Ein familie på fire

llustrasjonsfoto: Colourbox (collage)

Jan Magne Remøy

Fastlege, Herøy legesenter

Som fastlege i en relativt liten kommune, med betydeleg mangel på faste fastlegar og stort gjennomtrekk av vikarar, er heimedød noko som eg vert delaktig i fleire gongar i året. Pasientane høyrer helst til eiga liste. Men det er også tilfelle der situasjonen rundt er av en slik karakter, at det vert han gamle (les: mest erfarne) legen, som får/tek oppgåva. I mi kommune er vi heldige og har ein erfaren kreftkoordinator som tek ein stor del av ansvaret. Eg opplever at det er lett å samhandle med kreftkoordinatoren, og at heimebasert omsorg også er på tilbodssida når det gjeld personell, og at dei ikkje er redde for å bruke kompetansen dei har, eller tileigne seg meir kompetanse når det er naudsynt. Vi har god støtte i palliativt team ved lokalsjukehuset vårt, der det er både anestesilege og fleire sjukepleierar. Dei er alltid berre ein telefon unna. Dei var på tilbodssida, og kom også gjerne på heimebesøk om vi følte trong for det. Kommunen har også øyeblikkeleg-hjelp plass på sjukeheimen, som kan nyttast om ein ikkje får behandla tilfredsstillande i heimen – her får ein halde av ein plass, om ein ser at behovet for meir døgnkontinuerleg pleie kan verte aktuelt.