Lang veg - lite legevakt

Guttorm Raknes

Lang veg, lite legevakt . GUTTORM RAKN ES• Farskor, Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nkim) Det er sterk samanheng mellom aukande avstand til legevaktloka.let og redusert bruk av legevakt. Dei som planlegg legevaktstruktu.ren i Noreg i framtida, bør ta omsyn til dette og andre funn i avhandlinga mi «Reisetid, reise.avstand og bruk av legevakt». Ideen til doktorgradsprosjektet kom til under lange vaktar ved Nord-Salten lege.vakt. Eg fekk inntrykk av at det var nærast matematisk samanheng mellom avstand frå dei ulike bygdene til klinikken på Inn.havet og kor stor del av pasientmassen dei representerte. Eg var interessert i å finne ut av kor stor denne avstandseffekten var, og om det var slik andre stader. Litteratursøk viste liknande effektar, eller «distance de.cay», i andre delar av helsevesenet. I samråd med Steinar Hunskår ved Na.sjonalt kompetansesenter for legevakt.medisin (Nklm) kom eg fram til at pro.blemstillinga var godt eigna for eit for.skingsprosjekt. I staden for å bruke mykje krefter på å samle inn nye data frå ulike legevaktar, fann vi ut at det var langt meir praktisk å studere samanhengen mellom avstand og legevaktbruk på allereie inn.samla data frå Legevakten i Arendal. Funna var så interessante at det var grunnlag for tre andre prosjekt; Utvikling av ein ny metode for å berekne avstand til legevakt for ein kommune, ei kartlegging av reise.avstandane til legevakt for alle norske kommunar og ein studie av samanhengen mellom avstand og bruk av legevakt ut.trykt ved tal på rekningskort frå HELFO frå alle legevaktkonsultasjonar. Funn Det var konsistent samanheng mellom rei.seavstand og bruk av legevakt. I dei tre stu.diane der bruken vart undersøkt, fall lege.konsultasjonsraten med 1,6 prosent, 1,8 prosent og 1,3 prosent for kvar kilometer lengre avstand til legevakt. Dette svarer til ei halvering etter mellom 38 og 53 kilome.ter (FIGUR 1). For sjukebesøk var det tilsva.rande effekt av avstand. Telefonkonsulta.sjonar var den einaste kontaktforma som ikkje vart redusert med avstand. Det var svært liten innverknad frå an.dre demografiske og sosioøkonomiske faktorar. Høg legedekning og liten del innbyggjarar med låg utdanning var asso.siert med lågare bruk av legevakt, men ef.fekten var berre om lag ein tidel av av.standseffekten. Data frå Legevakten i Arendal inneheld data om hastegrad etter Norsk indeks for medisinsk nødhjelp. Som forventa var det eit kraftig fall for dei ikkje-akutte grøne tilfella, men og for dei gule (hastar) og raude (akutt livstrugande) var det signifi.kant færre kontaktar med aukande av.stand. Dette, saman med eit signifikant fall i frekvens av ambulanseutrykkingar med legevaktlege, reiser spørsmål om kor forsvarleg det er med lange avstandar i le.gevakt. Organisatoriske høve spelar truleg ei rolle uavhengig av avstand. Ein-kommu.nelegevaktar utanom sjukehus hadde hø.gare legekonsultasjonsrate enn fleir-kom.munelegevaktar i eller nær sjukehus ved justering for avstand. Ved 21 km avstand hadde fleir-kommunelegevaktar på sjuke.hus 53 prosent færre legekonsultasjonar enn ein-kommunelegevaktar utanfor sju.kehus. Vi fann stor variasjon i reiseavstandar, frå mindre enn ein til 141 kilometer. Dei fleste kommunar har eit fast legevaktloka.le heile døgeret, heile veka, men det er ikkje uvanleg at fleire kommunar går sa.man om legevaktordningar med vekslande lokale. Ettersom avstanden til legevakta vil variere med tid, er det ikkje mogeleg å re.kne ut den gjennomsnittlege avstanden ved vekslande lokaler. Den lengst tenkjele.ge avstanden kan ein likevel alltid finne. Medianen for slik maksimal reiseavstand i alle norske kommunar var 19 km eller 22 minutt. Dersom ein berre inkluderer kom.munar med fast legevaktlokale, var medi.an reiseavstand 13 kilometer eller 16 mi.nutt, på mange vis er dette meir represen.tativt for kva som er typisk avstand til lege.vakt. Mange av dei lengste maksimalav.standane gjeld i mange tilfelle berre natt eller andre tidspunkt med svært låg aktivi.tet. Førti av kommunane (ro prosent) had.de meir enn ein time til legevaktlokalet, men folketalet i lesse kommunane utgjor.de berre to prosent av totalen i Noreg. Kommunane med lang reiseveg er med an.dre ord stort sett små, og dei fleste har kort avstand (FIGUR 2). Mange tilsette ved norske legevaktar er klar over at lang avstand tyder høg terskel for å ta kontakt. Det rår ei oppfatning om at når dei som bur langt borte først ringer, er det oftare alvorleg sjukdom, og oftare med meir reelt behov for legehjelp. I strid med denne oppfatninga fann vi at andelen pasientkontaktar som resulterte i legekon.sultasjon var lågare dess lenger bort pasi.entane budde. Dette kan vere eit uttrykk for urettvis fordeling av tilgang på lege.vakttenester på grunn av avstand. Funna er viktige for norsk allmennmedi.sin, mellom anna fordi dei kan tyde på at folk ikkje har lik tilgang på helsetenester uavhengig av kor ein bur. Allmennlegar må vere merksame på mogeleg underfor.bruk av legetenester mellom pasientar i utkantane, dette kan krevje ekstra oppføl.ging. Samstundes bør ein bidra til å redu.sere overforbruk i nærområdet. Tiltak for å utjamne forskjellar i legevaktbruk på grunn av avstand bør vurderast. Dr.philos, ikkje PhD Eg har vore så heldig å kunne gjennomføre doktorgradsprogrammet mitt i ei forskar. fil UTPOSTEN 7 • 20151 God allmennmedisinsk forskning produserer verdifull kunnskap for allmennlegene. I denne spalten presenterer vi ferske allmennmedisinske doktoravhandlinger Vi har bedt allmenn.leger som nettopp har disputert for graden PhD om å svare på følgende spørsmål Hva er bakgrunnen for prosjektet ditt?• Hvordan ble du engasjert i dette prosjektet?• Hva fant du ut7 • Hva betyr resultatene for norske allmennleger?• Hvordan kombinerte du forskning med praksis7 • Hvilke råd vil du gi til andre allmennleger som vil forske7 • Hvor går veien videre7 stilling ved Nklm. Erfaringa som fastlege og som medisinsk ansvarleg lege ved Nord.Salten legevakt har vore gull verd. Eg had.de opphavleg ikkje planlagd å ta doktor.grad, men då eg hadde skrive fire artiklar fann eg ut at eg ville prøve likevel. Eg valde å gå for dr.philos, eller "doktorgrad som privatist". På den måten kunne eg levere avhandlinga utan åta del i forskarskule el.ler å samle på poeng frå obligatoriske kurs. Krava til sjølve avhandlinga skil seg ikkje frå vanleg PhD, men på disputasen er det ein ekstra prøveforelesing med sjølvvald emne. Det er heller ingen formell rettleiar. I mitt tilfelle fungerte likevel professor Steinar Hunskår for alle praktiske formål som dette. Erfaringa mi er at dr. philos er ei god ordning som burde vore meir brukt. For allmennlegar som har forska over man.ge år, og som ikkje har tid til den formali.sert forskarutdanninga PhD inne ber, er dr. philos særleg godt eigna. Eg vil oppmode alle som jobbar i all.mennpraksis til å alltid vere på jakt etter problemstillingar som kan omsetjast i for.skingsprosjekt. Det gjeld å tenke smått og ukomplisert i starten. Til og med enkle in.tervensjonsstudiar skulle vere mogeleg utan at det går ut over den daglege kliniske praksisen. I materialet til doktorgradsprosjektet har det dukka opp fl eire forskingsspørsmål eg no vil ta fatt på. I tillegg er det ein natur.leg del av jobben som tilsett ved Nklm å få omsett forskinga i praksis. Eg er glad for at mellom anna Akuttutvalet har vist inter.esse for prosjekta mine. Ut over dette har eg planar om andre prosjekt som RELIS.overlege og klinisk farmakolog. LES AVHANDLINGA HER: h ttps://bora. uib.no/handle/ 19 56/10 3 7 3 . GUTTORM.RAKN ES@UN I.N O 300 ... '"' 250 "' '61 200 C: .E 0 0 0 150 ... -... "' C: 100 'iii' "' C: "" 50 0 20 40 60 80 100 120 140 0 Reiseavstand (km) FIGUR 1. Samanheng mellom avstand og legekonsultasjonsrate i dei tre studiane. 100 90 80 70 FIGUR z. Kommunarlpersoner med meir enn x minutt reisetid. Kommunane med lengst reiseveg har låge folketal. Sjølv om ro prosent av kommunane (blå strek) har meir enn 60 minutt maksimal gjennomsnittleg reiseveg, utgjer innbyggjarane i desse kommunane (rød strek) berre 2 prosent av folketalet i Noreg. 35 prosent av kommunane har meir enn 30 minutt reiseveg, men berre 9 prosent av innbyggjarane. C: "' 60 50 40 30 20 10 0 20 40 60 80 120 140 0 100 Reisetid (min)

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf