Korleis ta vare på den faglege nyfikne?

Frode Forland

Korleis ta vare på den faglege nyfikne? m Korleis ta vare på den faglege nyfikne? • AV FRODE FORLAND PT. ALLMENNLEGE, EKEBERG OSLO Det var lusepidemi i bygda. Eg var kommu.nelege og rådførte meg med min kollega som var skulelege. Kor lenge kunne denne lusa leve, blei etterkvart det sentrale spørsmålet. Kor lenge måtte vi halde tiltaka oppe og kor synkronisert måtte innsatsen vere for å hindre reinfeksjon? Korleis kunne vi best få svar på spørsmålet? Det var fredag ettermiddag. Her var gode råd dyre. Tiltak burde setjast i verk før helga. Eg kasta meg over mine med.brakte lærebøker frå studietida, og fann mykje god infor.masjon om hårfjerning og permetrin, om nedfrysing og ko.king av sengetøy, om behandling av heile familien, om lusekammar og om førebyggjande tiltak, men kor lenge kunne lusa leve? Min kollega fann ei lus på ein elev, tok den med seg til lege.kontoret og la ho under mikroskopet. Lusa sprella faretru.ande livleg, og blodet strøymde i den monstrøse kroppen under dekkglaset. Han ville la ho ligge der til måndag mor.gon for å sjå om ho overlevde helga. 'I To ulike måtar å nærme seg eitt og same spørsmålet; levetid ' på lus utan kroppskontakt. Eg leita i gamle bøker. Min kol.lega la lusa under dekkglaset. Berre den som lurer lærer Som barn er vi frå naturen si side interesserte i å utforske det som er rundt oss. Gradvis vert vi sosialiserte bort frå denne utforskartrangen til å reindyrke ei akademisk form for læ-ring og kunnskapstileigning i skulesystemet. Dei som ikkje passar inn i denne læringsforma, vert taparar i vårt system. Mange av dei flinkaste og mest tilpasningsdyktige, dei som la frå seg sine eigne spørsmål i unge år og tilpassa seg skule.systemet sine læringsmå! og metodar, er i dag å finne som le.gar i samfunnet. Vi las det vi blei bedne om i 20 år og internaliserte skule-og utdanningssystemet sine normer og haldningar. Vi kunne svara og repeterte dei på eksamen etter eksamen, men mista vi evnen til å stille spørsmål på vegen, til å undre oss over ting, til å reflektere og leite etter andre innfallsvinklar og forståelsesmåtar saman med dei som møter oss på kontoret -eller i livet? David Sackett skriv at ein vanleg allmennlege treng svar på minst 10 spørsmål kvar dag som han ikkje kan, men som han ut frå konsultasjonane er utfordra til å kunne svare på.1 Er vi som legar medvitne alle lesse spørsmåla som passerer forbi gjennom ein arbeidsdag, arbeider vi med å formulere spørsmåla slik at det vert mogleg å finne svar, stiller vi kri.tiske spørsmål sjølve til det vi gjer i konsultasjonen, i møte mellom oss og pasientane? For ikkje å brenne ut i ein travel arbeidsdag som allmenn.lege, treng vi system og metodar for fornying og fagleg opp.datering. Det er mange måtar å sikre seg formell etter-og vidareutdanning på, og mykje bra har blitt gjort for å mo.dernisere etter-og vidareutdanningssystemet i norsk all.mennmedisin. Prestegård og Bruun-Pedersen skriv i Tdnlf at vaksne lærer best gjennom erfaringslæring.' Alle har sin personlege læringsstil som ein bør kjenne til og ein bør til.passe så langt mogeleg er sine metodar for fagleg fordjuping til lesse. Men det er like viktig at ein finn ei form for tilnærming til dei ubesvarte spørsmåla i sin daglege praksis som i det for.melle etter-og vidareutdaningssystemet. Det er dei 10 dag.lege spørsmåla som innheld læringspotensialet for dagen. Bør barn ha astmamedisinar i form av spray eller pulver? Er det verkeleg rett å dra ut alle tepper i huset for å hindre al.lergi hos barn? Kva betyr kimtal og farge for vasskvaliteten UTPOSTEN NR.2 • 2001 DEN FAG) ... EG NYFIKNE ·•., i ein privat brønn? Kva for tiltak verkar for å få gravide til å slutte å røyke? Er det noko vits å setje i gang med krisepsy.kiatri etter eit sjølvmord i ei bygd? EBM -einsretting av faget? Det er mange som har frykta at Evidence Based Medicine er ein metode som kan einsrette medisinfaget inn mot det som er kvantifiserbar kunnskap, det som kan målast og vegast og setjast opp i tabellar og odds ratios, og såleis bort frå an.dre typar av kunnskapY Metoden i seg sjølv er, slik eg ser det, relativt nøytral og byggjer på ein gammal, kjent akad .misk formel: 1. Still spørsmål. 2. Leit etter svar. 3. Kri- r tisk vurder dei svara du finn, og 4. Implementer kunn. skapen i eigen praksis. Mange vil og ha med eit punkt 5: Evaluer effekten av den nye kunnskapen i din praksis. Konsekvensen av å bruke denne tilnær. minga til læring og kunnskapstileigning har blitt hevda å skulle vere ein fare for faget, ein fare for at faget ikkje lenger skal ta opp i seg dei humanistiske tradisjonane, at fa.get allmennmedisin skal miste sitt særpreg og sin breidde, og ikkje lenger vere eit korrektiv til organ-og subspesialiert sjukehusmedisin. Eg trur at tenkinga som ligg til grunn for utviklinga av det vi på norsk kallar kunnskapsbasert medisin tvert imot vil sti.mulere faget i ei utvikling som åpnar for større innsikt i dei ubesvarte spørsmåla, for ei meir profesjonell tilnærming til verktøya vi har for å finne svar og til større fagkritikk både overfor kvantitative og kvalitative metodar i datainnsam.linga. Det er viktig å vere seg medviten det ein veit og det ein ikkje veit, det ein veit at ein ikkje veit noko om, og det ein bør vite at det finns kunnskap om som ein ikkje sjølv innehar, og som kanskje heller ikkje andre innehar. Det finst noko ein har fortrengt og andre ting som ein både som lege og pasient veljer å ikkje ta opp fordi det er tabu i samfunnet. Kart over uvitenhet Eit «kart» over uvitenhet blei presentert i tidsskriftet Fokus for nok re år sidan. Det samlar opp nokre av tankane vi bør ha i hovudet når spørsmål passerer, og det seier ikkje minst noko om alt vi faktisk ikkje har i hovudet i den same stunda.Større kunnskap om alt ein ikkje veit noko om, er kanskje det sannaste teikn på visdom. Kart over uvitenhet: Det kjente -det ein veit at ein veit [ I vår allmenn-og samfunnsm.disinske praksis, vert utfor.dringa å søkje til kjeldene og historiene, til røynsla og stillhet når spørsmåla kjem til overflata. Det viktigaste trur eg, er å vere open nok til å bli var dei ubesvarte spørsmåla, og våge å vise seg uvitande. Berre den sbm ikkje veit spør, og berre den som lurer lærer. Bruk EBM metodar der dei tener saka, bruk kritisk refleksjon og godt skjønn der det tener pro.blemstillinga og gjerne kontemplasjon og meditasjon om det skulle vere den metoden som situasjonen krev. Gjer en.kle eksperiment i den daglege praksis om det er di legning. Både bøker, databaser og dekkglas kan gje svar på levetida til ei mannelaus lus. Utfordringa ligg i ta adademiet med ut i dagleglivet. Test ut metodane og del dine røynsler med fleire i kollegabaserte grupper, så vert levetida på allmenn.legen lenger. Referanser: I. Sackett, DL et al. Evidence Based Medicine: How to practice and teach EBM. New York : Churchill-Livingstone, 2000. 2.Pedersen OB, Prestegaard K, Hjortdahl P, Holm HA. Livs. lang læring-hvordan lærer leger? T. Tidsskr Nor Laegeforen 1996, Sep 20, 116 (22): 2684-8: 3. Swensen E. Til forsvar for faglige normer basert på autoritet, mening og kunnskap. Utposten 1997, 26 (2) 86-88. 4.Forland F, Lid TG. Samtale med Signe Flottorp og Janecke Thesen på NSAM-seminar. Utposten 1998, 27 (5) 28-30 Det kjente ukjente -det ein veit at ein ikkje veit noko om Det ukjente kjente -det ein ikkje veit, men som er mogleg å vite Det ukjente ukjente -det ein ikkje veit, om ennå ukjent kunnskap Det fortrengte -det ein har stua bort av psykologiske-eller andre årsaker Tabu -det ein ikkje vil tale om UTPO STEN NR.2 • 2001

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf