Når en av oss dør…

Alle foto: Privat

Bildene er gjengitt med tillatelse av de pårørende

Bjarte Sørensen

Fastlege på Hjelmeland legekontor

bjarte.sorensen@hjelmeland.kommune.no

«Når ein av oss dør, flytter eg til byen», pleidde far sei spøkefullt når mor og han var i lystige lag. Dei som kjende han visste likevel godt at han var glad i heimen og garden. Tidleg på 70-talet bytta han ut karriere som ingeniør i den veksande maritime industrien på nord-vest-landet med katt, kaniner, sauer og kyr. Då mormor og morfar var klar for å pensjonere seg, tok mor og far over garden Fossane lengst aust i Ryfylke, fint plassert mellom fjord og fjell, to mil frå kommunesenteret. Allsidigheita som mekanikar og ingeniør var nyttig då dei moderniserte mange sider av gardsdrifta. Dei bygde vasskraftverk. Gamle hus på garden pussa dei opp og leigde ut til nye og gamle turistvenner frå heile verda. Mor var dobbeltarbeidande då ho også var sjukepleiar i kommunen. Naboskapa var også gode, og mang ein gong fekk venner frå fjern og nær god hjelp til å fikse og sveise. Det var ikkje den ting Sven Egil ikkje kunne fikse, og det var aldri eit «nei» å høyre, og ein god drøs over ein kopp kaffi følgte med.