Leder: Legekunst i ein kompleks kvardag.

Lisbeth Homlong

Leder: Legekunst i ein kompleks kvardag. L E D E R Legekunst i ein kompleks kvardag Det seiast at det finst tre slags løgn: løgn, forbanna løgn og statistikk. Eg tenkte ganske umiddel.bart på denne utsegna då Statistisk sentralbyrå i august presenterte statistikken som viste at det var innbyggjarane i Oslo som stod for det meste av verdiproduksjonen her i landet, noko som sjølvsagt sette sinn i kok hjå mang ein nordlending, sunnmøring og bergensar. Sitatet er ofte tilskrive forfattaren Mark Twain, men den eigentlege opphavsmannen var den britiske statsmannen Benjamin Disraeli. Den famøse statistikken kom i etterkant av ein hissig og oppheita debatt om dei såkalla monstermastene som regjeringa vil byggje i Hardanger, eit vedtak tatt over hovuda på dei som bur der. Ei klassisk konflikt mellom sentrum og periferi har bygd seg opp. Det heile kulminerte med eit forslag om Vestlandet som eige land 1 Verda sett frå Vestlandet sin hovudstad har dermed vore relativt interessant denne sommaren. Eg fekk mellom anna med meg ei reportasje frå syltetøyproduksjonen ved fabrikken til A/S Røra i Nord-Trøndelag, fylket som viste seg å ligge på botnen når det gjeld produksjon av verdiar her i landet. For korleis skal eigentleg pengeflyttarane ved hovudkontoret til Orkla i Oslo få pengane sine dersom ingen produserer syltetøy i Trøndelag7 Det er forskjell på realøkonomi og finans.økonomi, og statistikken underkjenner etter mitt syn det komplekse samspelet mellom dei ulike aktørane som alle er med på å produsere verdiar i det norske samfunnet. Etter å ha lete meg underhalde av mange meir eller mindre friske utspel om dei over omtalte sakene, i ein fire veker lang og herleg avslappande ferie, er eg no i full sving att på legesenteret, med travle dagar, kraftig regnver og eit drag av haust i lufta. Eg har dessutan reflektert meir enn vanleg over kompleksiteten i min eigen kvardag. Statistikk er utgangspunkt for mange av dei medisinske avgjerslene eg må ta kvar einaste dag. I denne samanheng har eg tenkt litt på det som vert kalla «complexity ba sed medicine». Når eg opplever stor kompleksitet, kan eg ofte føle stor frustrasjon, men forenkling til lineær årsak-verknad tenking er heller ikkje alltid tilfredsstillande. Er det då slik at alt er like gyldig, at alt heng saman med alt7 Skal vi slutte å tru på resultatet av dobbelt-blinda randomiserte studiar fordi alt er så komplekst at det ikkje kan plasserast i ein slik kontekst7 Motsetnaden er vel reduksjonisme7 Kompleksitet er definert som ein av fire moglege tilstandar i eit system, der dei andre tre er stillstand, orden og kaos. I lys av dette interesserer feltet psykonevroimmunologi meg meir og meir. Kropp, sjel og livsvilkår heng saman, dette har vi etter kvart god dokumentasjon på. Etter nokre år i klinisk praksis, har eg fått ein større innsikt i forhold til å sjå mønstre i folk sine liv og korleis det påverkar helse og funksjon, dette kan vere vanskeleg å angripe i den terapeutiske relasjon, der ein i ein travel kvardag ofte kan føle seg freista til å søke enkle svar på komplekse problemstillingar. Det heile kokar kanskje ned til korleis skal ein klare å integrere kompleksitet i dei daglege vurderingane og avgjerslene, som helst skal vere så kunnskapsbaserte som mogleg. Er det dette ein kallar legekunst7 Er det då slik at monstermaster i Hardanger vil påverka helsa til folk i Ulvik og Norheimsund i negativ retning7 Eller er det heller slik at kampånd og motstand retta mot ein felles fiende verkar styrkande på både immunforsvar og psykisk helse7 Eg trur kanskje mest på det siste 1 Utposten tar ikkje stilling til sjølve saka, men håper at våre lesarar både i sentrum og periferien vil finne noko å glede seg over i nok eit nummer av bladet vårt. Lisbeth Hom/ang UTPOSTEN 1R . 5 • 2010

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf