Felles allmennmedisinsk lærebok i Skandinavia

Steinar Hunskår

Felles allmennmedisinsk . 5 TEINA R HUN 5 KÅR • Forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse, prof. i allmennmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB Læreboka Allmennmedisin (20131 er komme på dansk i 2014 og svensk i 2015. Dermed er Norge, Sverige og Danmark samla til eitt allmennmedisinsk lærebokrike. Det har stor symbolverdi, men eit felles rammeverk for allmennmedisinsk utdanning og fagforståing kan også ha store faktiske ringverknader. Artikkelen er ei personleg framstilling av historia til dei norske allmennmedisinske studentlærebøkene, som no har gitt opp.hav til studentlærebøkene også i Sverige og Danmark. Lærebokhistoria er ein del av den allmennmedisinske fagutviklinga og utviklinga av dei akademiske institusjona.ne. Bakteppet for lærebokspørsmålet var den faglege utviklinga og fagidentiteten i allmennmedisinen vi fekk frå 1980-talet med litteratur som retta seg mot allmenn.legane sin kvardag (1). Men det hadde len.ge vore stille på fagartikkel-og bokfronten i norsk allmennmedisin, I eit foredrag på Alment praktiserende lægers forenings Beito-kurs i 1984 retta Per Fugelli ein harm.dirrande peikefinger mot faget: «Du skal skrive ditt fag!» (2). Den allmennmedisin.ske erfaringa og kunnskapen måtte ned på papiret via handa og pennen: • Først da vert den eit bidrag til den all-mennmedisinske fagutviklinga • Først da kan den prøvast og lærast • Først da kan vi dokumentere faget vårt • Først da ervi eit fag! Studentlærebøker i allmenn.medisin -forhistoria (1968-91) Studentundervisning i allmennmedisin starta ved det nye universitetsinstituttet i Oslo frå 1968 og ved dei andre fakulteta dei følgjande åra. Ganske snart kom debatten om kva som skulle vere pensum og kva bø.ker studentane burde lese, I Danmark utga FADLs forlag fembindsverket Lærebog i al.men medicin(1977-82), men bøkene var lite eigna for norske studentar (3). I 1981 kom An introduction to family medicine av profes.sor Ian McWhinney frå Kanada, ei lærebok som har hatt stor verdi i utviklinga av all.mennmedisinen internasjonalt heilt til i dag. Den vart introdusert som pensumbok i fil UTPOSTEN 6 • 20151 Oslo og Trondheim. Saknet av ei norsk læ.re bok var likevel stort, og på dei årlege fel.les instituttmøta i allmennmedisin vart det diskutert korleis lærebokspørsmålet kunne løysast. Mangelen på ei lærebok var synleg og tydeleg og sette faget i eit under leg lys, Per Fugelli var sentral i diskusjonane og hadde sjølv disposisjonen for ei bok klar al.lereie i 1983-84, men etter nokre år ga han opp soloprosjektet. Etter at Fugelli vart professor i Bergen, hadde instituttet der diskusjonar om å ta på seg ansvaret for eit læreverk, men synspunkta sprikte mykje (4), Nokre meinte at ei lærebok i allmenn.medisin var eit umogeleg paradoks i seg sjølv, mens andre meinte det var ein heilt avgjerande del av den prosessen faget var inne i. Eg deltok i diskusjonen frå 1986 og meinte at det er vanskeleg å promotere eit fag som sjølv definerer seg som umogeleg å beskrive, Faget kan bli ein kasteball mel.lom andre og bli definert av andre ut frå kva det ikkje er. Fugelli la lista høgt for ei lærebok, og fallhøgda vart ikkje mindre et.ter at han i ei svært omdiskutert bokmel.ding «slakta» ein respektert kollega for det første svenske forsøket på å skrive student.lærebok i faget (5, 6), Fugelli meinte at spe.sielt sjukdomsdelen av boka ikkje hadde akseptabel allmennmedisinsk tilnærming, verken epidemiologisk, diagnostisk eller behandlingsmessig. Året 1991 kom boka Allmennmedisin .Fag og praksis, med Bent Guttorm Bentsen, Dag Bruusgaard, Åsa Rytter Evensen, Per Fugelli og Ivar Aaraas som redaktørar (7), Boka handla ikkje om symptom og sjuk.dommar, men om allmennlegen sine roller og arbeidsmåtar. Boka vart seinare oversett til både svensk og dansk (8, 9) og represen.terte såleis ei viktig og interessant fagleg eksportvare, Boka vart pensum ved alle dei norske fakulteta, som eit kjærkommen og konkret teikn på allmennmedisinen som universitetsfag, og var i bruk inntil 2003, Redaksjonskomiteen uttalte i forordet at ein systematisk omtale av kliniske pro.blemstillingar kunne komme som eit eventuelt bind 2. Tidleg vart det likevel klart at det ikkje var aktuelt å gå vidare med ein klinisk del, Den gamle diskusjo.nen om korleis den allmennmedisinske klinikken skulle dekkast, fekk no ny aktu.alitet. Dei allmennmedisinske institutt.møta var det viktigaste forum for debatten. Også etter 1991 sprikte synspunkta, frå dei som meinte at ei klinisk bok verken kunne eller burde skrivast, til dei som meinte at ho ikkje berre måtte skrivast, men som hadde detaljerte meiningar om innhaldet. Allmennmedisin -Klinisk arbeid (19971 På det allmennmedisinske instituttmøtet i 1992 vart det nedsett ei arbeidsgruppe som skulle fungere som ein tenkekomite for ei klinisk lærebok. Terje Johannessen (NTNU), Knut Holtedahl (UiT), Olav Rutle (UiO) og eg (UiB) var medlemmer, og spesi.elt Rutle og eg hadde mange møter om saka, På instituttmøtet 1993 la eg fram eit omfattande notat om saka, Det vart ein liv.leg debatt. Dei fleste ivra for saka, mange hadde synspunkt på korleis boka burde vere, få ville kaste seg inn i arbeidet sjølv, og ingen meldte seg til å leie arbeidet. Det enda med at dei fire i komiteen vart bedt om å legge fram eit meir omfattande og konkret forslag til neste instituttmøte i 1994, I løpet av 1993/r994 gjorde denne gruppa eit omfattande utgreiingsarbeid om lære.boka. Det vart utvikla eit konsept for inn.haldet, og redaksjonelt arbeid, organise.ring, administrasjon og budsjett vart planlagt. Viktige avgrensingar vart disku.tert, eksempelvis til trygdemedisin, bruk av referansar, bruk av ICPC som inndeling, og om boka burde komme som eitt bind eller ein serie med temahefter. Forlagsspørsmå.let var uavklart, og ulike modellar vart dis.kutert; eige personleg forlag, eit institutt som forlag eller eit tradisjonelt kommersi.elt forlag, Arbeidsgruppa var klar på at det lærebok i Skandinavia måtte skaffast finansiering til det redaksjo.nelle arbeidet utover det eit forlag gjennom salsinntektene kunne stå for. Instituttmø.tet 1994 applauderte planane for boka, og eg aksepterte sterke oppmodingar om å ta på meg oppdraget som hovudredaktør. I til.legg vart redaksjonskomiteen utvida med Marit Hafting og Irene Hetlevik. Det vart søkt om prosjektstøtte ei rekke stader utan resultat, mellom anna frå Den norske legeforening, Dnlfs Utdannings.fond I, universiteta og Norsk faglitterær forfatter-og oversetterforening. Støtte frå legemiddelindustrien vart diskutert, og det vart underhanda kontakt med større firma med tanke på eit større bidrag. Etter godt forarbeid, ikkje minst av Terje T ohannes.sen, avgjorde Fondet til fremme av all.mennmedisinen i Sør-Trøndelag (Nidaros.fondet) å støtte prosjektet med kr 500.000 fordelt over tre år (1995-97). Denne tilde.linga var heilt avgjerande for at prosessen kunne gå vidare og at praktisk lærebokar.beid kunne bli ein realitet. Forlagsspørsmålet vart avgjort på ein uortodoks måte. Tre forlag som tidlegare hadde utgitt faglitteratur for allmennprak.sis (Universitetsforlaget, Tano og Ad No.tam Gyldendal), vart utfordra til å kjempe om boka etter å ha fått tilsendt «tilbodspa.pir». Basert på skriftlege svar, presentasjo.nar i forlaga og forhandlingsmøter, var den eintydige innstillinga at oppdraget skulle gå til forlaget Ad Notam Gyldendal. Dei ville satse tungt på boka, delfinansiere ei prosjektsekretærstilling og samarbeide nært med redaksjonskomiteen for å sikre at boka vart ein milepæl i allmennmedi.sinsk faglitteratur. Arbeidet vart ein stor dugnad i og for norsk allmennmedisin, med over roo personar involverte som for.fattarar og manuskriptvurderarar. Det var eit slag for arbeidet at Olav Rutle døydde i 1996, men boka vart fullført etter planen. Det arbeidet som vart lagt ned av for.fattarar, redaksjonsmedlemmer og redak.tør for å lage den første utgåva, hadde nes.ten ufattelege dimensjonar. Utallege manuskriptutgåver vart sirkulert, retta og skrive om. Hundrevis av kopiar av fagarti.klar, bokkapittel og anna fagstoff vart sir-kulert til forfattarane. Sjølv om vi brukte e-post og elektronisk tekstbehandling, var det mykje manuelt arbeid på papir, rette.program var ukjent, og brevpost var ein viktig kommunikasjonskanal. Det var vik.tig at språket framsto som «ei stemme» gjennom boka. Det betydde at nærmast kvar setning vart skri ven om eller vart pus.sa på, sjølv om faginnhaldet var greitt nok. Mange forfattarar hadde personlege vriar på kapitteloppsett og tekstframstilling. Re.daksjonskomiteen hadde imidlertid veldig klare standpunkt om at teksten måtte vere gjennomgåande homogen, og at dette var ein viktig suksessfaktor for boka. For eigen del var det knapt ein dag, kveld, helg eller feriedag som ikkje vart brukt på lærebok.arbeid i åra 1995-97; eg har notert over 4000 arbeidstimar på prosjektet. Boka kom ut til og vart markert og feira på Nidaroskongressen i 1997 (10). Motta.kinga var overveldande positiv, og ei lang rekke bokmeldinga frå inn-og utland skryt.te av boka (11-14). Anna Luise Kirkengen skreiv ein meir kritisk artikkel i Prosa, Nor.ges største litteraturtidsskrift, der ho proble.matiserte om teksten svara til faget sine eigne målsettingar (15). Boka vart både ein fagleg og salsmessig suksess. Ikkje berre studentane, men all.mennlegane generelt og personar langt ut over allmennmedisinens rekker kjøpte boka og ga positive tilbakemeldingar. To.talt vart det selt om lag 7000 bøker. I etter.tid er det lett å slå fast at denne læreboka vart ein merkestein i den allmennmedisin.ske fagutviklinga i Norge, og at den har hatt stor verdi for fagidentitet og fagav.grensing. Boka og redaksjonskomiteen fekk Det medisinske fakultets (UiB) studie.kvalitetspris for 1997. Norsk Elektronisk Legehåndbok (NEL) er grunnlagt av Terje Tohannessen som var professor i allmennmedisin ved NTNU og medlem av redaksjonskomiteen av lære.boka. Det faglege tekstgrunnlaget for NEL var læreboka i allmennmedisin, etter at NEL i 1999 kjøpte bruksrett til struktur og innhald frå Ad Notam Gyldendal for 200 ooo kroner. Den første teksten i NEL var eit stikkordbasert kondensat av lære.bokteksten, og den dag i dag kan ramme.verket frå læreboka lett kjennast att i NEL. Allmennmedisin (2003) -utan undertittel Ei klinisk lærebok har kortare brukstid enn ei teoretisk, og etter få år starta arbei-. Allrnenn n1edisin i. ' , . '·j. II. . ,, i 'r. I· -:-.-.,. . I UTPOSTEN 6 • 2015 .fl TEMA NORDISK ALLMENNMEDISIN det med ei ny utgåve. I redaksjonskomite.en vart Hafting, T ohannessen og Rutle er.statta av Anette Fosse, Per Hjortdahl og Hogne Sandvik. Forlaget hadde endra namn til Gyldendal Akademisk. Det vikti.gaste spørsmålet var tilhøvet til boka All.mennmedisin -Fag og praksis frå 1991, og redaksjonen derfrå ga klare signal om at dei helst såg at det teoretiske stoffet var in.korporert i ei samla, altomfattande lære.bok i allmennmedisin. Og slik vart det, to bøker vart til ei. Den opprinnelege 3 5 siders innleiingsdelen i Allmennmedisin -Klinisk arbeid vart utvida til om lag mo sider i andreutgåva Allmennmedisin, som no kom utan undertittel med 832 sider (16). Visjonen om den «store allmennme.disinboka» var blitt røyndom. Dei kliniske kapitla vart i stor grad vida.reført og revidert av dei opprinnelege for.fattarane, medan redaksjonskomiteen tok eit hovudansvar for dei meir teoretiske ka.pitla først i boka. Boka var meint å framstå som ny, men klart gjenkjenneleg for den som hadde sett førsteutgåva. Bokmeldingane var mange og positive. Utposten omtalte boka som «allmennme.disinsk sikringskost» (17). Æskulap og Tidsskriftet hadde portrettintervju med re.daktøren (18, 19). Igjen vart boka ein norsk salssuksess. Forlagsredaktør Thore Lie kalla boka i eit intervju for ein grunnpillar og ein faglitterær favoritt for forlaget Gyl.dendal. Salet gjorde boka til ein suksess for forlaget, og over 12 ooo eksemplar vart selt. Den vanskelege tredjerunden: Allmennmedisin (2013) Allereie frå 2008 vart det diskutert korleis Allmennmedisin skulle reviderast, og om tida no var kommen til digital utgåve. Det.te spørsmålet medførte lange diskusjonar med forlaget og internt i redaksjonskomi.teen. Direktør Fredrik Nissen i Gyldendal uttalte allereie i 1997 at Allmennmedisin var den siste store læreboka forlaget kom til å gje ut på papir! Redaksjonskomiteen hadde framleis tru på «papirbok» som for.midlingskanal for basalt lærestoff, men teknisk ville det bli tilrettelagt for digitale plattformer, f.eks. lesebrett. Det var teikna kontrakt med Gyldendal Akademisk med tanke på publisering i 2012. Redaksjonskomiteen gjorde ein fullsten.dig gjennomgang av alle kapitla i boka, og sjølv om ein kan karakterisere ro år som ein mannsalder i medisinen, var konklu.sjonen at dei fleste kapitla sto seg godt, og framleis kunne fungere for studentane som skal lære allmennmedisin for første gong. Det var sjølvsagt trang for generell oppdatering av det medisinske, men i ho.vudsak skulle boka denne gongen vere ei avgrensa oppdatering og fornying reint layoutmessig. Målet var også at ein ny ge.nerasjon allmennlegar skulle få sjansen som bidragsytarar. Ein viktig diskusjon enda med at referansane etter kvart kapit.tel vart tatt ut, i tråd med mange andre læ.rebøker, men i strid med tidas krav til auka dokumentasjon av dei medisinske råda i boka. Eit fulldokumentert læreverk vart Stemar H11n.Mr (rtd,) likevel sett på som uoppnåeleg, og dels forstyrrande for teksten. Frå 2oro vart arbeidet konkretisert, med professorane Mette Brekke (UiO) og Tone Smith-Sivertsen (UiB) som nye redaksjons.medlemmer for Fosse og Hetlevik. Igjen vart ein stor allmennmedisinsk dugnad gjen.nomført. Over 70 personar var med på å skrive boka, og breidda i forfattarlista spe.glar breidda i faget, med aldersspenn frå 3 2 til 70 år og adresser frå Hammerfest i nord, til Stavanger og Stokke i vest og sør. Vi klar.te ikkje å bli ferdige som avtalt i 2012, men boka kom på marknaden tidleg i 2013(20). Faget hadde igjen klart å presentere ei opp.datert, komplett og moderne lærebok. Den fekk igjen gode salstal, opplaget er nærmare 5000 i midten av 2015, og vurderingane i Tidsskriftetog Utpostenvar gode (21, 22). Andreutgåva vart vellukka eksportvare til Sverige I Sverige hadde dei i mange år hatt den same lærebokdebatten som i Norge; kor.leis skrive ei omfattande lærebok som dek.ka heile faget. Det svenske allmennmedi.sinske universitetsmøtet i 2004 bestemte at det ville bli eit alt for stort arbeid å starte ein grunnleggande svensk prosess, når det var mageleg å bygge på dei norske erfarin.gane. Frå norsk side var vi klart positive til dette, men understreka at ei rein overset.ting ikkje var nok. Den norske suksessen skuldast i stor grad at boka var skriven i ei nasjonal ramme, med norske praksiserfa- ALLMAN MEDICIN S.TIIN>.\R I-IUNSKAR i RED. J Blrl.Glff"" HOVE.IVS (.EO. SV rllGEJ 111 UTPOSTEN 6 • 20151 NORDISK ALLMENNMEDISIN TEMA ringar, tradisjonar og talmateriale. Dette måtte vere ein føresetnad også for ei svensk utgåve. Allmennmedisinprofessor Birgitta Hovelius i Lund leia ein stor svensk redak.sjon som saman med forlaget Studentlitte.ratur utarbeidde den svenske utgåve A/1.miinmedicin (23), som kom i 2007, fire år etter den norske. Boka vart ein stor suksess både i grunnutdanninga og spesialistut.danninga i Sverige, og oppnådde liknande status for faget som den norske (24). Det vart selt nesten 9000 eksemplar av boka. Hausten 2012 lanserte Studentlitteratur eit digitalt bibliotek for allmennlegar, www.allmanmedicin.se. I den opne delen finst mellom anna Legevakthåndboken, len.kesamling og blankettar. Den lukka beta.lingsbaserte delen er eit bibliotek med 20 bøker som ei gruppe allmennlegar har valt ut. Allmiinmedicin vart ranka øvst av dei øn.ska bøkene og vart dermed med frå starten. Då vi starta planlegginga av tredje utgå.va i 2010 ville Studentlitteratur vere med frå starten. Forlaget kunne tenke seg å gjere revisjonen ut frå den svenske versjonen utan å gå vegen om norsk omsetting, der svenskane kom med innspel til revisjon ut frå svenske tilhøve. Denne framgangsmå.ten ville spare svenskane for mykje arbeid. Boka ville dermed komme raskare ut. Ein ville legge enda større vekt på forankringa i dei sju fakulteta i Sverige, med tanke på å etablere boka som pensumlitteratur. Den.ne strategien var delvis vellukka, men boka kom likevel ikkje ut i Sverige før som.maren 2015 (25). Førsteopplaget er 3000. Danmark: Seint, men godt Det danske forlaget Munksgaard hadde selt dei to første norske utgåvene i kommisjon med dårleg resultat (ca. 50 bøker i året). Da vi planla tredje utgåva, ville danskane lære av den svenske suksessen og satsa på ei danskspråkleg og nasjonalt bearbeidd utgå.ve. Professorane Johann Agust Sigurdsson (Reykjavik, Island, no NTNU i Trondheim) og Calle Bengtsson (Gøteborg, Sverige) skreiv i 1998 at det var ei skandinavisk bok som var utgitt i Norge i 1997 (12). 15 år sei.nare kunne den tanken vere i ferd med åma.terialisere seg. Det var likevel ein del utfor.dringar. Danmark hadde allereie ei lærebok (25), som forlaget da måtte prioritere bort. Den norske boka var stor og ville bli dyr å publisere. Forlaget var usikker på marknad og akademisk forankring. Det vart halde fleire møter der vi la opp strategi og forslag til korleis bearbeidinga burde gjerast. Først om hausten 2010 vart det klart at Munks.gaard turte å satse på den norske boka. Eit stort arbeid vart lagt ned i Danmark før boka kom i 2014 (26). Bearbeidinga til danske tilhøve med bl.a. omtale av dansk lovverk og organisering samt dansk talma.teriale er gjort av seks fagkonsulentar, som representerer alle fire medisinske fakultet og Dansk Selskab for Almen Medicin. Boka vert marknadsført som «dannelsesbog for medicinstuderende» og i tillegg som uunn.værleg for spesialistutdanninga i allmenn.medisin. I UgeskriftforLægervartboka om.talt som«et fremragende disponeret værk til medicinske studenter og til de yngre læger i almen praksis» (27). Den har eit før.steopplag på 2roo. Boka kan også kjøpast som i-bok, som er ei digital utgåve av den trykte, supplert med digitale verkty som oppgåver, søke-og noteringsfunksjon. I-boka kan lesast på pc, nettbrett og telefon. E-nøkkelen gir tilgang til i-boka i 48 månader. Avslutning Historia om læreboka i allmennmedisin er ei god historie. Eit felles nordisk ramme.verk for allmennmedisinsk utdanning og fagforståing kan ha store ringverknader for felles forståing av faget og allmennlege.rolla. Faget har ei studentlærebok som knapt har sitt sidestykke i noko anna me.disinsk fagområde, sjølv om vi no er midt i ei digital utvikling der tradisjonell faglitte.ratur er utfordra. Studentlæreboka ser like.vel ut til å fungere i tradisjonelt format enno ei tid, medan kliniske fagbøker truleg er ein trua art. REFERANSAR 1. Hunskår S. Faglitteratur for allmennpraksis. I: Festskrift til Allmennlegeforeningens 75-årsju.bileum 1938-2013. Oslo: Allmennlegeforenin.gen, 2013, pp 118-32. (http://legeforeningen.no/ PageFiles/ 10602 3 /Festskrift%20til % 2 0All.mennlegeforeningens%2075-%C3 %A5rs%20 jubileum.pdf). 2. Fugelli P. Du skal skrive ditt fag. Tidsslu Nor Læ.geforen 1984; 104: 1343-6. 3. Fugelli P. Lærebøker i almenmedisin. Tidsskr Nor Lægeforen 1981; 101: 582-5. 4. Haug K, Hunskår S. Å bygge et institutt. I: Bjørn.dal A, Nylenna M (red.). Med makten i sitt ord. Oslo: Unipub, 2003: 33-45. 5. Tibblin G, Haglund G. Allman medicin. Stock.holm : Almqvist & Wiksell, 1989. 6. Fugelli P. Allman medicin. Lakartidningen 1990; 87: 972. 7. Bentsen BG, Bruusgaard D, Evensen ÅR, Fugelli P, Aaraas I (red). Allmennmedisin. Fag og prak.sis. Oslo: Gyldendal, 1991. 8. Bentsen BG, Bruusgaard D, Evensen ÅR, Fugelli P, Aaraas I (red). Allmanmedicin -Teori och praktik. Stockholm: Studentlitteratur, 1994. 9. Bentzen N, Hollnagel H, Lauritzen T (red). Al.men medicin. Grundbog. København: FADLs forlag, 1997. 10. Hunskår S (red). Allmennmedisin -Klinisk ar.beid. Oslo: Ad Notam Gyldendal, 1997. 11. Bentzen N. Vægtig lærebok i klinisk almenmedi.cin. Tidsskr Nor Lægeforen 1998; 118: 99. 12. Sigurdsson JA, Bengtsson C. New Scandinavian book on the clinical work of general practice. Scand J Prim Health Care 1998; 16: 7. 13. Hernborg A. Tungt va.gande norsk larobok i all.mennmedisin. AllmanMedicin 1999; 20: 71. 14. Færø T. Glimrende norsk bok i allmennmedisin. Æskulap 1998; 78 (2): 10. 15. Kirkengen AL. Ny vei for allmennmedisinen? Prosa 1998; 4 (3): 20-5. 16. Hunskår S (red). Allmennmedisin. Oslo: Gylden.dal Akademisk, 2003. 17. Stensland P. Allmennmedisinsk sikringskost. Utposten 2004; 33(1): 40. 18. Thune TH. Mannen bak bibelen. Æskulap 2004; 84 (3): 36-7. 19. SundarT. Bokskriveren i Bergen. Tidsskr Nor Læ.geforen 2003; 123: 3250-1. 20. Hunskår S (red). Allmennmedisin. Oslo: Gylden.dal Akademisk, 2013. 21. Iversen JM. Allmennmedisin til jubel og glede. Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133: 1626. 22. Brænd A. Faglig tiårsdugnad: Allmennmedisin. Utposten 2013; 42 (4): 41. 23. Hunskår S, Hovelius B. Allmanmedicin. Stock.holm: Studentlitteratur, 2007. 24. Licht EF. Overlevnadshandboken. AllmanMedi.cin 2007; 28 (3): 24-5. 2 5. Christensen B, Østergaard I, Andersen JS, Wi tt K. Almen medicin. 2 utg. København: Munksgaard, 2007. 26. Hunskår S, Bjerrum L, Ertmann RK, Jarbøl DE, Jensen MB, Kristensen JK, Maagaard R, red. Al.men Medicin. København: Munksgaard, 2014. 27. Sørensen MS. Boganmeldelse: Almen medicin. http:/ /ugeskriftet.dk/ de bat/boganmeldelse.almen-medicin. . STEINAR.HUNS KÅR@)UIB.NO I UTPOSTEN 6 • 2015 fil

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf