkjer eg. UTPOSTEN NR .7/8 • 2001

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf