Livet er ein annan stad

Marit Eikemo

Livet er ein annan stad Livet er Den største aktiviteten i Ålvik er tungtrafikken som dundrar forbi. Bilar på veg til ein annan stad enn Ålvik. Like før sentrum står eit skilt som viser kilometeravstan.den til Oslo, Kvanndal og Granvin. Køyr berre vidare, seier skiltet. Men dersom ein likevel stoppar ein sein ettermiddag, blir ein møtt av den einaste gjesten på den einaste kafeen. Han ser på deg og spør: «Kven er du?» Det er ingen som ventar at nokon skal stoppe i Ålvik. Berre dei som er fødde her må opphalde seg på staden frå ei tid til ei anna. Frå barndom til vaksen. Til dei er gamle nok til å velje sjølv. -Når eg blir vaksen, vil eg bu på Voss eller i Stavanger. Kanskje Bergen, eller kanskje Oslo ... Nei forresten, ikkje Oslo, der ville eg følt meg som ein bondeknøl, seier Kari Helen. Ho tar seg i det og blir brydd. Det er ikkje så verst her heller, i følgje femtenåringane. På skulen er det ingen som blir mobba, det er trygt og godt, seier dei. Det er trygt og godt. Og kaldt. Dei sit og hakkar tenner på ein benk i eit skur, klynger seg saman og knepper jakkene tett rundt seg. Om nokre år skal dei gjere noko anna. I mellomtida sit dei på denne benken i dette skuret og ven tar på at tida skal gå. Dei ven tar på be.tre tider. Dei ventar på sommaren då det ikkje lenger er UTPOSTEN NR .2 • 2001 a ein annan stad så kaldt, dei ventar på den dagen dei skal få seg ein kjæraste -og på den dagen dei skal reise frå fucking Ålvik. Men kva med no? Kva med denne tida som er no? -Skal de vere med oss på u-klubben? spør Åshild. Anna.kvar fredag er det ungdomsklubb i Ålvik. Alle skal dit. Ås.hild og, men ho er noko brydd: -De vil ikkje tru at det er eit diskotek. Det er berre nokre lyspærer som heng der og blenker, seier ho. I Øystese har dei skikkeleg diskotek. I Ålvik er det berre nokre lyspærer, og tre foreldre som sit vakt ved inngangen og slepper inn ungar heilt ned i tolvårsalderen. -Kor kjekt er det å gå på diskotek med tolvåringar, seier Åshild. -Eg skal snart flytte til Fyksesund. Der er det kjedelig, seier Sara. Ålvik er bra, Fyksesund er drit. Det er alltid noko som er verre. Liksom det alltid er noko som er «in» og noko anna som er «ut». -Skal du ikkje spele Cher-songen, «Believe»? UTPOSTEN NR.2 • 2001 -Den er ut no, altfor gammal, seier DJ Cato bestemt. I sta.den spelar han temasongen til Ally McBeal, og får danse.golvet til å koke: «I know something about love», syng dei og dansar seg sveitte i ei lang, lang rekke. Ein underleg dans. Er det Ålvik-dansen? -Nei, det er reinlender. Iselin og Anita og Åshild og dei går kvilelaust inn og ut. Dei dansar eit par dansar og så er det rett ut igjen. Når dei for ein gongs skuld får vere innomhus, går dei likevel ut. Dei set seg beint ned i snøen og ventar på noko ubestemmeleg, noko som plutseleg kan dukke opp og snu alt på hovudet. -Det stod i lokalavisa at Ålvik er ein død plass, seier Iselin tørt. -Det er ikkje sant, seier dei andre i protest. Det var Magnus som sa det, at Ålvik var ein død plass. Magnus, som flytta hit frå Os for halvanna år sidan med skateboard-interessene sine og bukser langt nede på knea. Magnus som bur på Flå.ten, langt frå alle dei andre. Altfor langt unna til at nokon besøker han. Sjølv er han sjeldan i Ålvik om kveldane. Det HER, NO a går ikkje buss, og han er for ung til å køyre moped. Han reiser heller til Odda eller Os enn å gå på u-klubb i Ålvik. Skulekameratane har vore litt sure på han for oppslaget i lokalavisa, men Magnus held på sitt. Han har trass alt sett noko som er større. Han har budd i Os. -Kva er det som er så gale med Ålvik? -Kva faen trur du? seier Magnus. Det er handarbeidstime på skulen og han sit over veven. -Kor ville du elles budd? -Veit da faen, vekk herifrå ... Vil de vere med meg heim, forresten? Vi bur langt faen inni skogen heilt åleine i eit jævlig svært hus. Bli med meg heim og få ein kopp kaffi ! Det er ei perle av ein plass, seier han entusiastisk og tøffare enn toget. Tøffe gutar vever ikkje. Denne meingslause ak.tiviteten som elevar til alle tider må lære seg. Jarle og Daniel kan godt leve med litt veving dersom dei får spele knallhard techno i timen. Det er ikkje godt nok for Magnus. -Må vi veve då? seier han oppgitt til lærarinna. Irene Tveiten og Cato har tatt til å halde kvarandre i hen.dene i løpet av eit døgn. Det skjedde i går, det veit alle. Irene hadde hjelpt Cato å vaske mopeden hans som vanleg, då det plutseleg skjedde. Over den skinnande reine mopeden hadde dei kyssa kvarandre. Då var det gjort. -Vi har venta på det lenge, seier dei andre. -Har han sett rommet ditt, Irene? -Nei, kviskrar Irene og ser ned. Den vesle handa hennar i hans, så rykane fersk er kjærleiken at han ikkje eingong har sett rommet hennar. På eit anna rom er det andre gutar som blir diskutert. Heime hos Kari Helen -med Prodigy som vitne på veggen. -Ho har utruleg spesielel musikksmak, forklarer Guro. Det gjekk ikkje så bra med romansane leira frå nabobygda. Han som Guro likte, likte ikkje Guro og han som likte Kari Helen, var ikkje bra nok for Kari Helen. -Eg trur alle gutane derifrå har hamna i tørketrommelen, så små er dei, seier Guro. -Det er du som er høg, seier Kari Helen. -Det kan vel ikk je eg noko for, seier Guro. -Er det ikk}e så lett å finne nokon i Ålvik? -Hmm. Det er mange fine gutar her og, altså, men alle får vite det dersom du er forelska i nokon. Eg var lenge forelska i ein gut, men då eg skreiv det i skuledagboka mi, fekk heile skulen pluteleg vite det, seier Guro. -Det blei aldri de to? -Nei, han likte ikkje meg. Snart er det kveld. Ålvik sine 14-, 15-og 16-åringar skal trekke opp til skuret på skuleplassen og sette seg på benken der. Berre Magnus vil helst til Odda eller Os. Kanskje kor som helst, eigentleg. Berre det ikkje er fucking Ålvik. UTPOSTEN NR.2 • 2001 -Magnus blir kjempeglad om de besøker han. Han får al.dri besøk der ute, seier Kari Helen. Heime hos Magnus forte! han at han snart skal male rommet sitt i raudt, blått, grønt, gult og lilla. -Får du lov til det? -Ja, herregud, eg må tross alt bu i Ålvik. Ein annan ting Magnus får lov til, er å male huset. Han har fått lov å male eit kjempestort yin-og-yang-merke på mø.net, som vender mot fiorden. Det skulle berre mangle. Han må tros alt bu i Ålvik. -Kva gjer du her om kveldane? -Eg høgg ved. Dei har fått internett, men han er ikkje interessert. Er det på nettet livet skal levast, kanskje? Kunne det i det minste bli sommar, så skulle han spent på seg vannskia og trossa kvar minste bølgje i fiorden der, han skulle ha seira over kvart minste element på denne daue plassen, han skulle stått som ein konge med ei sky av havsprut etter seg og trossa den jævla fabrikken og dei høge fiella. Men det er lenge til sommaren kjem til Ålvik, det er lenge til alt. -Eg har lyst å bli perledykkar i Karibien, seier Magnus. Utan åta seg i det, utan å bli brydd. Det er ein stor draum å ha på ein liten plass. -Ting funkar for så vidt no. Eg lever på luft og kjærleik, seier han plutseleg nøgd. Etter å ha vore forelska i same jente i over eit år, har det endeleg begynt å funke. Så gale er ikkje Ålvik, at det ikkje finst fine jenter her. Så bra er hel.ler ikkje Ålvik, at det er verdt å sitte i skuret heile kvelden. -Kan eg få reise til Os i helga? spør Magnus når mor hans kjem frå jobb. -Nei. -Kan eg ikkje få lov då? -Nei. • UTPOSTEN NR.2 • 2001

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf